Ifølgje sjukehus og helsemyndigheitene i Gaza vart 82 menneske drepne i israelske angrep onsdag kveld og torsdag morgon, melder nyheitsbyrået AP.
Av dei drepne skal 38 ha blitt skotne medan dei prøvde å få tak i naudhjelp. Fem vart drepne utanfor stader knytte til Gaza Humanitarian Foundation, ei organisasjon som har fått mykje kritikk frå mellon anna FN.
Dei siste 33 vart drepne medan dei venta på hjelpebilar andre stader i Gaza.
Det israelske militæret (IDF) har førebels ikkje kommentert hendingane.