Gikk frå assistent til helsefagarbeidar på rekordtid

15 hours ago 4



– Eg er så stolt! Det betyr veldig mykje. Ein blir anerkjent for den jobben ein gjer.

Det er berre nokre timar sidan ho fekk nytt id-kort rundt halsen. Nå med ny, gjev tittel.

Mona Skrikestad er ikkje lenger assistent, men helsefagarbeidar.

52-åringen starta i august, og allereie i mars var ho ferdig med eksamen og fagbrev i eit nytt hurtigspor.

Mona Skrikestad ser ned med id-kortet som viser at hun er helsefagarbeider

Mona Skrikestad med id-kortet som viser at ho nå har blitt helsefagarbeidar.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Mona Skrikestad med id-kortet som viser at ho nå har blitt helsefagarbeidar.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

– Dette krev frykteleg mykje

Ho gjekk ikkje den vanlege vegen.

Mange år som sjølverklært «kontorrotte», koordinator for beredskapskontoret under pandemien, og 2,5 år som assistent i heimesjukepleia førte ho til dette punktet.

Tidlegare hadde ho studert muskelterapi slik at ho allereie kunne anatomi.

All denne relevante kunnskapen og erfaringa gjorde at ho kunne gjere unna fagbrevet så kjapt.

Men det har kosta – og er ikkje for alle, meiner ho.

– Du må ha tid, for dette krev frykteleg mykje. Du må lese og jobbe deg opp det du ikkje har. Det må du sjølv ta ansvaret for, for vi er på skulen berre nokre få timar. Eg kunne ikkje gjort det dersom ikkje dei heime hadde sagt: Prioriter dette. Så eg har prioritert det 100 prosent.

– Mindre allmennkunnskap

I Agder, Nordland, Trøndelag, Innlandet og Oslo har det i fleire år det vore forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring.

I august blei ordninga utvida slik at vaksne over 19 år i heile landet nå kan ta fagbrev raskare.

Hurtigløpet for fagbrev gjeld 13 fag, blant anna helse, røyrleggar, kokk, snikkar og logistikk, ifølge Utdanningsdirektoratet.

SSB har anslått at Noreg kjem til å trenge 85.000 fleire fagarbeidarar innan 2035.

– Mange vaksne har mykje erfaring og har vore i jobb i ei eller anna form. Nokre har utdanning frå før, men som kanskje ikkje er retta inn mot yrket de har bestemt seg for, seier Jan Magnar Antonsen, rektor for Kompetansebyggeren videregående skole for vaksne i Tønsberg.

Jan Magnar Antonsen, rektor ved Kompetansebyggeren videregåande skule i Tønsberg.

Jan Magnar Antonsen, rektor ved Kompetansebyggeren videregående skole, seier det er viktig at utdanninga er fleksibel.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Berre ved denne skulen er det omkring 110 vaksne deltakarar som er på vei mot fagprøva i helsefag. Det er også klassar i sal- og logistikk.

Dersom ein får godkjent kompetansen ein har opparbeidd seg, kan ein i utgangspunktet ta eksamen og gå opp til fagbrevprøva utan anna opplæring.

– Men går ein ikkje også glipp av noko dersom ein brukar veldig kort tid på å ta fagbrev?

– Allmennkunnskapen er teken litt ut av lærarplanane, slik at ein ikkje får ei like omfattande opplæring som det ein fekk med den gamle modellen.

– Noko vi har behov for

Bedriftsundersøkinga frå Nav for 2024 viste at det mangla 13.800 tilsette berre innan helse- og sosialtenester her i landet. Dette var næringa med størst mangel på arbeidskraft.

Helle Tronstad, tenesteleiar sone Re, Tønsberg kommune , på kontoret på Re helsehus

Helle Tronstad, tenesteleiar for sone Re i Tønsberg, meiner det er veldig viktig spesielt for heimetenesta at ein kan bli godkjent helsefagarbeidar på kort tid.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

– Det er veldig viktig for helsevesenet, spesielt for heimesjukepleia, at så ressurssterke elevar som Mona, har dette tilbodet og kan bli godkjente helsefagarbeidarar på så kort tid, meiner Helle Tronstad, tenesteleiar i sone Re i Tønsberg kommune.

Ein helsefagarbeidar må ha kompetanse om både legemiddel, vurderingar og kliniske observasjonar.

– Når ein har tatt fagprøva, har ein verkeleg blitt trygg i forhold til dei oppgåvene.

– Godt nytt

– Det er særs godt nytt at fleire vaksne tar fagbrev som helsearbeidar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Ein fersk analyse frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på ungdom og vaksne som er i jobb etter å ha tatt fagbrev, held seg stabilt høgt.

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister (Ap)

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner det er svært positivt at fleire vaksne tar fagbrev som helsearbeidar.

Foto: Marte Skodje

– Er det noko vi treng framover, er det dyktige og dedikerte fagarbeidarar. Dei skal vere med og løyse dei store samfunnsutfordringane vi har føre oss.

Nessa Nordtun rosar hurtigspor-ordninga og meiner den kan vere ein del av løysinga.

– Vi veit vi kjem til å trenge mange fleire som kan jobbe i helsesektoren i åra som kjem. Dette er eitt av mange viktige og nødvendige tiltak for å svare på den store etterspurnaden vi veit kjem framover.

Kan stå om liv og død

Med ny tittel er Mona Skrikestad tryggare i møte med brukarane i heimetenesta.

Nå har ho kunnskapen som gjer at ho lettare kan legge merke til endringar og forverringar.

– Dersom du som assistent, og kanskje aldri har vore i helse før, møter noko du eigentleg ikkje veit kva er, så gjer du kanskje ikkje noko med det. Men det kan stå om liv og død, og undervegs lærer ein seg å observere, gjere tiltak og kontakte vidare.

Mona Skrikerud på utstyrsrommet på Re helsehus

Mona Skrikerud på utstyrsrommet ho er innom før hun skal ut til mellom 10 og 14 brukarar i heimetenesta.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Mona Skrikerud på utstyrsrommet ho er innom før hun skal ut til mellom 10 og 14 brukarar i heimetenesta.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Hei!

Takk for at du leste denne saka!

Har du tips til andre aktuelle eller spennande saker, så ta gjerne kontakt.

Publisert 20.03.2025, kl. 17.46

Read Entire Article