Hatt lappen i 30 år – måtte vise at han kunne køyre ny bil

1 month ago 28



Sjå for deg at du har kjøpt deg ein ny bil, ganske lik den førre.

Korleis ville du reagert om du måtte bevise på nytt at du kunne køyre den?

Det måtte nemleg Per Eugen Kristiansen.

Ein mann med langt hår sit ved kjøkkenbordet med ei hand kvilande på bordet.

Per har køyrd bil med dei same tilpassingane i nesten 30 år, fortel han.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Dei kravde at eg skulle levere ein helseattest og vise at eg kunne køyre bilen.

Det seier Per, som sit i rullestol. Kravet kom i eit brev frå Statens vegvesen, etter at han kjøpte seg ny bil i fjor haust.

Det trass i at utstyret i den nye bilen er heilt likt som i den gamle.

– Det overraska meg. Det stod mellom anna i brevet at dei ikkje kunne sjå at eg hadde vist at eg kunne bruke den slags utstyr. Men eg hadde altså køyrd opp med dette utstyret i 1995, fortel Per.

Ein mann med langt hår og briller sit i førarsetet i ein raud bil med ei hand på rattet.

Rattkula gjer det enklare å styre, spesielt på tronge plassar, fortel Per. Her held han på handgassen og – bremsen, som gjer at han kan køyre bilen med hendene.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Heilt sidan ei klatreulukke i 1994, har han vore rullestolbrukar. Førarkortet tok han på nytt etter ulukka. Sidan da har Per hatt ombygd bil med tilpassa utstyr.

Heime på Bekkestua i Bærum står det no ein blank og raud Volkswagen. Bilen er ny, men inni er utstyret altså likt som før.

Det er ei kule på rattet og handstyrt gass og brems.

– Eg må ha nokre små tilpassingar i bilen for å gjere han tilgjengeleg for meg. No har eg køyrd med det same utstyret i snart 30 år, fortel Per.

Frå innsida av ein bil ser ein rattet med ei rattkule på og ein handstyrt gass og brems.
Frå innsida av ein bil ser ein rattet med ei rattkule, og ein håndstyrt gass og brems.

Utstyret i den gamle og den nye bilen er heilt likt, viser Per. Ei kule på rattet og ein spak som styrer gass og brems.

FOTO: Helene Hjelseth Holen / NRK

Sidan Per sit i rullestol, oppfyller han ikkje helsekravet til vanleg førarkort. Men sidan han likevel kan køyre bil med riktig utstyr, har han dispensasjon, eller eit unntak, frå dette kravet.

Det gjer at førarkortet hans er merka med såkalla førarkortkodar.

Dei fungerer som ein form for vilkår for at ein får lov til å køyre bil. Da må ein alltid køyre med utstyr som samsvarar med kodane.

Tid og pengar

Sjølv om Per no har fått oppdatert førarkortet sitt slik at han kan køyre også den nye bilen, sit han igjen med ei kjensle av urettferd.

Han har meldt Statens vegvesen til Diskrimineringsnemnda.

Per reagerer mellom anna på at prosessen har kosta han mykje, trass i at sjølve køyrevurderinga er gratis.

– Med den tida eg har måtta ta meg fri frå jobb nærmar nok beløpet seg 10.000 kroner, anslår han.

Kvinne med kort hår som sitter i rullestol

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik.

Foto: Erik Lundby

Forbundsleiar i Noregs Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, seier at Per ikkje er åleine.

Ho fortel at fleire tek kontakt med forbundet i slike saker, og at diskriminering kan opplevast krevjande.

– Mange opplever det frustrerande, nedverdigande og som unødvendig bruk av tid og energi. Det er ikkje ei god kjensle for nokon, seier Brandvik.

Per fortel at han har vore mykje frustrert og irritert over saka.

Ein mann i rullestol setter seg inn i ein bil, sett gjennom passasjerruta på bilen.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Eg følte at dette kravet kom einsidig til meg som rullestolbrukar, og ikkje til andre folk som skaffar seg ny bil. Det har jo kravd tid og utgifter for meg som ikkje ville blitt kravd om eg var funksjonsfrisk, seier Per.

Handlar om tryggleik

Per måtte også møte opp til ei køyrevurdering. Her køyrer ein saman med ein sensor som skal vurdere om ein handterer utstyret i bilen på ein trafikksikker og god måte.

Per reagerer på måten denne blei utført på.

– Sensoren såg på meg, såg på bilen. Vi køyrde 100 meter, og så var vi ferdige, fortel han.

Portrettbilde av kvinne med langt hår framfor ein kvit vegg.

Jurist i Statens vegvesen, Cathrine Håheim.

Foto: Cathrine Håheim

Cathrine Håheim, jurist i Statens vegvesen, seier at sensor i nokre tilfelle kan oppdage at ein til dømes bør gjere justeringar med utstyret for at føraren skal køyre meir trafikksikkert.

– Vi skal jo ikkje vurdere den trafikale kompetansen på nytt. Og vi har forståing for at det i nokre tilfelle kan verke totalt unødvendig. Det er vanskeleg å seie i forkant kva tilfelle det var nødvendig for og ikkje, seier Håheim.

Ho peiker også på den raske utviklinga i køyretøy og teknologi som gjer at tilsynelatande likt utstyr kan bli ulikt å handtere for føraren.

Ein mann med langt hår sit ved eit vindu og kikar ut.

– Eg følar dette kravet kom einsidig til meg som rullestolbrukar, seier Per.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Per meiner det ikkje skulle vore nødvendig at han vart tatt inn til ein slik sjekk berre fordi han kjøpte seg ny bil.

– Dei må få til ein automatikk slik at dei ikkje bryr folk som allereie kan ha auka utfordringar i kvardagen. Statens vegvesen burde ikkje gjere det vanskelegare for folk med funksjonshemmingar å delta i samfunnet, seier han.

Hei!

Har du tankar om eller innspel til saken du har lest, eller tips til andre saker eg bør sjå på?

Skriv gjerne til meg!

Publisert 11.08.2024, kl. 14.05

Read Entire Article