Giske har framleis tru på listeplass – Trondheim kan bli avgjerande

5 days ago 6



I dag la nominasjonskomiteen i Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag fram sitt forslag til valliste før stortingsvalet neste år.

I går blei det klart at åtte av ni medlemmar i komiteen ikkje ønsker Trond Giske på lista.

Sjølv er han likevel optimistisk når det kjem til å sikre seg plass på vallista.

– Til sjuande og sist er det medlemmane i Trøndelag Arbeidarparti som bestemmer, seier Giske.

– Giske er den siste eg tør avskrive

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, seier det no finst to moglegheiter for at Giske får ein plass på vallista.

– Han kan dukke opp som ein slags kompromisskandidat lenger ned på ei liste.

Tidlegare i dag tok vikarierande klima- og miljøminister Tore O. Sandvik til orde for at Giske burde få plass på tredjeplass på lista for å «samle laget».

– Eller så kan han satse på å vinne sjølve nominasjonsmøtet, seier Aglen.

Da må Giske samle eit fleirtal på fylkespartiet sitt nominasjonsmøte 30.november.

Trondheim Arbeidarparti kan bli avgjerande

Trondheim Arbeidarparti er det største kommunelaget i Trøndelag og står for 57 av dei 133 representantane som skal vedta vallista på nominasjonsmøtet.

– Korleis lokallaget i Trondheim stemmer og om dei kjem med bundne mandat eller ikkje, vil ha mykje å seie.

Nidaros demokratiske forum, der Giske er leiar, er ein del av Trondheim Arbeidarparti.

– Om Trondheim går saman for Giske eller om dei er delt vil vere avgjerande.

– I tillegg kjem det an på korleis resten av kommunelaga stemmer.

Dersom kommunelaget i Trondheim stemmer samla på Giske, treng han berre ti stemmer til for å ha fleirtal.

Aglen seier Giske truleg er i gang med å overtyde delegatar til nominasjonsmøtet 30.november.

– Giske er den siste personen eg tør avskrive, seier Aglen.

Pål Sture Nilsen og Trond Giske like før møtet starter i Trondheim Ap.

Pål Sture Nilsen var den einaste medlemmen i nominasjonskomiteen som ønska Giske på lista. Biletet er tatt ved ei anna anledning.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Klimaministeren ønsker Giske

Tidlegare fredag kasta Tore O. Sandvik seg inn i debatten. Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag og vikarierer no som klima- og miljøminister.

I eit innlegg på Facebook skriv Sandvik at regjeringsmakt framleis er innan rekkevidd for Arbeidarpartiet, men da må dei vinne minst tre mandat frå Sør-Trøndelag valkrins.

«Den sikraste måten å rote det bort på, er å vere meir oppteken av seg sjølv, enn kvardagen og framtida til dei vi ber om tillit frå», skriv han i innlegget.

Giske åpner Tranmælfestivalen

Fredag opna Giske Tranmælfestivalen på Folkets hus i Trondheim.

Foto: Grete Thobroe / NRK

I innlegget tar Sandvik til orde for at Giske burde få tredjeplassen på lista.

Arbeidarpartiet fekk tre mandat valt inn frå Sør-Trøndelag valkrins i stortingsvalet i 2021.

« ... Om vi faktisk skal samle laget så bør Trond ha tredjeplassen og nominasjonsmøtet bør samle seg om det. Det bør også Trond bidra til», skriv Sandvik.

Tidlegare same kveld melde stortingspolitikar Kirsti Leirtrø at ho trekte seg frå nominasjonsprosessen.

– Kan bli nokon stive smil

Da NRK treff Giske fredag ettermiddag er det på Folkets hus i Trondheim. Der arrangerer Nidaros sosialdemokratiske forum og Trondheim Arbeidarparti «Tranmælfestivalen 2024».

Nidaros sosialdemokratiske forum er lokallaget Giske har bygd opp.

Dei eg har prata med verkar kampklare på vegner av Giske, seier politisk kommentator i Adresseavisen, Siv Sandvik.

– Her er Giske blant sine eigne.

Omkring 250 har møtt fram for opninga av festivalen.

– Det kan bli nokon stive smil når medlemmar frå andre lokallag kjem.

Publisert 13.09.2024, kl. 17.45 Oppdatert 13.09.2024, kl. 19.58

Read Entire Article