Gjer nynorsk meir lesarvenleg

1 month ago 35



 Fleire kjente har lagt nynorsken på hylla for lenge sida, skriver innleggsforfatteren. (Illustrasjonsfoto) Foto: Shutterstock, NTB

Om nynorsk skal ha framtidsutsikter, må det gjerast brukarvennleg nok til å ikkje bli valt vekk som kvardagsspråk.

Publisert: 23.07.2024 22:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Det hender eg sluttar å lese tekstar når eg innser at dei er på nynorsk. Ikkje fordi eg ikkje forstår, eller er nynorskmotstandar, men fordi det rett og slett blir for tungvint å lese - som ein humpete veg der ein stadig mistar farten.

Det viser seg å ikkje kun gjelde meg. 1 av 9 elevar på grunnskulen har nynorsk som hovudmål, og talet søkk kvart år. Kor mange vaksne som brukar nynorsk finnast ikkje statistikk på, men dersom ein av tre nynorskbrukarar går over til bokmål før dei fyller 20, er det ikkje mange att til slutt.

Det blir tusenvis som kvart år veljar vekk nynorsken fordi det er «enklare» å skrive bokmål. Dårleg meistring er rapportert som den vanlegaste grunnen til bytet. Ikkje rart, tenker eg, som har skrevet nynorsk heile livet, snakkar ein dialekt som ligg vesentleg tettare opp mot nynorsk enn bokmål, men like vel må bruke fleire minuttar på å slå opp alternativ fordi det ikkje er lov å skrive «synkande».

Kvifor nynorsk?

I april i år blei det debattert «Kvifor nynorsk?» i Debatten på NRK. Spynorsk mordliste blei brukt som bilde på faget mange elevar har lagt for hat. Det stemmer bra at det også for nynorskbrukarar (les: meg) gjerne blir eit par ekstra rundar i ordboka i formulering av jobbmail – for å unngå at bodskapet druknar i vanskelege ord.

Då orda blei repetert nok gongar, satt eg igjen med følelsen av at teksten vart like ujamn som ein middels dårleg vestlandsveg

Det mange opplever som lesarar av nynorsktekstar fekk eg kjenne som forfattar då eg for kort tid sida skreiv ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening. Auke, del og augeblikkeleg, ord det var vanskeleg å styre unna når eg nettopp skulle beskrive ein «økning» i «andel» om hjelp som må føregå «øyeblikkelig».

Sistnemnte skreiv eg i hermeteikn på bokmål, «øyeblikkelig hjelp» er så innarbeida at augeblikkeleg ikkje klang like bra i mine øyrer. «Andel» fann eg ut etter kvart at var innafor å skrive, trass gjentatte spørsmål frå både medforfattarar og redaksjonen. «Auke» måtte dessverre bli ståande. Auke i andel og aukinga av pasientar. Då orda blei repetert nok gongar, sat eg igjen med følelsen av at teksten vart like ujamn som ein middels dårleg vestlandsveg. Slik oppstykking av leseflyt eg sjølv irriterer meg over og klikkar meg vidare frå etter 2-3 setningar dersom dei dukkar opp i andres tekst.

«Eit tvinga inn på syn»

For å vise kva eg snakkar om. Eit par-tre ord i formuleringa av denne teksten som skapte hovudbry:

1. Synke

Antal nynorskbrukarar er «synkande» kvart år prøvde eg meg på nokre avsnitt over. Meir som; går ned, sigande eller søkkande.

2. Påtvunge

Påtvungen nynorsk, eller var den tvinge inn på?

3. Anså

«Ansåg» hadde jo vore fint. Men det blei rekna for. Alternativt sjå på, sjå på som eller verdsetje.

4. Betraktning

Ein «betraktning» kan ein ikkje komma med. Men eit syn, synsmåte, tanke eller vurdering er ikkje heilt det same – spør du meg.

Feil betydning

Tilbake til artikkelen. Ein setning i siste del var det som gjorde at eg følte teksten gjekk frå å vere humpete til å endre betydning dersom korrekt nynorsk-rettskriving blei brukt. Endra betydning, ny betydning, og kanskje til og med feil betydning.

Nøgd med at resten av teksten var høveleg forståeleg, trass enkelte småkneiker og bråe svingar, var eg villig til å godta eitt ord som ikkje var korrekt i samsvar med ordboka. Pragmatikaren i meg rekna det som viktigare å gjere seg forstått i formidlinga av forsking enn korrekt nynorskbruk. Det var for øvrig også eit godt innarbeida omgrep (les: begrep) både i fagmiljøet og befolkninga.

Etter redaksjonell korrekturlesing frå tidsskriftet blei ordet endra. Eg måtte lesa min eigen setning tre gonger før eg forstod innhaldet etter nokre dagars opphald frå korrekturlesing. «(…) primærhelsetenesta viser pasientar primært på dagtid». Viser pasientar… Viser? Viser dei behandling? Viser dei fram? Først blei eg paff over ein setning eg aldri har sett før, dukka opp midt i min eigen tekst. Deretter lurte eg på kvifor redaksjonen hadde tatt seg så grådig friheit til omskriving. Så skjønte eg at legen i primærhelsetenesta slett ikkje viser pasienten noko som helst, men «henviser» h*n til sjukehuset.

For tungvint

Det blir vanskelegare og vanskelegare å halde på nynorsken. Fleire kjente har lagt den på hylla for lenge sida. For uhandterleg. Tungvint. Med kjente meiner eg ikkje kjendisar, men «bekjente».

Argumentet mot er sjølvsagt utvasking av språket, for kva er poenget dersom det blir så likt bokmål at det likeså godt kunne vore det same. Alternativet er dessverre eit tvinga inn på (la det vera klart: «påtvunget» er her å føretrekke) skriftspråk som kun har til hensikt å gi dårleg karakter i sidemål og vere poesi i Jon Fosse-dikt.

Om Noreg skal ha to skriftspråk er ein anna debatt, men om nynorsk skal ha framtidsutsikter, må det gjerast brukarvennleg nok til å ikkje bli valt vekk som kvardagsspråk.

Read Entire Article