Julie Bergan skal snart debutera i det som ofte blir kalla den største musikkonkurransen i verda.
Men det er ikkje ho sjølv som skal stå på scena.
Bergan er nemleg ein av låtskrivarane bak det svenske ESC-bidraget «My System».
– Det er litt deilig å vera på den andre sida, smiler Julie Bergan.
Nei, det er ikkje andre sida av grensa ho snakkar om.
Bergan er godt vand med å stå på scena sjølv. No skal ho berre slappa av medan FELICIA skal gjera jobben i Wien.
– No kan eg sitta tilbakelent i sofaen, og den einaste jobben min er å vinka i kamera når det kjem. Jobben min er på ein måte gjort.
Skreiv under på opprop om boikott
I 2024 var Bergan ein av fleire norske artistar som skreiv under på eit opprop mot israelsk deltaking i konkurransen.
Andre artistar som skreiv under var Aurora, Karpe og Åge Aleksandersen.
– Eg står for at eg skreiv under på det.
Ho støttar likevel FELICIA i hennar deltaking.
– Eg skreiv ikkje denne låta til ESC, men til mitt eige prosjekt, og så vart ho plukka opp av Felicia. Det er hennar låt no.
Ho skjønar at folk reagerer på at ho no deltek i ein konkurranse som ho har vore kritisk til.
– Eg tenker likevel at det går an å ha to tankar i hovudet på ein gong.
FELICIA har dessutan òg vore i hardt vêr for sine utsegner om Israel si deltaking etter at ho vann Melodifestivalen.
Deltok sjølv i 2013
Bergan var med i MGP i 2013 med låta «Give A Little Something Back».
Då røyk ho ut i delfinalen.
Denne gongen gjekk låta hennar heilt til topps i den svenske Melodifestivalen.
– Eg er jo ein konkurranseperson, så det er skikkeleg stas å føla ei slik anerkjenning av å vinna.
Julie Bergan i MGP-delfinalen i Steinkjer i 2013.
Foto: Hege Bakken Riise / NRKNoko comeback til MGP-scena trur ho likevel ikkje skjer med det første.
– Det er jo ei veldig kul greie, så eg skal ikkje seia at det aldri kjem til å skje. Men det skjer nok ikkje i næraste framtid.
– Det er jo òg litt risky å bli med igjen no som eg faktisk har vunne noko. Kanskje eg bør gje meg på topp?
Julie Bergan melde seg på MGPjr tre gongar utan å koma med.
– Ikkje ei typisk Sverige-låt
Låta blei til då Bergan var på låtskrivarcamp på Island. Ho jobba eigentleg med sitt eige eurodance-prosjekt.
Då FELICIA fekk høyra låta, forelska ho seg med ein gong.
I mars vann ho Melodifestivalen, artisten som tidlegare gjekk under artistnamnet Fröken Snusk.
– Låta skil seg ein del ut. Det er ikkje ei typisk Sverige-låt, seier Bergan.
– Ho bringar noko nytt inn i heile ESC-universet.
FELICIA opptrer alltid med den karakteristiske maska si.
Foto: Stina Stjernkvist / SVTHo trur det harde EDM-uttrykket i låta er noko som iallfall vil fenga austeuropearane.
– Så håpar eg jo sjølvsagt dette er noko som kjem til å treffa mange rundt om i heile Europa.
– Kva tenker du om å konkurrera for Sverige?
– Eg føler ikkje at me og Sverige er rivalar lenger. Er ikkje me vennar no? I ESC kan ein jo uansett som norsk ikkje stemma på Noreg.
Bergan utelukkar ikkje framtidig deltaking i
Foto: Kjetil Solhøi / NRK– Sjølv om me snakkar om at det er ein konkurranse, så føler eg først og fremst at Eurovision er ein fantastisk folkefest som skal samla alle slags folk frå masse ulike land kor me kan gleda oss over musikken saman.
NRK sin ESC-ekspert Jim Ødegård Pedersen er storfornøgd med at Julie Bergan no har funne vegen tilbake til ESC-universet.
– Skulle ønske det var for Noreg, sjølvsagt, men no er det for Sverige, og det er heilt greitt.
Sjølv om han synest låta er sterk, tviler han på siger til «Söta bror».
– Men det kan fort bli ein nordisk siger likevel, smiler han.
Publisert 06.05.2026, kl. 12.02














![This Could Have Ended BADLY | Iceland Westfjords [Ep. 21] – Royal Enfield Himalayan Motorcycle](https://i.ytimg.com/vi/7Qcrqrd4kmo/mqdefault.jpg)
English (US)