Onsdag tok høgsterett i Storbritannia stilling til spørsmålet: Kva er ei kvinne?
Dei har konkludert med at i likestillingslova frå 2010 refererer ordet «kvinne» berre til dei som var kvinne ved fødsel, og ikkje transkvinner med offisiell status som kvinne.
Mange år med hard debatt
Avgjersla i den britiske høgsteretten i dag tek utgangspunkt i ein debatt som har rast i Skottland dei siste åra. Den har primært vore mellom den skotske regjeringa og kvinnegruppa For Women Scotland.
Den skotske regjeringa har meint at folk som har endra juridisk kjønn, altså transkvinner, også kan bruke tenester som skal verne kvinner. Transkvinner i Storbritannia kan få eit bevis (GRC) som stadfestar at dei har eit anna kjønn enn ved fødsel.
Kvinnegruppa For Women Scotland meiner at å gje transkvinner tilgang til tenester for kvinner utgjer ein trugsel for biologiske kvinner.
I dag fekk dei medhald i retten.
– Retten har einstemmig bestemt at ordet «kvinne» og «kjønn» refererer til biologisk kvinne og biologisk kjønn i likestillingslova frå 2010, seier Lord Hodge.
Like etter bryt det ut jubel frå kvinnegruppa For Women Scotland som har venta spent utanfor.
Mistar tilgang til tenester for kvinner
Avgjersla betyr at transkvinner ikkje får tilgang til tenester reservert for kvinner. Dette kan til dømes vere å sone ei straff i eit kvinnefengsel, få tilgang til toalett for kvinner, tilgang til kvinneavdeling på sjukehus eller tilgang til tilfluktsrom ved overgrep i heimen.
No er desse tenestene reservert for dei som er født kvinner og gjeld for heile Storbritannnia.
Dommarane understrekar likevel at avgjersla i dag ikkje er ein seier for éi side over den andre og at lova framleis vernar transpersonar mot diskriminering.
Debatten om transkvinner har rast i Storbritannia i fleire år. Mellom anna har Harry Potter-forfattaren, J. K. Rowling, blitt boikotta etter at ho involverte seg i debatten.
Publisert 16.04.2025, kl. 12.19 Oppdatert 16.04.2025, kl. 12.27