Då Nike la ut ein video med Erling Braut Haaland torsdag førre veke, fekk heile landet sjå dei nye landslagsdraktene litt tidlegare enn planlagt.
For Noregs Fotballforbund (NFF), som skulle presentere draktene i dag, kom lekkasje uventa og debatten tok fyr med det same.
Reaksjonane var blanda. Nokon meiner førstedrakta er tradisjonell og stilig. Andre meiner ho var rett og slett skuffande. Den svarte bortedrakta fekk alt frå slakt til hyllest.
Dei nye landslagsdraktene er no på plass i sportsbutikkane.
Christopher Isachsen Sandøy / NRKMen det mange kanskje ikkje har registrert, er at det «skjuler» seg eit mønster inni dei blå stripene på brystet til førstedrakta.
Ei historisk detalj som knyter VM-drakta til ei stavkyrkje i Luster.
BT omtalte saka først.
– Heilt fantastisk
Fortidsminneforeininga, som eig Urnes stavkyrkje, visste ingenting om at ornamentikken til kyrkja skulle brukast i draktdesignet.
Men generalsekretær Ola Fjeldheim legg ikkje skjul på at han er begeistra.
– Det er heilt fantastisk! Kjempegøy. Det er flott og ikonisk ornamentikk, og at den blir brukt til å pynte ei landslagsdrakt er veldig fint, seier han.
Urnes er Noregs første verdsarvinnskriving, og ornamentikken kjenneteiknast av stilisert dyr i kamp, samanfletta med tynne trådforma ormar.
Mønsteret i det mørkeblå korset er henta frå mønsteret ved portalen til Urnes stavkyrkje i Sogn.
Foto: NRKFjeldheim meiner mønsteret gjev drakta ein historisk signatur.
– Det er kjekt at norsk kulturarv får vere med på ei internasjonal arena, sjølv om det største fokuset kjem nok til på Haaland og det han gjer med ballen.
Felleseige
At Fortidsminneforeningen ikkje var involvert i prosessen, ser ikkje ut til å vere eit stort problem.
– Vi har ikkje vore i kontakt med verken NFF eller Nike om dette. Det kom som ei overrasking. Men ornamentikken tilhøyrer fellesskapet. Den har vore brukt på pass, myntar og setlar. Så det er berre hyggeleg at den blir brukt og aktivert.
Stavkyrkja er dekorert med Urnesstilen, som har opphav frå 1000-talet til 1100-talet.
Foto: NRKRiksantikvar Hanna Geiran synest også det er stas at Urnes-stilen blir løfta fram på landslagsdrakta.
– Eg blir kjempeglad av å sjå eitt av våre flotte verdsarvstadar representert. Den fantastiske og vakre Urnes-stilen gjer seg veldig på drakta, fortel ho.
Urnes stavkyrkje blei bygd på 1130-talet. Kyrkja ligg i Luster kommune i Sogn og den har stått på Unescos verdsarvliste sidan 1979.
Blanda reaksjonar – men stas i Sogn
I Gaupne, berre ein kort køyretur frå Urnes stavkyrkje, produserer NTP Avery Dennison trykket som er på draktene.
Dagleg leiar Mikkel Frodahl har samarbeida tett med både NFF og Nike. Han meiner Urnes-detaljen er ekstra kul for sogningar.
– For oss som er frå eller bur i Sogn er det grådig stas. Det er ein stoltheit at drakta har inspirasjon frå Urnes. Det trur eg folk her synest er litt ekstra gøy.
Publisert 23.03.2026, kl. 17.35









English (US)