- Hanna Skjåkødegård (41) mislukkast med å redde den vidaregåande skulen i Lom, men etablerte ein ny skule kort tid etter nedleggelsen.
- Skjåkødegård, ein forskar med bakgrunn i barnehelse, brukte sin faglege kompetanse til å kritisere fylkeskommunen sitt grunnlag for nedlegging.
- Familien hennar har nyleg flytta fra Bergen til Skjåk, der dei no ventar på å bygge sin eigen bustad.
Hanna Skjåkødegård (41) er forskar. Ho kan eigentleg mest om spiseforstyrringar og alvorleg overvekt hjå barn og unge.
Men dei siste åra har ho jobba nesten like mykje med den landskjende skulesaka i Lom.
Først for å redde den nedleggingstrua, vidaregåande skulen.
Då det ikkje gjekk, sette ho i gong med å etablere ein ny vgs på same stad med heile lokalsamfunnet i ryggen.
Det lukkast. Med berre ein sommarferie mellom nedlagt og ny skule. Truleg ein slags norsk rekord.
Kritisk
Folk trur kanskje det var lokalpatriotisme og heimlengt som fekk Skjåkødegård til å kaste seg inn i skulekampen.
Nei, ikkje heilt korrigerar ho.
– Det var nok heller bakgrunnen min som forskar med doktorgrad. Eg har lange økter bak meg med handtering av mykje datamateriale. Eg fekk raskt ei kritisk haldning til saksgrunnlaget frå fylkeskommunen for å legge ned den vidaregåande skulen i Lom. Mykje av det hang ikkje på greip, seier ho til VG.
Ho gjekk ut i lokale media og fortalde dette seint og tidleg. Ho lurte mellom anna på kvifor dei lokale skulestyresmaktene spurde hybelbuarar først seint i skuleåret om korleis dei takla hybeltilværet.
Kva med dei elevane som hadde droppa ut? Og kva med framskrivingane av elevtal? Dette talet ville jo ikkje gå ned i lokalmiljøet - slik fylkeskommunen forskutterte.
– Men du hadde kjensler for skulen?
– Ja, definitivt. Og så visste eg jo kor høg kvalitet den hadde. Med gode resultat på skulemiljø, karakterar og elevutvikling. Me var stolte av vgs i Lom, seier Skjåkødegård.
Ho var elev der sjølv i tre år i den formande alderen mellom 16 og 19.
Hektisk
- Hanna Skjåkødegård (41) sine ulike rollar og jobbar:
- 30 prosent postdoktorstilling ved Rådgivning om Spiseforstyrrelser (ROS).
- 30 prosent stilling som forskar ved ROS - frå «Smiu» kontorfellesskap i Skjåk.
- Styreleiar og skuleutviklar Jotunheimen vgs. i Lom i Innlandet.
- Heimflytta tobarnsmor for Frida (6) og Maria (3).
- Gift med lærar Vetle Gjeilo (36) frå Lom.
Men doktorgradsforskaren og skulegrynderen var ikkje noko typisk skulelys sjølv. I alle høve ikkje i grunnskulen.
Vesle Hanna sleit med dysleksi. Ho skreiv fra høgre mot venstre. Og var ei urokråke i klassen.
– Eg vart send rimeleg ofte ut på gangen. Var nok eit støymoment i klassen. Men det var harmlaust frå mi side. Eg var likevel blant dei som konstant sat med hånda i veret - sjølv om eg var frykteleg sein med å lære meg å skrive.
Les også: Reodor (12) får skulen han ønska seg
«Heldigvis» hadde ho foreldre som ikkje lot hysteriet gripe seg. Dei sa at dette går bra. Sjølv om skriving av stilar periodevis var ei pine for unge Hanna.
– For lesefarten var det ingenting å seie på. Men Hanna var ein del frustrert for at det gjekk så tregt med skrivinga. Ho fekk lov til å bruke PC og datahjelpemidlar for dyslektikarar. Då losna det.
Då vart det etterkvart mindre uro, sjeldnare besøk på rektor sitt kontor og færre merknader i meldingsboka også. Og så har ho den eigenskapen at ho hugsar veldig godt. Litt slik klisterhjerne. Berre ikkje heilt i det siste.
Ho trur det har noko med å gjere at hovudet er for fullt.
– Det har eg faktisk ikkje opplevd før. Eg som har hugsa alt. Og kunne seie i venninnegjengen at då og då skjedde det og det. I det siste har eg mista litt av denne eigenskapen.
Dei første studiane var fysioterapi i Oslo, der fekk ho ein fekk kjærast som flytta til Bergen. Hanna flytta etter, og fekk jobb på barne- og ungdomsklinikken på Haukeland sykehus, på poliklinikk for overvekt.
– Då fatta eg interesse for det feltet.
Skjåkødegård overdriv ikkje. Ho gjekk så djupt inn i feltet at det vart master på NTNU i Trondheim, doktorgrad og jobb.
Men familien og mannen Vetle, som er lærar, skulle heim til Skjåk og Lom. Og då var ein vidaregåande skule i nærleiken nærmast ein føresetnad.
No bur ho saman med familien i ein kommunal ventebustad i Skjåk for 10.000 kroner i månaden. Kva dei ventar på? Jau, dei skal bygge huset på tomta dei fekk i bryllaupsgåve av Hanna sine foreldre.
Ho viser VG tomta. Nokre seier det er den flottaste tomta i bygda.
Bygdefest
Mannen hennar og faren til dei to barna hennar, Vetle, kjem frå Lom. Dei møttest på ein bygdefest i Lom ein sommar begge eigentleg budde utanbygds.
Hanna skal jobbe på heimekontor, og pendle til Bergen nokre dagar annankvar månad. Vetle har fått seg fast jobb på Skjåk barne- og ungdomsskule.
Han er stolt av kona - og det dei har fått til med ny vgs og engasjement og truleg meir tilflytting. Han meiner kjensler er eit viktig stikkord for å beskrive Hanna.
– Ho er jo ganske emosjonell. Blir fort engasjert i ting, både i stort og smått.Så det er ikkje overraskande for meg at ho fyrer seg opp. Men klart eg er imponert over kva ho og Sondre Bøye har fått til. Måten dei angrip enorme oppgåver på - smittar over på både meg og andre rundt også, seier ektemannen Vetle.
Vatn
Dei har blitt glade i Bergen og livet i den kompakte byen der vest.
Men frå regn, våte gater og enno våtare ungar er det ein fin kontrast å kome heim til Lom og Skjåk, to av Norges mest nedbørfattige stader.
Får dei lyst på vatn, kostar det to hundrelappar for ein familie på fire å bade i Skjåkbadet. I Bergen kostar noko tilsvarande fleire gonger so mykje.
Og så kjenner dei så mange her. På ein gard borti lia kan dei få ri på ein ekte dølahest. På nabogarden kan dei kjøpe upasteurisert mjølk og fløyte på glasflasker.
– Men det er ikkje for stille og kjedeleg for deg her i bygdene?
– Der må eg arrestere deg. Det kan verke roleg når du kjem køyrande hit midt på vinteren. Men det føregår so mange ting her at du anar det ikkje. Dottera mi må kanskje kutte ned på noko, sidan ho er med på både dans, ski, turn og symjing, ramsar Hanna opp.
Nærleik
– Her kjenner alle kvarandre. Eller i det minste veit kven alle er. Og det er korte avstandar til ting. Då blir det så lett å delta, svarar Hanna.
Tre politikar-toppar om Hanna
- – Ho har vore ein krumtapp og har gått i spissen for å reise heile Ottadalen si samla kraft med så stor styrke at det har gjeve gjenlyd og gjennomslag heilt inn i Stortinget og regjeringa. (Bjørnar Moxnes, Raudt)
- – Møtte Hanna første gong i eit møte her på Stortinget. Det skein i gjennom med ein gong at denne dama veit kva ho driv med. Ho kunne skulesaka i Lom ut og inn. Mange skular rundt omkring i landet står i denne skvisen. Det er ein som har fått nasjonal merksemd. Det handlar om Hanna. (Simen Velle, Frp)
- – Hanna er imponereande! Hennar blanding av kunnskap og enorme pågangsmot var avgjerande for at me no har ein skule i Lom. Ho gjorde kampen i Lom til å bli symbolet på at ein ikkje skal undervurdere bygda og at det nyttar å kjempe. (Trygve Slagsvold Vedum, Sp)
Ho legg inn litt snikskryt om at Skjåk bibliotek vart kåra til Årets bibliotek i fjor. Og at det som fort kan bli ein av Norges flottaste og romslegaste barnehagar er under bygging.
Og der, inn i det enorme barnehagebygget - kjem kommuneoverlegen trakkande. Han kjenner Hanna veldig godt.
Han Sondre Bøye er rett nok kommunoverlege. Samstundes har han vore Hanna Skjåkødegård si høgre hand for å starte ein ny vidaregåande skule etter at den offentlege skulen vart nedlagt med knappast mogeleg fleirtal i oktober 2024.
Folkeviljen
– Politikken gjekk mot folkeviljen. Det vart så unisont. Så det var det greit å hekte seg på, innleiar Bøye om korleis dette arbeidet for å redde gamle-skulen og starte nye-skulen oppsto.
Som kommunelege møter han mykje folk. Men Hanna er noko for seg sjølv, meiner han.
– Ho er ei veldig uvanleg kraft, rett og slett. Gjennomføringsevna hennar er svært uvanleg. Og ho er ekstremt uredd. Det er en ganske uvanleg kombinasjon. Ho finst ikkje redd for å stikke seg fram og seie at dette meiner ho er heilt feil, og at dette stemmer ikkje, skildrar Bøye.
aNei, eg er og blir eit bymenneske som treng mangfald innan jobbar, kulturtilbod, butikkar og serveringsstader.bJa, eg kunne tenkje meg det. cBur på bygda allereie. Stortrivast.
– Noko ho kan bli betre på?
– Med eit slikt kraftig engasjement, så ligg det jo alltid eit potensial der for at her og der vil ein måtte trakke folk på tærne. Ho kunne kanskje ha vore meir diplomatisk anlagt. Men hadde ho gått stille i dørene heile tida, så hadde det neppe blitt nokon ny og offentleg godkjend vidaregåande skule i Lom, svarar kommuneoverlege, skuleaksjonist og småbarnspappa Sondre.
Elevane
Kva så med dei denne saka eigentleg gjeld, elevane?
VG køyrer etter Hanna Skjåkødegård i hennar kraftige diesel-BMW. Turen går ned til eit anleggsområde i Lom som elevane på Bygg- og anleggsteknikk får trene på - med hjullastarar og gravemaskiner.
Nyleg fekk ho vite at 82 elevar har søkt seg til vg1 på Jotunheimen vgs til hausten. Det er eit høgt tal på ein ny skule i eit distrikt med begrensa folkesetnad. Den offentlege «konkurrenten», Nord-Gudbrandsdal vgs på Otta, fekk 322 søkarar, ein liten nedgang på 21 søkarar.
Skjåkødegård meiner tala syner at det er plass til begge skulane.
Lars Vange (17) frå Skjåk meistrar fleire tonn tunge anleggsmaskiner som jamaldringar meistrar Playstation. Han har lagt merke til jobben ho Hanna har gjort for å sikre Lom ein vgs også i framtida.
– Det er berre heilt fantastisk den innsatsen dei har lagt ned. Suverent, skryt Lars.
– Får du jobb etter skulen her?
– Ja, det er eg ganske sikker på.
Hanna Skjåkødegård gliser nøgd. Ho er anklaga for å stele elevar frå andre vidaregåande skular i Innlandet med den nye Jotunheimen vgs i Lom.
Oppført på 1100-talet, ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Noreg
– Stel du elevar og statsstøtte frå andre vidaregåande skular i Innlandet?
– Men elevane her vil jo ikkje gå på nokon annan vidaregåande skule. Dei går i Lom, dei vil gå i Lom. Eg meiner det burde ha vore plass til alle skulane, også dei som vart lagt ned. Denne saka har vist at det er ekstremt viktig for lokalsamfunn å ha nærskular innen rimeleg avstand frå der folk bur.
– Hadde du og familien flytta heim uansett?
– Då me vurderte å flytte og skulle ta det valget, så hadde eg ikkje flytta heim dersom eg ikkje hadde hatt noko på gang med den videregående skolen i Lom.

2 days ago
13



English (US)