I ein pressemelding fredag viser gruppeleiar i Raudt Bergen, Mailiss Solheim Åkerblom, til nyheitssaker om fryktkultur og varsling i Bergensavisene.
Førre veke fortalte hovudverneombod May Britt Kindem til BT at kommunen krevde innsyn i hennar kommunikasjon med avisa om ei varslingssak.
– Me kan ikkje forstå dette som noko anna enn ei gjengjelding mot den som har varsla, seier Åkerblom til NRK.
Ho meiner kravet om å utlevere dialogen i kommunen øydelegger verneombodsfunksjonen.
– Hvis verneombudet ikkje kan gjere jobben sin utan å vere redd for å få krav frå kommunen om å utlevere informasjon om det ein jobbar med, då har ein eit stort problem.
Mistillitsforslaget vil bli fremma neste veke, og skal stemmast over i bystyremøte i januar.
Mailiss Solheim-Åkerblom, gruppeleiar Raudt Bergen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKTredje mistillitsforslaget i haust
Dette er det tredje mistillitsforslaget mot ein bergensbyråd i haust.
Først fekk Charlotte Spurkeland, byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald, opposisjonen mot seg på grunn av for lite utbetalt bustøtte i år.
Mistillitsforslaget blei nedstemt 19. november, men ho fekk kritikk av støttepartiet Bergenslisten.
Same dag blei det fremja eit andre mistillitsforslag mot Spurkeland, denne gang på grunn av ei sak der informasjon om barn knytt til krisesenter blei publisert på kommunens nettside. Den saka skal opp i bystyret 17. desember.
Publisert 12.12.2025, kl. 10.44 Oppdatert 12.12.2025, kl. 10.59















English (US)