Høgskulen på Vestlandet (HVL) gir barnehagelærar-studentar eit unikt tilbod frå hausten av:
Éin betalt arbeidsdag i veka i barnehage gjennom studiet. Det vil gi studentane inntekt på rundt 100.000 kroner i året.
Bakteppet er alvorleg. Søkartala til barnehage-utdanninga er halvert på seks år.
Løysinga til HVL er å love 20 prosent stilling til dei som begynner på studiet.
– Det er veldig kjekt å få bety mykje for barna, seier Janna Godø.
Ho har skaffa seg jobb på eiga hand ved sidan av barnehagelærar-studiet i Sogndal.
Janna Godø er snart ferdig barnehagelærar. Ho liker kombinasjonen teori og praksis.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKMangel på folk
NRK har skrive om den kraftige nedgangen i talet på studentar som vil utdanne seg til barnehagelærar.
Grepet til høgskulen vekker oppsikt, og utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) reiste nyleg vestover.
– Det er veldig gøy å høyre kva dei har gjort her i Sogndal for å få opp søkinga, seier ho.
Ifølge Utdanningsforbundet manglar det 2700 barnehagelærarar for å oppfylle bemanningsnorma i barnehagen.
Tre års studie
Berre sju studentar ville begynne på studiet i Sogndal i fjor. Dermed vart ikkje studiet starta opp.
Men i år har 16 søkarar barnehagestudiet på førsteplass, og truleg vil dei starte opp til hausten. Studieløpet er på tre år.
Seks kommunar i indre Sogn er med i prosjektet.
Kjell Ertesvåg i Sogndal kommune opplyser at dei reknar med å betale 100.000 i brutto løn til kvar student som blir med i ordninga, litt avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Utdanningsministeren heier på prosjektet til HVL.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKKan tene meir
Timeplanen til utdanninga er også tilpassa slik at studentane kan jobbe meir enn éin dag i veka, om dei ønsker.
– Vi heier på alle sånne tiltak som gjer at fleire pedagogar vil jobbe i barnehage. Dette er eit fint forsøk i samarbeid med kommunane, seier Anne Marie Hole Sande.
Ho er leiar i Stedje barnehage i Sogndal. Dei står klare til å ta imot arbeidskraft frå høgskulen frå hausen av.
Anne Marie Hole Sande vil ta imot studentar med opne armar.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK– Vi vil gjerne støtte opp om høgskulen med å vere open for å ta imot studentar, seier ho.
Student Janna Godø, som er ferdig utdanna barnehagelærar til sommaren, seier det er meir enn inntekta som er nyttig med jobben.
– Det har vore veldig fint å få kunne jobbe i barnehage slik at eg får kunnskap frå barnehage samstundes som eg får teorien frå skulen. Det er lettare å sjå samanhengen.
Publisert 05.05.2025, kl. 05.45