Helsetilsynet startar tilsynssak mot privat helseaktør med millionomsetning

7 hours ago 5



Det er sunnmøringar som står bak den private aktøren Austad Diagnostikk, som har 14 avdelingar over heile landet. For nokre tusenlappar kan kven som helst få helsesjekk med ultralydundersøking av heile kroppen.

No har Statens helsetilsyn bestemt seg for å starte tilsyn.

Målet er å sjå om verksemda arbeider i tråd med lovverket.

Helsetilsynet har opna ei tilsynssak og planlegg å føre tilsyn med Austad Diagnostikk. Det er for tidleg i seie noko utover dette no, seier avdelingsdirektør Anne Myhr til NRK.

Anne Myhr, avdelingsdirektør Statens helsetilsyn

Avdelingsdirektør Anne Myhr i Statens helsetilsyn.

Foto: Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn gjer mange tilsyn kvart år. Dersom det blir avdekt feil og manglar, kan det resultere i pålegg, bøter, eller i verste fall stenging av verksemder som driv i strid med lova. Verksemder og enkeltpersonar kan også bli melde til politiet.

Helsetilsynet har tidlegare uttalt til NRK at firmaet driv ein praksis som er unyttig og uetisk – og at dei er svært kritiske til at friske personar blir undersøkte med ultralyd utan at dei har plagar, symptom eller sjukdom.

Austad Diagnostikk avviser kritikken og viser til verdien av førebygging og tidleg diagnostikk for å redde liv og spare samfunnet for utgifter. Les heile kommentaren lenger nede.

en gate med bygninger på hver side der Austad Diagnostikk holder til

Austad Diagnostikk har avdelingar i Ålesund og 13 andre stader i landet.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Legeforeininga applauderer gransking

Legeforeininga har vore svært kritisk mot tilbodet i fleire år. I 2019 bad Rådet for legeetikk i legeforeininga om at verksemda slutta å tilby ultralydundersøkingar.

Svein Aarseth er leiar i rådet. Han synest det er bra at selskapet no blir granska, og viser til at ein har avgrensa med helseressursar i Noreg.

– Det er ei type tenester som vi klarer oss svært godt utan. Det er å bruke mykje ressursar på friske menneske, seier han.

– No er det eit svært populært tilbod, det er tusenvis av kundar som gjerne betalar, kvifor skal det offentlege blande seg inn i den verksemda?

– Sjølv om det er enkeltpersonar som betalar for det, vil det belaste offentlege ressursar. Skal eg vere ærleg, så synest eg at desse røntgenlegane kunne bruke tida til noko meir fornuftig, seier han.

Svein Aarseth er leder for rådet for legeetikk i legeforeningen.

Svein Aarseth er leiar for Rådet for legeetikk i legeforeininga.

Foto: Ola Hana / NRK

Har bedt om gransking i lang tid

Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde har i fleire år vore kritisk til selskapet og har fleire gonger bedt om at det blir starta gransking.

Han meiner forretningsmodellen til firmaet fører til eit unødvendig press på det offentlege helsevesenet om å følgje opp mange ufarlege funn.

Han er fornøgd med at Statens helsetilsyn no vil granske verksemda.

– Det er viktig for å sikre at slike verksemder ikkje medfører ei belastning på den offentlege helsetenesta, og at oppfølgingsansvar for dei funn som dei gjer ikkje blir overlate til fastlegar eller sjukehusa, seier han.

Cato Innerdal

Kommuneoverlege Cato Innerdal har i lang tid vore skeptisk til aktiviteten til Austad Diagnostikk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Omsetning på 64 millionar i fjor

Austad Diagnostikk opna nyleg praksis også i Kristiansand, dermed er det 14 avdelingar i landet – i tillegg til ei i England.

Medisinsk ansvarleg Gunnar Austad har tidlegare uttalt at dei ikkje har nøyaktige tal på kor mange tusen pasientar dei årleg tek mot til helsesjekk. I 2017 var det oppgitt til å vere 10.000. Rekneskapstala viser at selskapet hadde ei omsetning på 64 millionar kroner i 2023, nesten ei dobling frå 2021.

Gunnar Austad, som er medisinsk ansvarleg for Austad Diagnostikk, vil ikkje stille til intervju, men har sendt ein kommentar på e-post.

Det store fleirtalet av pasientar som kjem til oss har ei eller fleire plager dei ønskjer avklart. I tillegg er treffsikkerheita ved diagnostikken vi utfører tilsvarande som ved eksempelvis mammografiprogrammet og tarmscreeningprogrammet. På toppen av dette betalar pasientane sjølv for tenestene. Samla sett er det difor rimeleg å tru at tenestene vi leverer er svært kostnadseffektive, skriv han.

Portrettbilde med ultralydapparat i bakgrunnen.

Gunnar Austad er medisinsk ansvarleg for Austad Diagnostikk.

Foto: Espen Bierud / NRK

Publisert 21.05.2025, kl. 16.35

Read Entire Article