I to år har det vore eit mysterium kven som blei funne i vasskanten på Buskøy i Solund i 2023.
Krimteknikarar, patologar, tannlegar og rettsgenetikarar leita etter fingeravtrykk, DNA-profil og tannopplysningar, men utan hell.
No er mannen identifisert som filippinaren og sjømannen Arnel Duhino. Han forsvann frå eit tankskip utanfor Skagen i Danmark i november 2022.
– Vi er glade og triste samtidig. No er han i Guds hender, seier enka til TV 2, som omtalte saka først.
Det var Åsted Noreg som identifiserte mannen.
– Det har hatt enorm betydning for familien at han er identifisert. Dei er enormt takknemleg og letta. De fått ei avslutning, seier Pernille Vegheim Dvergedal i Åsted Noreg.
«NN» sto det på kista til mannen. Det er kort for «Nomen nescio», eller direkte omsett: «Eg kjenner ikkje namnet».
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKBlei funnen i fjæresteinane
Historia startar i februar 2023 då éin av åtte fastbuande på Buskøy i havgapet utanfor Sognefjorden skal skifte fenderar på båten sin.
På veg ned i fjøra ser Harald Bontveit ei utstillingsdokke som har skylt i land.
Ved nærare ettersyn ser han kva det faktisk er.
Ikkje ei dokke, men ein verkeleg kropp, berre iført ein sokk og ein amulett.
Her blei den døde mannen i Solund funnen
Foto: PrivatPolitiet vart omgåande tilkalla, men kven mannen var blei eit mysterium.
– Vi er heilt opne, og har ingen indikasjon på kven dette kan vere, sa politistasjonssjef ved Nordhordland politistasjon, Kjell-Idar Vangberg fire dagar etter likfunnet.
Men no er mannen altså identifisert.
– Eg blir jo grunn minna på mannen kvar dag. Vi fann han på eit området der vi er kvar dag, seier Bontveit.
Harald Bontveit fann den døde mannen i Solund.
Foto: PrivatHan er glad for at saka er løyst.
– Åsted Noreg har gjort ein kjempejobb som har klart å løyse det. Det er veldig bra at dei som sakna mannen får vite kva som har skjedd.
Fann familien via Facebook
Etter at mannen blei funnen, har Åsted Noreg jobba systematisk og i tett samarbeid med politiet for å identifisere mannen.
Spora førte dei til Filippinane. Via ei Facebook-utlysing, kom dei i kontakt med det dei trudde var familien til den omkomne.
– Det var ein familien som sende eit bilde av ein amulett som likna veldig på den mannen hadde på seg, seier Dvergedal.
Bisetting av Arnel Duhino.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKEit av familiemedlemmene blei DNA-testa. Då DNA-et hadde treff på mannen som blei funnen på Vestlandet var dei sikre.
Dei hadde funne familien til den døde mannen i Solund.
– Det har vore ein stor påkjenning for familien å ikkje vite kor han var. De var både veldig lei seg og glad då dei fekk svar på DNA-testen.
Usikkert korleis mannen døydde
Korleis mannen hamna i vatnet er det likevel ingen som veit. Han blei sist sett klokka 17.30 den 28. november 2022. Morgonen etter var han ikkje til stades.
Obduksjonen kan heller ikkje forklare kvifor han døydde.
Fem personar møtte opp i bisettinga av mannen som blei funnen i Solund.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKOgså straffesaksansvarleg i Nordhordland politidistrikt er glad for at dei endeleg har identifisert mannen.
– Familien har fått eit svar på det dei har lurt på over tid.
Han understrekar at dei likevel ikkje kan seie noko rundt omstende til dødsfallet.
– Saka frå vår si side er per no lagt bort. Vi kjem ikkje til å etterforske saka vidare, med mindre det vil komme andre opplysning som tilseier å ta saka opp igjen.
Publisert 11.03.2025, kl. 13.17 Oppdatert 11.03.2025, kl. 13.20