Dører er rivne av.
Toalett og vaskar er slått sund og røska ned frå veggen.
Høyanghallen i Holmestrand har blitt utsett for omfattande hærverk ein av dei siste dagane.
– Dette er frykteleg trist. Først og fremst på vegner av dei barna som brukar fasilitetane, seier Frode Røstvang. Han er leiar for byggdrift i Holmestrand kommune.
– Kan ikkje forstå det
Det er berre to år sidan dei pussa opp garderobane i hallen for store summar.
No er det meste rasert.
Sannsynlegvis vil det koste fleire hundre tusen kroner å reparere, anslår kommunen.
Jarlsberg avis melde om saka først.
– Eg kan på ein måte ikkje forstå det, seier Røstvang oppgitt.
Rektor ved Gjøklep ungdomsskole, Bent Halvorsen, er einig med Røstvang.
Han fortel at både idrettshallen og fellesbygget på skulen er utsett for hærverk fleire gonger denne hausten.
Bent Halvorsen
Rektor, Gjøklep ungdomsskole
– Det bekymrar oss. Særleg når hærverket kanskje er utført av ungdom frå Holmestrand eller andre som kjem utanbys frå og gjer dette, seier han.
Den siste tida har dei innført nye rutinar for å kontrollere areala.
– Vi har rutinar for sjekk før skuledagen begynner, gjennom skuledagen og etter at skuledagen er over, seier han.
Frode Røstvang, leiar for byggdrift i Holmestrand kommune, er oppgitt.
Foto: Fredrik Hansen / NRKBlir dyrt
Røystevang seier det ikkje er kalkulert med denne typen utgifter i budsjettet i år. Det vil merkast.
– Konsekvensen blir jo at vi er nøydde til å stenge ned fysisk med lemmar framfor toaletta, fordi fasilitetane ikkje kan brukast, seier han.
Kommunen jobbar nå med å kartlegge situasjonen, og veit foreløpig ikkje når hærverket har skjedd.
Dei har sett i gang ulike tiltak. Blant anna er det montert fleire overvakingskamera.
– Vi må forstå kvifor dette har skjedd. Det er ikkje aktuelt å begynne å sette dette i stand før vi er sikre på at det ikkje skjer igjen, seier Røstvang.
Ønsker ein meir open hall
Hallen blir bruka av skulen på dagtid og ulike organisasjonar på kveldstid.
Ein av dei som brukar hallen dagleg er Holmestrand idrettsforening.
Janne Hjelmtvedt
Leiar i Holmestrand Idrettsforening
Leiar Janne Hjelmtvedt seier ho blei oppgitt da ho såg hærverket i hallen.
– Det er nokre få enkeltpersonar som øydelegg for mange. Her blir det konsekvensar for alle som nyttar seg av hallen, sidan det er så alvorleg hærverk, seier ho.
Ho synest at det er synd at dei nå må sette inn tiltak for å unngå hærverk igjen, fordi ho eigentleg ønsker seg ein meir open hall.
– Det er jo ein tilhaldsstad for mange. Nokon sit og gjer lekser og andre slappar av. Vi har jo tidlegare halde dørene opne. Nå ser vi jo at dette ikkje fungerer lenger. Nå må vi stenge dørene etter oss, og det går utover alle brukarane av hallen.
Hærverket er meldt til politiet.
Publisert 06.11.2025, kl. 17.58

















English (US)