Hackergruppe hevdar dei har stole informasjon frå Telia

3 days ago 2



Ei hackargruppe hevdar å sitte på 2,5 terabyte med personleg informasjon om kundar, finansielle dokument, intern korrespondanse, kontraktar og fakturaer frå Telia.

Som døme på den stolne informasjonen har dei lagt ut fem dokument:

  • bilete av to norske pass
  • ein avtale med eit burettslag
  • ein arbeidskontrakt med ein tilsett i Telia
  • ei liste som tilsynelatande viser fiberkundar

NRK har ikkje kunne stadfesta heilt sikkert at dokumenta er ekte.

Men informasjonen som kjem fram i dokumenta, ser ut til å vere riktig basert på søk i opne kjelder og samtalar med to omtala personar.

Eldre datasett lagt ut

Informasjonssjef i Telia Noreg, Daniel Barhom, stadfestar at eit eldre datasett frå tidlegare Get er lagt ut på det mørke nettet.

Sikkerheitsmiljøet deira held no på med å kartlegge innhaldet.

– Så langt kan me stadfeste at detaljert ID-informasjon til om lag ti dåverande privatkundar inngår i datasettet. Me varslar no dei råka og følger dei opp.

Han seier at førebelse undersøkingar viser at datasettet inneheld intern selskapsinformasjon, og ikkje sensitive personopplysningar.

– Me har rutinemessig varsla Datatilsynet og har tett dialog med relevante myndigheiter.

En mann i dress

Informasjonssjef i Telia Norge, Daniel Barhom, seier at dei følger situasjonen nøye.

Foto: Telia

Ny hackargruppe

Hackargruppa som påstår å stå bak tjuveriet, er ganske ny, ifølge tryggleiksselskapa BlackFog og Dragos.

Gruppa nyttar ofte kryptering av filar for å få offera til å betale løysepengar, ifølge BlackFog.

I nokre tilfelle stel dei òg informasjon for å presse offera sine ytterlegare.

– Åtaka deira framstår opportunistiske, med opphavleg tilgang knytt til phishing-aktivitet, stolen innloggingsinformasjon eller usikra tenester for fjerntilgang, skriv dei.

Publisert 09.02.2026, kl. 18.19 Oppdatert 09.02.2026, kl. 18.52

Read Entire Article