– Eg tenkte på det på førehand: Viss eg mjølkar Barnekreftforeningen her, så sprutar eg i alle fall mjølka rett tilbake på dei.
Det seier influensar Leah Steen Klæboe.
Ho la ut ein video på TikTok der ho sa at ho ville gje 1 krone for kvar nye følgar ho fekk til Barnekreftforeningen.
Det enda med at ho donerte 3865 kroner og fekk like mange nye følgarar – noko som får fleire til å reagere.
– Til sjuande og sist går det pengar til ei god sak er det Barnekreftforeningen som får pengar, seier ho sjølv.
– Ein vinn-vinn-situasjon
Det å få fleire følgarar kan bety at ein potensielt tener meir pengar på sosiale medium.
– Så du kapitaliserer på å seie at du vil gjere noko godt?
– Til sjuande og sist går det til ei god sak. Det set lys på ei viktig sak. Eg synest det er ein vinn-vinn-situasjon, svarar Klæboe.
Ho såg sitt snitt til å både få fleire følgarar, samstundes som ho støtta ei god sak.
– Eg forstod at dette kunne gå viralt. For heldigvis er folk engasjerte og vil bidra. Så eg tenkte at når det gjaldt følgarar ville eg få ein sum eg faktisk kunne få til å donere.
Leah Steen Klæboe meiner både ho og Barnekreftforeningen vinnar av at ho får fleire følgarar og at foreininga får fleire pengar.
Foto: Privat– Det blir veldig feil
– Ho kunne ha donert den summen utan å få følgarar.
Det seier Pernille Solheim Andersen til Klæboe under ein debatt i Dagsnytt 18.
Andersen er også influensar, men kritiserer dei som ber om både følgarar for å skulle donere pengar til Barnekreftforeningen.
– Ein burde ville donere pengar utan å få noko for det.
Pernille Solheim Andresen har over 140.000 følgarar på TikTok.
Foto: privat– Det er forskjell på likarklikk og følgarar. Følgarar hjelper oss med å bygge ein større profil. Så det betyr at når me ber folk om å følge oss for å støtte ein så viktig sak, skal me ha noko for å bidra til Barnekreftforeningen. Og det synest eg blir veldig feil, seier Andresen.
Men Klæboe synest kritikken er for streng.
– Ein må alltid gjere det heilt perfekt.
– Eg har fått tilbakemeldingar etter at eg la ut videoen på at fleire har blitt påminna saka og ønska å donere. Så eg ser ikkje kven som taper på denne situasjonen, legg Klæboe til.
Pernille Solheim Andresen, også kjent som @nullfilteryolo og @adhdenergy_, held «Temu haul» på TikTok. Det vil si ein innkjøpsvideo der ho viser kva ho har kjøpt på Temu. Pernille synest det er feil å handle på Temu, men greier ikkje la vere. Erle Marie Hox, også kjent som @marysling på TikTok. Ho synest «temu hauls» er fråtsing og bidrar til overforbruk. «Ketta», søstera til Pernille synest det er korttenkt av Pernille å handle på Temu.
Kan ikkje styre kva enkelte vel å legge ut
Barnekreftforeningen fortel at årets innsamlingsaksjon enda på 17,1 millionar kroner – gjennom markeringa «FotballtrøyeFredag».
Det er ei auke på om lag 8 millionar kroner frå året før.
– Pengane vil gå til livsviktig forsking på barnekreft. Me er overvelda og takksame over at så mange ønsker å vere med på laget i kampen mot barnekreft.
Det seier generalsekretær Trine Nicolaysen.
Ho fortel at engasjementet på sosiale medium er årsaka til at markeringa har blitt så stor.
– Barnekreftforeningen legg til rette for engasjement i sosiale medium ved å gjere kampanjebilete, videoar og forslag til posttekstar tilgjengelege for dei som vil bruke det.
– Utover det kan me ikkje styre kva den enkelte vel å poste i sine kanalar, legg Nicolaysen til.
Fekk 60.000 likarklikk – donerte 2000 kroner
– Eg ville donere litt pengar til Barnekreftforeningen, men var usikker på kva sum. Så då tenkte eg at eg ville la TikTok velje det.
Det seier Maria Dammyr. Ho er student og har om lag 8700 følgarar på TikTok.
Kva synest du om å be om likarklikk og følgarar for å skulle donere pengar?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ho la ut ein video der ho sa at ho ville gje 1 krone for kvart likarklikk ho fekk. Videoen fekk over 60.000 likarklikk, men Dammyr donerte berre 2000 kroner.
– Eg såg ikkje for meg at det skulle få så mange likarklikk. Eg hadde berre råd til å donere 2000 kroner, seier studenten.
Maria Dammyr er masterstudent på NTNU i Trondheim.
Foto: PrivatI teksten under videoen skreiv Dammyr at ho kom til å donere opp til ein studentvennleg sum.
Andresen som er kritisk til trenden har forståing for at Dammyr ikkje donerte heile summen.
– Eg skjønar at 60.000 kroner ikkje er studentvenleg, seier Andersen.
Publisert 21.05.2025, kl. 22.47