Se bilder av ødeleggelsen:
Ryddejobben er massiv etter at kraftig uvêr råka Hardanger.
Publisert 16.12.2024 15:40
På det meste var over 20 vegar stengde på Vestlandet etter det veldige uvêret søndag kveld.
Det førte til at bygdebyen Odda og Eidfjord var isolerte på føremiddagen måndag.
Etter kvart kunne vegane sør og nord for Odda opne, sett bort ifrå riksveg 13 langs austsida av Sørfjorden.
Der har jord, stein og tre kome ned fleire stader.
Dronevurdering
– Som de kan sjå så ryddar vi opp her og får fjerna masse. Men så er det jo eitt skred til som må ryddast, seier geolog Jens Tveit til TV 2.
Vi møter han i nærleiken av Vindhammartunnelen på riksveg 13, der det også har gått eit steinras. Mellom anna ein brannbil var innesperra i den tunnelen tidlegare i dag.
Geologen brukar drone i arbeidet sitt for å vurdere faren for nye ras.
– Aller helst skulle eg ha brukt helikopter i dag, men det var det ikkje vêr til.
Bileta han har tatt kan du sjå her:
Venta i timevis
Vi møter også på den polske trailersjåføren Piotr Gryz, som køyrer for Lazpol.
Han skulle til Odda i natt. No har han stått og venta på at vegen skal opna heilt sidan klokka 07.00 i dag tidleg.
Gryz har 15 års erfaring på norske vegar.
– Noreg er vakkert. Eg likar å køyre her, eigentleg. Men eg har aldri opplevd liknande her, seier Gryz til TV 2.
Etter lossing i Odda, skal han vidare til Oslo.