Innbrotet skjedde i huset til 30-åringen i Frankrike.
TV 2 har fått bekrefta innbrotet av ein representant for Hegerberg i agentfirmaet A & V Sports.
– Dessverre opplevde Ada eit innbrot i heimen sin fredag kveld, og ho måtte handtere dette langt utover natta. Det er ikkje slik ein ønsker å bruke kvelden før ein finale i Meisterligaen.
– Til sjuande og sist får vi aldri vite kva innverknad dette hadde på henne, men slik er livet, fortel A & V Sports-representanten til TV 2.
Hegerberg har så langt ikkje kommentert saka sjølv.
Historisk kamp
Laurdag kveld spelte Hegerbergs Lyon mot Barcelona i meisterligafinalen på Ullevaal i Oslo. Der vann det spanske storlaget 4–0.
For første gang i historia var Ullevaal stadion utselt til ein kvinnekamp.
Ada Stolsmo Hegerberg og Caroline Graham Hansen møttest i finalekampen.
Foto: APHegerberg var med frå start og spelte det meste av kampen. Like før slutt blei ho bytta ut.
– Tøft. Veldig tøft resultat. Det er unødvendig at vi slepp inn så mange. Vi heng med i store deler, men vi klarer ikkje å utnytte bakrommet. Det er tøft no, sa Hegerberg etter kampen.
Hegerberg (30) er tidenes toppscorar i Meisterligaen for kvinner, og stod med 69 fulltreffarar for Lyon før laurdagens finale.
Fann sporingseining
Men oppladinga til kampen blei nok ikkje optimal.
Den franske storavisa L’Équipe melder at Hegerberg blei sjokkert då ho fekk vite at heimen hennar i Lyon hadde blitt utsett for eit innbrot.
Ifølge avisa skal Hegerberg også ha funne ei sporingseining på bilen sin to veker før innbrotet.
Hendinga blei ifølge avisa politimeld.
Om sporingseininga hadde noko med innbrotet å gjere er førebels ikkje kjent.
Hegerberg og fotballpresident Lise Klaveness.
Foto: Bernadett Szabo / REUTERS,NTBHegerberg er ikkje den einaste fotballprofilen som har opplevd innbrot.
Nyleg fortalde landslagsspelar Aron Dønnum at tjuvar har raida heimen hans i Frankrike to gonger.
Til NRK fortel han at tjuvane må ha overvaka han heile tida, sidan innbrota skjedde kort tid etter at han forlèt bustaden.
– Dei har openbert stått og følgt med på oss. Det er veldig ekkelt, fortel han.
Publisert 24.05.2026, kl. 15.27











English (US)