Uvêret i vest
Ullensvang er nok ein gong eit slags episenter for ras og skred når uvêret herjar på Vestlandet.
Publisert 16.12.2024 10:13 Sist oppdatert 13 minutter siden
– Oi, oi, oi, seier Gunnar Isachsen på telefon frå Odda i Ullensvang kommune.
Dagslyset avslører øydeleggingane i nabolaget hans etter det kraftige uvêret.
Fleire titals vegar er stengde etter kraftig nedbør på Vestlandet det siste døgnet. Fleire tusen er isolert i Odda og Eidfjord som følge av det.
Det skjer få veker etter at ekstremvêret «Jakob» gav Odda same skjebne.
Men i nabolaget til Isachsen er det vinden som har gitt mest skade denne gongen.
Garasjetak i husveggen
– Det var eit vanvitig bråk. Det var ikkje berre eit smell eller brak då det trefte. Det kom liksom sklidande langs husveggen, seier Isachsen om dramatikken.
Kraftige vindkast tok nemleg tak i eit eldre garasjetak kring 100 meter frå huset hans i Dalen i Odda.
Blikktaket har deretter tatt litt av ein svevetur før det trefte husveggen til Isachsen. Det var NRK som omtala blikktaket først.
– Det har flydd over huset som ligg mellom meg og garasjerekkja ved elva. I tillegg har det gått over bilen min før det trefte vårt hus. Det tok med seg skiferstein frå taket på nabohuset, så det ligg strødd her no.
Dette er status på veiene klokka 10.00
Stein Nestås, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest, forteller at det er rundt 25 veier som er stengt i Vestland og Rogaland mandag morgen.
– Det er stort sett Indre Hardanger, Eidfjord og Odda som er selve “senteret” for de hendelsene som er på gang nå. I Odda er de i praksis innestengt på grunn av stengte veier, sier han til TV 2.
Trafikkoperatøren har ikke oversikt over når de stengte veiene eventuelt kan åpne igjen.
– Det har akkurat blitt lyst, og vi har sendt ut geologer og entreprenører for å vurdere det som er stengt. Akkurat nå er vi i en avventende fase, sier Nestås.
– Skremmande
Søndag kveld våga han ikkje gå ut for å rydde. Han fekk heller ikkje opp ytterdøra, før dei fekk dytta taket litt vekk.
Måndag har han levert barna på skulen. Dei vart naturleg nok svært redde då blikktaket kom flygande i går kveld.
– Det var skremmande, seier Isachsen.
Til alt hell kom ingen til skade.
Lothepus lurte ras
Nære på var det også for evigaktuelle Leif Einar Lothe, eller «Lothepus» om du vil.
Han var av dei siste som køyrde frå Utne mot Odda før det gjekk ras på strekninga.
– Eg fekk ringt nokon som kom bak meg og sa dei måtte gi på, men dei vart akkurat for seine og rakk ikkje koma forbi før raset gjekk.
«Lothepus» seier det fort blir slik når mildvêr kjem og dei bratte fjellsidene er godt metta med nedbør frå før.
– Då bør ein ikkje køyre bil her. Vi har ingenting her å gjera eigentleg. Men elveløp på lagast større, slik at dei toler dei store vassmengdene som av og til kjem, meiner Lothepus.
I beredskap
Ullensvang kommune er i beredskap. Sist det var uvêr var Anne Gravdal (63) redd for at huset skulle bli tatt av vassmengdene.
Denne gongen var ho redd heile huset skulle «fyke vekk» grunna vinden.
– Det var heftig i går kveld. Regnet stod vassrett utanfor, seier Gravdal.
Både ho og ektemannen brukar måndagen på heimekontor. Alle vegane er jo stengde.
Røde Kors har sett inn båtar som skal hjelpe med å frakte eventuelle skadde og sjuke til sjukehuset i Odda.
– Dette er andre gang på kort tid at de blir råka av uvêr. Er det aktuelt å flytte?
– Nei, langt ifrå. Dette må vi tole. Det er folk som har det mykje verre enn oss, svarar Gravdal.