Før var det ofte nok å oppgi namn til resepsjonisten for å få eit hotellopphald i Noreg.
No strammar dei fleste hotellkjedene inn på rutinane i Noreg. Hotellgjester må no vise gyldig ID. Det har ikkje vore rutine før.
–Tykkjer du det er rart at ein må vise ID, når ein sjekke inn på hotell i Noreg no?
– Det er kanskje litt rart, me har ikkje vore vande til det før, men me venner oss til det og, seier Nina Smith, som er på gjennomreise til Lofoten for å familie.
Nina Smith er tykkjer det er litt rart at ein no må vise ID ved innsjekk på hotell.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKDenne gongen blir det ikkje hotellopphald i Bodø for Nina og reisefølgje. Men ho er godt vand med å vise ID i utlandet og positiv til å vise ID ved innsjekk i Noreg også.
– Så lenge eg blir informert om det i forkant så er det heilt greitt, seier ho.
Gjester kan bli nekta opphald framover
Tryggleikssjef, Ola Stavnsborg i Thon Hotels Gruppa, seier at det er fleire grunnar til at dei innfører dei nye rutinane.
Frå 10. juni i år må du vise gyldig ID når du skal sjekke in hos Thon hotell.
– I fyrste omgang vil me vere litt mjuke i kantane, men etter kvart kan du ende opp med å bli nekte å bu her, om du ikkje viser identifikasjon, seier tryggleikssjef, i OlavThon gruppa.
– Me har vore litt for positivt naive i Noreg, men no strammar me litt inn, seier tryggleikssjef, Stavnsborg.
Foto: Privat– Eg tenkjer det er litt dumt, om hotella blir for strenge. Eg håper dei er litt mjuke i kantane ei stund til, meiner Smith.
Tryggleikssjefen argumenterer for at tiltaka vil betre den generelle tryggleiken til hotellgjestene og vil gi betre beredskap om noko skulle skje.
Stavnsborg opplyser i tillegg om at utlendingføreskrifta pålegg alle som driv hotell eller tilbyr overnatting å ha opplysningar om utanlandske gjester. Dette har vore tilfelle i fleire år.
Tryggleikssjef i Thon hotels, argumenterer for at tiltaka vil betre den generelle tryggleiken til hotellgjestene og vil gi betre beredskap om noko skulle skje.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Det er ofte vanskeleg å skilje mellom norske og utanlandske statsborgarar derfor vil desse tiltaka vere enklare å forhalde seg til, meiner Stavnsborg.
Vidare meiner han at dette kan føre til at det vert mindre kriminell aktivitet på hotella og at dei har lagt seg på same linje som dei fleste andre store norske hotellkjedene.
Vanleg i resten av verda
– Vi har vore litt for positivt naive i Noreg, men no strammar me litt inn, seier Stavnsborg i Thon.
Sarah Rowan, med familien frå USA er på ferie i Noreg, dei skal vidare til København, ho tykkjer det er rart at dei norske hotella ikkje har hatt ID-kontroll for innsjekk før no.
– Du må kunne vise at du er den du seier at du er, seier Sarah Rowan, på besøk i Bodø.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Eg har alltid måtte vise legitimasjon når eg skal bu på hotell, eg tykkjer det er ganske normalt og fornuftig.
– Kvifor er det fornuftig?
– Du må kunne vise at du er den du seier at du er, svarer Rowan.
Ikkje opplevd det problematisk
Hotellkjeda Scandic skriv på sine heimesider at: «frå 24. Mars 2025 må du vise gyldig ID-kort med bilde (f.eks. bankkort, førarkort, pass) ved innsjekk på våre hotell».
Frå mars i år må du vise ID ved innsjekk. Dei fleste hotell i Noreg har no innført dette.
Foto: Benjamin Fredriksen / Ola HelnesScandic seier at dei gjere dette for å sikre tryggleiken for både tilsette og gjester.
– Me registrer ikkje opplysingar for nordmenn, men kontrollerer ID ved innsjekk for å sikre oss om at personen som har bestilt opphald er den som sjekkar inn, seier rådgjevar i Scandic, Suzanne Bettum.
Hotellgjestene som ikkje er folkeregistrert i Noreg må fylle ut eit registreringskort. Dei destruerer opplysingane etter tre månader, opplyser Scandic om.
Eit sikt ID-kort kan du brukt til å legitimere deg neste gong du sjekkar inn på eit hotell.
Foto: Heiko Junge / NTBDatatilsynet: – Må lagrast sikkert
– Behandling av personopplysningar er lovleg dersom behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein rettsleg forpliktar. Lovverket inneheld krav for overnattingsstader til å føre ein liste over gjester, samt gjennomføre ein ID-kontroll og notere enkelte opplysningar frå relevant legitimasjon eller reisedokument.
Det seier Anders Sæve Obrestad, Juridisk spesialrådgivar i Datatilsynet.
Men sjølv om hotella lovleg kan innhente informasjon, er det ikkje alt dei kan krevje.
– Det er likevel viktig at det ikkje hente inn meir opplysningar enn det som er nødvendig for å oppfylle pliktene i lovverket, og at opplysningane heller ikkje lagrast lengre enn nødvendig. Opplysningane som registreres må også lagrast tilstrekkeleg sikkert.
Det er hotellkjeda Strawberry oppteken av, at dei følgje myndigheitene sine krav og GDPR-lover.
– ID-sjekk er eit av fleire tiltak me har for å skape trygge hotell- og gjesteopplevinga, dette opplyser me om i våre bookingvilkår. Me har ikkje opplevd at det har vore problematisk for gjestene våre, seier pressekontakt i Strawberry, Trude H. Laberg.
Publisert 03.07.2025, kl. 16.02