Israelske soldatar opna måndag eld mot ei gruppe menneske som venta på nødhjelp i Rafah, ifølgje talsmann for sivilforsvaret, Mahmud Bassal.
Totalt 20 vart drepne og over 200 såra.
Dei skadde blei frakta til feltsjukehuset til Raudekrossen og deretter til Nasser-sjukehuset i Khan Younis.
Den israelske hæren (IDF) seier til nyheitsbyrået AFP at dei undersøker hendinga.
Fleire drepne i matkø
Det har vore ei rekkje hendingar der palestinarar har blitt drepne av israelske soldatar i matkøar nær hjelpesenter på Gazastripa.
10. juni vart 17 menneske drepne ved eit hjelpesenter i Nuseirat, ifølgje Reuters.
Minst 20 vart drepne ved Netzarim-korridoren nokre dagar seinare, melder Al Jazeera.
Fortvilelse etter israelsk skuddutveksling nær nødhjelpssentre i Rafah og nord i Gaza.
Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTBDet er den omstridde amerikansk- og israelskstøtta organisasjonen Gaza Humanitarian Foundation (GHF) som står for mykje av utdelinga av naudhjelp i området.
Organisasjonen har fått skarp kritikk frå FN og andre hjelpeorganisasjonar, som meiner GHF bidreg til å undergrave det humanitære arbeidet og set hjelpesøkande i fare.
Fleire åtvarar om situasjonen i Gaza
Situasjonen i Gaza er kritisk, og FN åtvara måndag om at dei pågåande israelske militæraksjonane og blokaden har ført at heile den palestinske befolkninga på 2,1 millionar ut i akutt matmangel.
Nær halvparten av desse risikerer hungersnaud innan utgangen av september, ifølgje FN-rapporten.
Måndag kritiserer Leger Uten Grenser (MSF) EU for det dei kallar for passivitet, og hevdar at dette kan skal ha medverka til den pågåande krisa i Gaza.
– Bruk alle politiske, økonomiske og diplomatiske verktøy for å presse Israel til å sleppe inn nødhjelp, sa MSF-generalsekretær Chris Lockyear på ein pressekonferanse i Brussel.
Dei har sendt ei liste med tilrådingar for konkrete tiltak som dei 27 EU-landa kan gjennomføre.
Åtvaringa kjem i forkant av utanriksministermøte til EU neste veke, der situasjonen i Gaza skal vere på agendaen.
Publisert 16.06.2025, kl. 12.59 Oppdatert 16.06.2025, kl. 13.10