Det er temperatur i Lofoten, og det er ikkje berre i juli-lufta.
Debatten går livleg både i media og sosiale medium.
Men det handlar ikkje om dårleg kommuneøkonomi, handtering av turistar eller dårlege kommunale vegar.
Det handlar om ein frivillig kommunesamanslåing.
Striden står om dei to kommunane Moskenes og Vestvågøy skal få kalle seg «Lofoten kommune».
Det har skapt reaksjonar blant dei fire andre kommunane i regionen Lofoten. Ein av dei som reagerer er Vidar Thom Benjaminsen.
Ordførar i Vågan kommune.
– Vi andre vil få forklaringsproblem. Når vi skal seie kor vi kjem frå, så må vi jo forklare at vi kjem frå Lofoten, men ikkje Lofoten kommune. Og det høyrest jo litt rart ut.
Benjaminsen meiner Vestvågøy- og Moskenes slett ikkje treng å kapre det sterke merkevarenamnet Lofoten som kommunenamn.
Foto: Sofie Retterstøl OlaisenSpurte folket
NRK har fleire gonger fortalt om det frivillige kommuneekteskapet mellom Vestvågøy og Moskenes kommune.
Sistnemnde slit tungt økonomisk.
Regjeringa har lova 160 millionar kroner til å slette gjeld mot eit ekteskap mellom dei to.
Onsdag presenterte dei to ei innbyggarundersøking dei har bestilt. Der var dei fleste av dei spurde positive til ein samanslåing.
Og positive til namnet Lofoten kommune.
– Dette var det aller mest populære namnet, forklarte Moskenes-ordførar Hanna Sverdrup.
Så begynte debatten.
– Tonedøvt og uklokt
Lena Hamnes er fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Ho har også vore varaordførar i Vågan kommune. Igjen, i Lofoten.
Lena Hamnes meiner namnevalet er tonedøvt og veldig uklokt.
Foto: Monica White Martinsen / NRKI eit innlegg på Facebook kalla ho namnet «aprilspøk» og forbløffande tonedøvt.
– Vi har kome uendeleg langt i å skape eit sterk samhald i Lofoten, mellom anna då vi jobba for å få innført besøksbidrag, seier ho til NRK:
– I den samanhengen meiner eg det er tonedøvt og veldig uklokt å lansere eit forslag ein veit kjem til å skape usemje og tastaturkriging. Det er ikkje det Lofoten treng no.
Bør Moskenes og Vestvågøy få kalle seg Lofoten kommune?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Lofoten er ein merkevare og eit kjent namn for veldig mange. Er det då ikkje greitt å velje «Lofoten»?
– Det vil vere det openberre namnet om ein skulle slå saman alle dei seks kommunane. Men her er det to kommunar.
Avviser kupping
Vågan-ordførar Vidar Thom Benjaminsen meiner også at Lofoten er ein identitet som omfamnar heile øyriket, og at det kan skape eit skilje.
– Dei står fritt til å slenge på vest, ytre eller midtre for å avgrense.
Jonny Finstad er ordførar i det som enno heiter Vestvågøy kommune.
Han seier namnet «Lofoten kommune» er framtidsretta, og avviser at dei prøver å terge.
– Nei, på ingen som helst måte. Lofoten er ein av dei fremste merkevarene i Noreg. Då er det naturleg å ønske å ha noko med Lofoten i det nye kommunenamnet.
– Hadde du sett for deg at det kom til å bli så sterke reaksjonar på namnet?
– Ja, det var eg førebudd på. Men vi blei einige om å sende ut ein prøveballong.
Språkrådet: – Relativt vanleg
Ifølge kommuneloven skal nye kommunenamn bli fastsett av Kongen, men dette er delegert til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Men også Språkrådet skal ha ei meining.
Daniel Ims seier at det har vore vanleg å ta utgangspunkt i eit områdenamn som nye kommunenamn.
Foto: Moment Studio / Moment StudioAvdelingsdirektør Daniel Ims understrekar overfor NRK at dei ikkje har behandla denne saka enno.
Men han seier identitet ofte spelar inn i val av nytt kommunenamn.
– Det er temmeleg viktig. Når ein brukar områdenamn, som i dette tilfellet, vil nok dei som bur i resten av Lofoten ha ei meining om at kommunen vil heite Lofoten kommune.
Han seier det er relativt vanleg å bruke eit større områdenamn som eit nytt kommunenamn.
Men påpeiker at det då gjerne omfamnar fleirtalet av kommunar eller fleirtal av folk i det området.
– Når det ikkje er tilfellet her, bør det leggjast til noko som spesifiserer namnet meir, til dømes indre/ytre.
Til slutt tilbake til Jonny Finstad, ein av hovudpersonane bak namnet:
– Trur du Vest-Lofoten ville skapt mindre debatt?
– Det kan hende at det hadde vore enklare å akseptere. Men av alle innspela vi fekk, var det «Lofoten kommune» vi fekk flest av.
Publisert 12.07.2025, kl. 09.37