I Kina bur det 1,4 milliardar menneske. Likevel slit dei med lave fødselstal og ein seig økonomisk vekst.
I eit forsøk på å snu dette, innfører kinesiske myndigheiter ein moms på prevensjonsmiddel på 13 prosent frå nyttår.
Frå eittbarnspolitikk til barnemangel
Lenge har kinesiske myndigheiter streva med å regulere befolkninga.
Då FN fyrst starta å loggføre befolkningstal på 1950, var Kina det mest befolka landet i verda.
I 1979 kom eittbornspolitikken. I teorien kunne alle par berre få eitt born, sjølv om det var fleire unnatak for etniske minoritetar og foreldrepar der begge var eineborn.
Under ein kampanje for merksemd rundt HIV/AIDS i 2010 fekk folk i Fuzhou-provinsen sør i Kina utdelt gratis kondom.
Foto: STRINGER SHANGHAI / Reuters / NTBKinesiske myndigheiter meiner sjølv at dei har hindra 400 millionar fødslar gjennom denne politikken.
Så kom tobornspolitikken i 2015.
I 2021 kunne alle få tre born.
Likevel har ikkje Kina sett den «fødelsboomen» ein hadde håpa på.
Sjølv om nyhenda har fått mykje internasjonal merksemd sidan kunngjeringa, har det ikkje fått noko særleg merksemd i statlege kinesiske medium.
I 2023 blei India det mest folkerike landet, og passerte Kina i befolkningstal. Det blei eit teikn på eit veksande problem om ei minkande befolkning i Kina.
Eldrebølge
Dyre barnehagar og dyr utdanning får også noko av skulda for at unge par ikkje ynskjer å etablere familie. For dei som ynskjer familie, er ofte eitt born dyrt nok i ei tid der jobbmarknaden er trang og økonomien er seig.
Mange unge slit med å få seg arbeid i Kina.
I august tidlegare i år stod rekordmange unge utan jobb, heile 18,9 prosent i alderen 16 til 24, viser dei offisielle tala frå kinesiske myndigheiter.
Samstundes veks den aldrande befolkninga i landet. Kvart år døyr det fleire enn det blir fødde.
300 millionar kinesarar kjem til å forlate arbeidslivet dei neste åra. Korleis eldreomsorga skal gå opp er eit spørsmål som gjev myndigheitene eit stadig større hovudbry.
Ekspert åtvarar
– Auka prisar kan redusere tilgangen til prevensjon blant grupper som er dårleg stilte økonomisk.
Det seier Qian Cai, direktør i amerikanske Demographics Research Group ved University of Virginia til nyhendebyrået AP.
I tillegg til prevensjon, vernar kondom mot kjønnssjukdomar. Bilete er frå ein kampanje mot AIDS i Shanghai i 2006.
Foto: ReutersI tillegg til å verne mot graviditet, vernar kondom også mot kjønnssjukdomar.
Interessert i å følge med på det som skjer elles i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her:
Publisert 12.12.2025, kl. 10.29 Oppdatert 12.12.2025, kl. 10.52

















English (US)