Har venta i sju år: – Kjem til å bli den beste dagen i mitt liv

1 month ago 26



– Kanskje eg er litt naiv, men eg ser så sinnssjukt fram til det. Det kjem til å bli ein av dei beste dagane i mitt liv når ho endeleg flyttar inn og vi kan vere masse saman. Vi har jo venta i sju år på dette, så eg gler meg veldig, seier den tyske landslagsspelaren Rune Dahmke.

Dei norske handballjentene er klare for sin niande semifinale i OL-samanheng.

Det etter at dei smadra Brasil 32-15 i kvartfinalen på storslåtte Stade Pierre-Mauroy i Lille.

Stine Bredal Oftedal fekk mykje kvile i kampen mot Brasil, og om eit par dagar blir det meir kvile for den norske kapteinen då ho legg handballskoa på hylla etter OL.

Noreg møter Danmark i semifinalen torsdag klokka 16.30.

– Det er litt rart at ho skal slutta

I fjor tok ho og Rune Dahmke (31) forholdet eit steg vidare, då dei forlova seg.

Til dagleg spelar 31-åringen handball for den tyske klubben Kiel saman med landslagsspelar Harald Reinkind.

Rune Dahmke

SAMBUAR: Rune Dahmke gler seg til at Stine Bredal Oftedal flyttar inn til han etter OL.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

Og sjølv om Dahmke gler seg til alt er over, så rosar han 32-åringen sin innsats på bana i OL og gjennom ein lang karriere.

– Ho er jo fysisk veldig god framleis og kan spele på det høgste nivået. Så det er litt rart når du ser ho og forstå at ho skal slutte, men eg trur for framtida hennar er det beste valet og eg er veldig glad for at ho igjen ofrar mykje for forholdet vårt.

Har vunne det meste

OL i Paris blir Stine Bredal Oftedal siste som aktiv handballspelar. Tidlegare i sommar avslutta ho klubbkarrieren med å vinne meisterligaen med Györ, der ho har spelt sidan 2017.

CORRECTION Paris Olympics Handball

METT: Stine Bredal Oftedal har vunne det meste som aktiv handballspelar.

Foto: Aaron Favila / AP

– Eg gleder meg veldig til det. Eg føler meg mett og ferdig med veldig, veldig mykje, avslørar Oftedal ovanfor NRK.

Den norske kapteinen har spelt på det norske landslaget sidan 2010. Det har resultert i gull i VM 2011, EM 2014, VM 2015, EM 2020, EM 2016, VM 2021 og EM 2022.

I 2019 var ho kåra til verdas beste kvinnelege handballspelar.

– Eg tur berre at over veldig mange år så har eg vore frisk, heldig og motivert. Alt har lege veldig til rette for at eg har kunne spele absolutt alt og gjere alt eg har drøymt og håpa på. Det er eg utruleg takknemleg for.

I lenge tid har ho kjent på at nok er nok og ho har trengt ein pause.

– Eg har lyst til å vere nærmare mine aller nærmaste. Presset og det jaget, det føler eg meg mett på.

Hylla av lagvenninnene

For lagvenninne blir det tøft å sjå at deira kaptein ikkje skal bli med til vinterens EM-meisterskap.

 Finale, Frankrike - Norge (31-28)

TETT: Camilla Herrem og Stine Bredal Oftedal har spelt på landslaget saman i 14 år.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Eg føler at nesten kvar gang ein skal snakke om dette, så blir man litt sånn rørt. Det er veldig rart, fortel Camilla Herrem.

Ho har spelt med Bredal Oftedal på landslaget i 14 år.

Det er ganske lenge å vere på same lag. Så ein har jo blitt veldig, veldig gode vener og ho er ei ekstremt god venninne som ein snakkar mykje med utanom handball og sånn òg. Så det blir jo veldig vemodig.

Ho får støtte av Nora Mørk.

Samtidig er veldig mange av oss førebudd på det. Det er ei tid for alt. Men det er klart, det kan både bli emosjonelt og tøft, seier Nora Mørk.

På same tid hyllar dei 32-åringen for innsatsen ho har lagt ned på det norske landslaget.

Det er ein spelar som berre har vakse meir og meir i rolla og no har vore kaptein i mange år og med god grunn. Ho har vore med å flytte mykje. Spesielt angrepsmessig, men også ein leiar som vi kjem til å sakne.

Stine er absolutt ein person som eg har mykje respekt for. Både som ein spelar på banen, men òg ikkje minst som den personen ho er. Eg trur det er veldig mange som kjem til å merke skilnaden ved at ho er vekke. Så det blir rart, seier Herrem.

Sander Sagosen, som er gift med søstera til Stine Bredal Oftedal, trur svigerinna kjem til å takle overgangen til det sivile livet bra.

 Hovedrunde Tyskland - Norge (26 - 28)

FAMILIE: Sander Sagosen og Rune Dahmke er ikkje berre gode vener på bana. Sagosen er også gift med søstera til Stine Bredal Oftedal.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det er verken eg eller nokon andre stressa for. Ho er gjennomsyra profesjonell, men sjølvsagt kjem det til å bli spesielt for ho. Men ho har stått i så mykje og vore med og opplevd så mykje at ho kjem til å vere profesjonell til siste sekund.

Ny kvardag

For det blir ein ny kvardag når OL-flammen i Paris neste helg sløkkast. Kva framtida bringar har Bredal Oftedal førebels ikkje bestemt seg for.

Så eg prøver å vere på tilbodssida og sjå om det er nokon som vil ha meg ein eller annan stad.

Ho utelukkar likevel at det blir aktuelt å bli handballtrenar.

Kanskje ikkje trenar. Det er jo den livsstilen eg gleder meg litt til. Å ikkje reise og bu der eg vil, dei tinga der. Så ikkje det.

Den framtidige ektemannen kan likevel avsløre ein ting om sin nye sambuar.

SLOVENIA - NORGE (16-32)

DEBUTANT: Ein ung Stine Bredal Oftedal debuterte på det norske landslaget i 2010.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Ho er veldig god på å lage middag, men no er ho veldig god på omtrent alt, så eg er ikkje overraska over det. Eg veit ikkje kva favorittretten er, men vi liker å lage mykje god mat saman og nyte eit glas med vin, og då er det ikkje like viktig kva som er på tallerken.

Men før det ventar framleis fleire OL-kampar for den norske kapteinen. For sjølv om ho har vunne nesten alt i karrieren, så manglar det gjævaste av alt.

Nemleg gull i OL for Noreg.

Det er dette eine store målet som står der og som har stått der no i veldig lang tid.

Publisert 06.08.2024, kl. 22.53 Oppdatert 06.08.2024, kl. 22.57

Read Entire Article