Hatkommentarar etter AUF-leiaren sitt boikottforslag: «Historieløs drittsekk»

6 days ago 15



Israel har i fleire tiår brote folkeretten gjennom å okkupere Vestbredden. Det er også drepen over 50.000 menneske på Gaza dei siste to åra.

Det seier AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø. Han ønsker ein fullskala boikott av Israel.

Det er så alvorleg at AUF meiner det må få ein konsekvens.

Men forslaget om boikott av israelske varer har ført til hatkommentarar mot både AUF og Skjervø personleg.

«Mannen er en historieløs dritsekk»

«Mannen er en historieløs dritsekk», «Nazistenes løpegutter» og «Farlige folk. Gale».

Hatkommentarane rann inn etter at Skjervø deltok på Politisk kvarter i forkant av Ap sitt landsmøte.

Eg toler både sakleg og usakleg kritikk som politikar. Det må eg tole. Men det er veldig synd at det handlar om meg som person og ikkje politikken eg står for.

Eg blir ikkje skremt av det personleg.

Det seier Skjervø som overlevde terroren på Utøya 22. juli 2011.

Men no får han fleire kommentarar om at han «har sikkert glemt 22. juli», «sist de holdt på slik, fikk de en smell» og «22. juli kan komma at!».

Det har historisk fått konsekvensar, og eg åtvarar mot å la det hatet sleppe fritt til på Facebook, seier leiaren om kommentarane.

Får motstand frå partileiinga

På landsmøtet til Arbeidarpartiet er politikarane splitta om Israel-boikott.

Etter det NRK forstår jobbar partiet fredag med å få til eit kompromiss som heile landsmøtet kan einast om.

AUF og fylkeslaga i Oslo, Trøndelag og Vestland vil at Noreg skal boikotte israelske varer.

– Ein einsidig norsk boikott av israelske varer vil stride med etablert politikk, skriv sentralstyret i Ap til forslaget.

For partileiinga trur ikkje boikott er den rette vegen å gå.

– Eg trur boikott er eit dårleg verkemiddel.

Det seier statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre til VG.

Men Skjervø meiner Noreg må gå føre i boikott av Israel.

Noreg gjekk føre i boikott av apartheid i Sør-Afrika, eg meiner det er naturleg at me går føre også i boikottinga av folkerettsbrota i Israel.

Bør Noreg boikotte Israel?

Sjølv om dei ikkje vil boikotte seier regjeringa at Noreg skal tydeleg markere seg mot både krigføringa og brotet på folkeretten.

Generelt opplev me ei brei støtte til regjeringa si linje om solidaritet med Palestina. Ei prinsippfast haldning til folkeretten og det viktige arbeidet me gjer med å skape konkrete skritt mot en tostatsløysing.

Det seier utanriksminister Espen Barth Eide. Han påpeiker at det kjem til å vere mange diskusjonar om Israel si krigføring på Gaza.

Situasjonen engasjerer mange, og dette er det første landsmøtet sidan krigen på Gaza starta.

Inviterer til ein sivilisert debatt

Trass i hatkommentarar er AUF-leiaren open for debatt om boikott og andre saker som engasjerer.

Eg vil oppmode alle dei som er ueinig med meg til å ta debatten på ein sivilisert måte.

Sjølv om partileiinga er ueinige med AUF om boikott tar dei sterk avstand til hatkommentarane mot ungdomspartiet og Skjervø.

Slike hatkommentarar er totalt uakseptable, seier utanriksministeren.

Barth Eide påpeiker at toleranse for meiningsmotstandarane er ein kjerneverdi i demokratiet vårt.

– Det er svært viktig at me ikkje drar den polariseringa me ser der ute i verda, heim til Noreg.

AUF-leiaren er bekymra for at polariseringa og hatkommentarar gjer at folk ikkje torer å seie meininga si i offentlegheita.

Me kan ikkje kome dit at ein blir møtt med den typen hat berre ein er ueinig.

Publisert 04.04.2025, kl. 15.18

Read Entire Article