Har starta leiteaksjon etter mann i 70-åra

1 month ago 13



Mannen la ut på tur tidlegare i veka og skulle gå frå Vindølbuhytta og mot Trollheimshytta i Trollheimen.

Fredag morgon tok han sjølv kontakt med naudetatane for å be om hjelp.

– Han var i kontakt med naudetatane, men samtalen blei brote, seier Tor André Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Sidan har politiet ikkje kome i kontakt med mannen.

Ifølge politiet starta mannen turen på tysdag og skulle vere framme i dag.

Han var kledd og førebudd på ein lang tur.

– Vi kjem til å leite frå der han skulle starte dagens tur, seier Gram Franck.

Mannen skulle gå frå Vindølbuhytta og mot Trollheimshytta i Trollheimen

Mange deltek i søket

Politi og ein rekke frivillige deltek i søket etter mannen.

Røde Kors i Møre og Romsdal og Trøndelag deltek i søket. I tillegg deltek Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder, ambulansehelikopter og politihelikopter.

– Vi kjem til å søke både med folk og hund. Vi vurderer også å bruke båt. Planen er å leite frå begge retningar, seier Anders Magne Ormset, innsatsleiar på staden.

Publisert 30.08.2024, kl. 11.28 Oppdatert 30.08.2024, kl. 11.56

Read Entire Article