Har matplanen klar etter skrekkbilda: Trur ingen vil vite kva dei åt

4 hours ago 2



– Det var ganske brutalt, seier Emil Iversen i forkant av dei kommande vinterleikane i Italia.

Han har sett seg ned med NRK for å dele OL-minner, og langrennsløparen kjem kjapt inn på maten under leikane i Beijing,

– Kva vi åt der, det trur eg det ikkje er nokon som veit, og det trur eg ingen vil vite heller, utdjupar han, og fortset:

– Ein sat i nokre korona-båsar og prøvde å svelge ned maten der med litt vatn på sida.

Vinter-OL i Beijing blei arrangert under koronapandemien, og utøvarane var skilde med pleksiglas i matsalen. Verken omstenda eller sjølve maten gav meirsmak for Iversen.

– Alt vil vere ein bonus med å komme til Italia.

Bildet viser en innandørs setting der fleire personar er delt opp av plastskillevegger. Fleire personar sit ved bord og ser ut til å vere i aktivitet, mens noen er kledd i sportsklær. Det er skarpt lys som skaper kontrastar og skygger i rommet. Omgivelsene kan indikere et arrangement eller en samling, muligens knyttet til sport. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
OL-utøvarar sit og et med munnbind, åtskilt av pleksiglas

MATSAL: Det var god avstand mellom utøvarane i OL-leiren

Foto: NTB

– Glad eg ikkje skal tilbake

Matkritikken byrja å hagle tidleg i meisterskapet, og allereie under opningshelga tok Noreg eit drastisk grep og sende nødproviant til Kina. Den internasjonale olympiske komiteen tok sjølvkritikk og lova betring, men det forhindra ikkje store stjerner frå å slite med matforgifting den siste dagen av meisterskapet.

Johannes Høsflot Klæbo var éin av dei.

– Det er mitt verste OL-minne, seier han om natta før femmila.

– Eg sov ikkje eit sekund den natta, gjekk i skytteltrafikk tur-retur doen, og det kom begge vegar. Når du veit at du skal ut og gå fem mil på ski dagen etter, da kjenner du ikkje deg veldig høg i hatten, seier han i forkant av årets OL.

– Kva hugsar du best frå førre OL?

– Eg har mykje minne derfrå, men dei er ikkje berre gode, dei minna. Det var mykje covid, og all den testinga vi heldt på med og at vi sat i sånne matboksar med pleksiglas mellom kvar person. Eg er glad eg ikkje skal tilbake dit på OL med det første, i alle fall. Det er eg glad for.

Johannes Høsflot Klæbo og Emil Iversen koser seg med godteri under Tour de Ski

MATPAUSE: Iversen og Klæbo nyt litt godteri under Tour de Ski. Det var ikkje like høg hyggefaktor under OL i Beijing.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sender tørrvarer frå Noreg

Svenske langrennsløparar var tydelege på at maten var eit problem, Therese Johaug prøvde å halde seg til rundstykke med pålegg tatt med heimanfrå, og skiskyttar Valerija Vasnetsova rasa ned i vekt.

Olympiatoppen er likevel ikkje bekymra for at maten skal by på hovud- eller magebry under OL i Milano Cortina.

Team Tokyo OL 2020

HAR PLANEN KLAR: Halvor Lea.

Foto: NTB

– Nå bur mange lag på kjende hotell, der matopplegget er utprøvd og også blir følgt opp av Olympiatoppen, opplyser kommunikasjonsansvarleg Halvor Lea.

Han er klar på at Beijing hadde ein annan mat- og bakteriekultur enn utøvarane var vande med frå Europa, og han trekkjer fram at alle budde i OL-landsbyen på grunn av koronapandemien.

Nå blir utøvarane spreidde mellom OL-leir og hotell, og dei som bur i leir, vil bli møtte av kjend europeisk mat.

– I tillegg til matopplegg på hotell og i leir, sender Olympiatoppen tørrvarer til dei ulike bustadene, fortel Lea.

Publisert 02.02.2026, kl. 05.20

Read Entire Article