Gaza: 34 drepne og 200 skadde under nødhjelpsutdeling

2 weeks ago 7



Israelske soldatar opna måndag eld mot ei gruppe menneske som venta på nødhjelp i Rafah, ifølgje talsmann for sivilforsvaret, Mahmud Bassal.

Nyheitsbyrået AP meldte fyrst om 38 drepne, men har er no nedjustert det til 34.

Medan Reuters melder om tilsaman 40 drepne i ulike hendinga på Gazastripa måndag.

Over 200 menneske skal vere såra.

Dei skadde blei frakta til feltsjukehuset til Raudekrossen og deretter til Nasser-sjukehuset i Khan Younis.

Den israelske hæren (IDF) seier til nyheitsbyrået AFP at dei undersøker hendinga.

Fleire liknande hendingar den siste tida

Det har vore ei rekkje hendingar der palestinarar har blitt drepne av israelske soldatar i matkøar nær hjelpesenter på Gazastripa.

Ifølgje Reuters drap israelsk luftangrep minst 45 palestinarar på Gazastripa laurdag.

Mange av dei i nærleiken av eit nødhjelpssenter drevet av den amerikanskstøtta Gaza Humanitarian Foundation (GHF), melder lokale helsemyndigheiter.

10. juni vart 17 menneske drepne ved eit hjelpesenter i Nuseirat, ifølgje Reuters.

Minst 20 vart drepne ved Netzarim-korridoren nokre dagar seinare, meldte Al Jazeera.

en kvinne holder om en likpose
jenter trøster hverandre og griper etter lommebok

Fortvilelse etter israelsk skuddutveksling nær nødhjelpssentre i Rafah og nord i Gaza.

Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTB

Det er den omstridde GHF er støtte av USA og Israel. Organisasjonen består av tidlegare amerikanske soldatar, og står for mykje av utdelinga av nødhjelp i området.

GHF har fått skarp kritikk frå FN og andre hjelpeorganisasjonar, som meiner dei bidreg til å undergrave det humanitære arbeidet og set hjelpesøkande i fare.

Måndag seier FNs menneskerettssjef, Volker Türk at krigføringa til Israel «påfører palestinarar forferdelege og urimelege lidingar», ifølgje Al Jazeera.

Hjelpeorganisasjonar åtvarar om situasjonen

Situasjonen i Gaza er kritisk, og FN åtvara måndag om at dei pågåande israelske militæraksjonane og blokaden har ført at heile den palestinske befolkninga på 2,1 millionar ut i akutt matmangel.

Nær halvparten av desse risikerer hungersnaud innan utgangen av september, ifølgje FN-rapporten.

en person som holder en megafon

Ansatte i leger uten grenser på demonstrasjon i Nederland mot bevæpningen av humanitær hjelp i Gaza.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTB

Ansatte i leger uten grenser på demonstrasjon i Nederland mot bevæpningen av humanitær hjelp i Gaza.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTB

Måndag kritiserer Leger Uten Grenser (MSF) EU for det dei kallar for passivitet, og hevdar at dette kan skal ha medverka til den pågåande krisa i Gaza.

– Bruk alle politiske, økonomiske og diplomatiske verktøy for å presse Israel til å sleppe inn nødhjelp, sa MSF-generalsekretær Chris Lockyear på ein pressekonferanse i Brussel.

Dei har sendt ei liste med tilrådingar for konkrete tiltak som dei 27 EU-landa kan gjennomføre.

Åtvaringa kjem i forkant av utanriksministermøte til EU neste veke, der situasjonen i Gaza skal vere på agendaen.

Publisert 16.06.2025, kl. 12.59 Oppdatert 16.06.2025, kl. 15.27

Read Entire Article