Ramma for sesonsopninga kunne ikkje blitt betre for Brann. Nærare 7000 supporterar strøymde til stadion i Bergen i solskin søndag.
Kampen enda 3-0, og det var liten tvil om kor poenga ville hamna.
– Det var utruleg kjekt. Godt å koma i gang, og gøy med siger foran så mange folk på stadion, seier Signe Gaupset.
Bergensarane skapte fleire store sjansar tidleg, sjølv om også gjestene frå Trondheim viste seg fram ved nokre raske overgangsmoglegheiter.
Etter 18 minutt sende Anna Aahjem heimelaget i leiinga. Aahjem er toppscorar for Brann, og forlenga nett kontrakten med klubben.
Anna Aahjem sikra Brann-leiing etter 18 minutt.
Foto: Paul Sigve Amundsen / NTBNysigneringa Isaksen med to mål
Ti minutt inn i andreomgangen scora nysigneringa Monica Isaksen sitt første mål. To minutt etter sikra ho det tredje målet til Brann.
– Det er viktig å koma i gang tidleg i sesongen. Det bidreg med sjølvtillit. For min eigen del, men også for laget. Og så køyrer me på vidare, seier 21-åringen frå Fjellhamar, som spelte for Stabæk i fjorårets sesong.
– Er Brann favoritt til å vinna seriegull?
– Det trur eg absolutt.
Brann-trenar Martin Ho er meir tilbakehalden med favorittstempelet, men er letta etter opningskampen.
– Det er slik me skal starta sesongen. Me starta ikkje bra i fjor, me veit det. I dag var det kvalitet, seier han.
Brann kunne jubla etter 3-0 i opningskampen.
Foto: Paul Sigve Amundsen / NTBNærare 7000 tilskodarar på første kamp
Det var seld nær 7000 billettar til kampen. I snitt hadde Brann Kvinner 2272 tilskodarar til kampane sine på Brann Stadion i fjor.
Brann kom på andreplass i Toppserien i fjor, heile 15 poeng bak Vålerenga. Rosenborg kom på tredjeplass, 12 poeng bak Brann.
Rosenborg-trenar Robin Shroot er klar på at sesongen knapt er i gang.
– Brann er eit veldig godt lag. Velorganisert, og med veldig gode spelarar. Eg trur likevel me viste glimt av vårt potensial. Berre ikkje konsistent nok i heile kampen.
Vålerenga vann heile 6-0 mot Kolbotn i første runde, og ligg på topp på tabellen.
Fleire tusen supporterar møtte opp på Brann stadion for å følgja sesonopninga mot Rosenborg.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKPublisert 23.03.2025, kl. 20.59 Oppdatert 23.03.2025, kl. 21.21