– Eg trur det berre var eitt lag som prøvde å spele fotball i dag.
Det sa Brighton-trenar Fabian Hürzeler etter kampen mot Arsenal onsdag kveld, der Brighton tapte 0–1. Arsenal hadde berre eitt skot på mål i kampen.
– Eg vil aldri vere ein slik trenar
På pressekonferansen etter tok Hürzeler til motmæle mot Arsenal sin måte å spele på.
– Alle her i rommet, likte de verkeleg denne fotballkampen? Eg er sikker på at kanskje éin rekkjer opp armen fordi han er ein stor Arsenal-fan, men bortsett frå det, ingen sjanse, spurde Hürzeler retorisk.
Han har i hvert fall statistikken på sin side.
Ifølgje statistikkbyrået Opta brukte Arsenal totalt 30 minutt og 51 sekund av kampen på å setje i gang spelet att, kvar gong ballen gjekk ut til deira fordel.
– Eg vil aldri vere ein slik trenar som prøvar å vinne på den måten, seier Brighton-trenaren ifølge Sky Sports.
KLØR SEIG I HOVUDET: Kven liker Arsenals spelestil? Ikkje Brighton-trenaren, i alle fall.
Foto: DARREN STAPLES / AFP,NTBHan gav seg ikkje med det. Pressekonferansen blei ein lang sekvens med kritikk mot Arsenal og måten kampen gjekk på:
- Hürzeler meiner berre eitt lag (Brighton) prøvde å spele fotball.
- Hürzeler meiner at Premier League må finne ein måte å straffe dette på, og at ingen andre enn Arsenal sine supporterar likte det dei såg.
- Han meiner også at Arsenal si målvakt, David Raya, la seg ned tre gonger utan å bli straffa.
– For ei overrasking! innleidde Arteta da han blei beden om å svare på kritikken.
Han fortsette:
– Berre gå tilbake til dei førre kampane, så finn ein mange kommentarar som dette heile tida.
Arteta tok seg ikkje nær av kritikken av spelestilen hans.
– Eg elskar spelarane mine, vi elskar spelarane våre, og eg elskar måten vi spelar på.
NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg er ikkje einig med Brighton-trenaren.
– Dei brukar alle verkemiddel dei kan for å vinne ligaen for første gong på ei æve. Dei pushar alle grenser for kva som er mogleg for å skrape med seg ein siger når det trengst som mest.
Løkberg held fram:
– Arsenal har blitt ekspertar på å dra med seg det dei kan, og akkurat no når dei ikkje har kraftig flyt i eige spel, har dei funne andre måtar å vinne på, meiner NRK-eksperten.
SKÅRING OG SIGER: Bukayo Saka kan smile etter mål mot Brighton.
Hjørnespark = mål
Du kjenner kanskje att slageren «hjørnespark er mål!» ?.
For Arsenal har det vore den største vegen til suksess denne sesongen.
Med sine foreløpige 16 mål har dei også tangert rekorden på talet på dødballmål i ligaen, med over to månader att å spele.
Arsenal er ikkje aleine om å fokusere på dødballar.
Omtrent 17,6 prosent av skåringane i ligaen denne sesongen har komme etter hjørnespark, melder Opta.
– Fotballhjartet mitt likar det ikkje, sa Liverpool-trenar Arne Slot i forkant tidlegare denne veka om dei mange dødballmåla i ligaen denne sesongen.
Målinga blei gjord før kampane onsdag, men andelen er den største i Premier League si historie.
SUKSESS: Å leggje ballen på den kvite streken ved hjørneflagget, før ein skyt han inn framfor mål kor svoltne medspelarar ventar på å føre ballen i det kvite nettet, er ei suksessoppskrift for Arsenal.
Foto: PAUL ELLIS / AFP,NTBNRKs fotballekspert hyllar Arsenal sin angrepsmetode.
– Ein kan klage på at dei ikkje er effektive nok i etablert angrepsspel, men dei skaffar seg mange dødballar på grunn av trykket dei har mot motstandaren, seier Løkberg.
Landslagssjefen: – Ei gåte
I forkant av kampen gjesta Noreg-trenar Ståle Solbakken Viaplay sitt studio.
Han rosa måten Arsenal bankar inn mål på hjørnespark, før Solbakken trilla med at han vil bli «defensiv dødballtrenar» i sitt neste fotballiv.
– Det er ei gåte at ingen lag har skjønt at dei bør ha ein sterk sonespelar på bakre stolpe, og ikkje ein ving eller ein sentral midtbanespelar.
Solbakken fortsetter:
– Alle har sonespelarane på første eller midt føre målvakt, men Arsenal pumpar han på bakre stolpe, og så kjem Gabriel og headar på tvers. Dermed blir det mølje og mål, sa Solbakken.
SJÅ OG LÆR: Ståle Solbakken meiner fleire bør sjå mot Arsenal og deira måte å angripe hjørnespark på.
Foto: Lise Åserud / NTB– Gjer som dei vil
Brighton-trenar Hürzeler er tydeleg på at han ikkje vil bli som Arteta, sjølv om Arsenal har ei sjupoengsluke på tabelltopp.
Brighton ligg på 13. plass i ligaen.
FORNØGDE: Arsenal-supporterane jubla for mål og siger, uansett spelestil.
Foto: Paul Childs / REUTERS,NTBArteta svarte kortfatta om han bryr seg om kva andre trenarar tenkjer om han.
– Ja, men det kjem an på kommentarane og formålet med dei.
Hürzeler var spesielt kritisk mot at Arsenal «lagar eigne reglar» under kampar.
Han meiner ligaen bør ta grep.
– Til sjuande og sist vil sjølvsagt alle lag klare det og kaste bort tid. Men eg trur det må vere ei grense, og grensa må settast av Premier League, grensa må settast av dommarane. Akkurat no kan dei berre gjere kva dei vil.
NOKON HEIME? Brighton-trenar Fabian Hürzeler håpar i alle fall leiinga i Premier League følger med og endrar reglane i ligaen.
Foto: TONY O BRIEN / REUTERS,NTBNRK-ekspert Løkberg meiner det ikkje berre er eit problem i den engelske toppligaen, men i fotballen generelt.
– Ein kan sjå på tiltak som tidsavgrensingar på innkast og hjørnespark, eller reglar som gjer det vanskelegare for målvakta å berre legge seg ned.
Han erkjenner at det bør bli meir effektiv speletid for publikum si interesse, men:
– Det er ikkje Arsenal si oppgåve å underhalde nokon; oppgåva deira er å vinne ligaen. Akkurat no ser det ut til at dei er det laget i Premier League som har vore klart best denne sesongen.
Luke på topp
Arsenal har festa eit grep om førsteplassen i Premier League med 67 poeng på 30 kampar.
Manchester City følgjer nærast på andreplass, sju poeng bak. Manchester United og Aston Villa følger deretter, 16 poeng bak Arsenal.
Neste ligakamp for «The Gunners» er heime mot Everton 14. mars.
Før den tid ventar FA-cupen (laurdag) og første kamp i Meisterligaen sin åttedels mot Bayer Leverkusen (onsdag).
Publisert 05.03.2026, kl. 15.06



















English (US)