Sist fredag hadde Tom-Erik Størksen og Stephanie Sund vore i byen med dottera og hennar bestemor.
På veg til bilen merka dei at noko ikkje var heilt rett med den 20 månadar gamle Aileén. Dei ringde legevakta, som bad dei gi henne Paracet og kvile.
I bilen på veg heim til Sotra sit Aileén og duppar. Mor Stephanie merkar plutseleg at dottera ristar.
Heile kroppen. Armar og bein i spenn. Veslejenta har eit tomt blikk festa langt framføre seg.
Jenta som vanlegvis er glad og sprudlande, svarer ikkje då mora roper namnet hennar.
20 månadar gamle Aileén hamna fredag på sjukehus etter at pust og puls stoppa i bilen på veg heim med foreldra.
Foto: PrivatHandlingslamma mor
Stephanie trur det er eit anfall.
– Stopp bilen! Ring ambulanse, roper ho.
Tom-Erik stoppar langs motorvegen med nødblink på. Ute på vegskuldra merkar bestemora at Aileén ikkje pustar lenger.
Ho skrik namnet til dottera. Det er tre år sidan ho mista bror sin. Ho tenker at ho ikkje kan miste fleire nå. Men ho er handlingslamma.
– Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg trudde vi skulle miste henne, fortel Stephanie.
Vidare hugsar ho ikkje mykje detaljar.
– Berre at eg skreik og skreik.
Stephanie Sund, Aileén, Tor Magne Johnsrud og Tom-Erik Størksen møttest att måndag, tre dagar etter den dramatiske hendinga på motorvegen.
Foto: Jacob Hægeland Blom / NRK– Ho pustar!
Då høyrer Stephanie ei stemme.
– Plutseleg seier nokon 'Legg henne ned!' Då riv eg av meg genseren og legg henne frå meg. Ho såg død ut. Det var ingen blikk. Berre heilt slapp. Eg klarte ikkje å sjå på henne.
– I neste augeblink høyrer eg berre 'Ho pustar, det går bra, det går bra.'
Det er redningsmannen Tor Magne Jonsrud som tryggar mor, far og bestemor.
Han og kona stoppa då dei såg bilen med nødblink. Han har gjort hjarte-lungeredning på den livlause jenta. På bakken ser Stephanie dottera ligge i stabilt sideleie. Jenta er slapp, men ho pustar igjen.
– Så drog dei meg bort til henne, seier ho.
Etter at Tor Magne Johnsrud gav henne hjarte/lungeredning fekk Aileén tilbake pust og puls før ambulansen kom til staden.
Foto: PrivatPå telefonen med ambulansen får ho vite at det beste nå er å løfte Aileén opp og trykke henne til brystet.
– Då løfta eg henne opp og tviheldt på henne.
Såg at dei trong hjelp
Tre dagar seinare møter NRK familien og Tor Magne Jonsrud på ein parkeringsplass like ved der dramatikken skjedde.
Familien tenkte at dei ville takke mannen skikkeleg. Problemet var berre at det fekk dei ikkje gjort det før han køyrde vidare.
Bestemor laga eit innlegg på Facebook som blei delt over 500 gonger. Til slutt fann dei han.
Nå får han klemmar, blomar og eit innramma brev med foto av Aileén og foreldra.
– Kona mi køyrde, eg sat på. Så såg vi bilen med nødblinken på, rett her borte. Då vi bremsa ned, såg vi at det var eit barn. Vi forstod det var eit eller anna alvorleg.
– Eg går ut. Dei ropar at ho ikkje pustar. Jenta ligg heilt livlaus. Det er ikkje nokon respons, ingenting.
– Eg har tenkt mykje på foreldra. Det må vere ganske overveldande når ditt eige barn ikkje pustar. Det er ein ganske uverkeleg situasjon, seier Johnsrud.
Foto: Jacob Hægeland Blom / NRK«På autopilot»
Som dei fleste, har han hatt litt opplæring i hjarte/lunge-redning opp gjennom livet.
– Eg klarer ikkje å seie kor mykje eg tenkte. Det gjekk litt sånn på autopilot, og alt skjedde fort. Eg kjente at jenta ikkje hadde puls. Sjekka at det ikkje låg eit eller anna i munnen, og så starta vi med kompresjonar med ein gong.
– Det er jo eit barn, men likevel la eg litt trykk på. For å prøve å sjå om det hjelpte. Og det gjorde det jo.
– Etter kvart kjente eg pusten, kjente pulsen. Magen kanskje spesielt. Små barn pustar gjerne med heile magen.
Den vesle jenta slutta å puste og foreldra stoppa i ei busslomme ved motorvegen mellom Bergen og Sotra.
Foto: Privat– Ikkje ver redd for å gjere feil
Han understrekar at det uansett er viktig å gjere noko i ein slik situasjon, og ikkje vere så redd for at ein gjer det heilt rett.
– Ikkje tenk at andre hjelper til. Gjer noko sjølv. Du får ikkje gjort noko gale, eigentleg. Om du ikkje kan alt, så kan du sikkert noko. Og det er betre enn ingenting.
– Eg gjorde sikkert ikkje alt «etter boka». Men så gjekk det bra.
Etter at ambulansen kom, sette redningsmannen seg i bilen og køyrde vidare.
– Vi kunne ikkje gjere noko meir då. Så då drog vi.
– Du gjorde meir enn nok! Vi set utruleg stor pris på det, seier barnefaren.
Tor Magne Johnsrud fekk blomar og takkebrev då han møtte familien att.
Foto: Jacob Hægeland Blom / NRK– Veldig mange køyrde forbi. Eg er evig takksam for at han stoppa og kom for å sjekke. Utan han trur eg oppriktig ikkje at ho hadde vore her nå, seier barnemora.
«Heilt tomt i hovudet»
Ho fortel at ho tidlegare har vore med i situasjonar med førstehjelp.
– Men då det gjaldt mitt eige barn, klarte eg ikkje å tenke nokon ting. Det vart heilt tomt oppi hovudet her.
Aileén sjølv er sprudlande blid, her på parkeringsplassen, men litt sjenert med alle folka rundt seg.
– Det går veldig bra med henne, faktisk. Nå er Aileén seg sjølv igjen, seier Stephanie.
Foto: Jacob Hægeland Blom / NRK– På laurdag var ho litt trøytt og sliten, men smilande og i full aktivitet. Det er godt å sjå. Men eg er sjølvsagt bekymra for at det kan skje igjen. Det står att å sjå når vi får greidd henne ut meir.
– Eg er glad
Redningsmannen sit igjen med ei god kjensle.
– Eg er glad for at eg stoppa, gjorde noko, tok eit initiativ og faktisk hjelpte til, og ikkje berre køyrde forbi.
– Han redda vårt vesle barn, og ho er den einaste vi har. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan henne. Så dette er veldig emosjonelt, seier Stephanie Sund.
Det vart eit kjensleladd møte på parkeringsplassen ved motorvegen.
Foto: Jacob Hægeland Blom / NRKPublisert 30.06.2025, kl. 21.53 Oppdatert 30.06.2025, kl. 22.37