Fugleinfluensavirus blei påvist i ein hjerneprøve frå isbjørnen på Svalbard.
Den har tidlegare vore påvist hos ein kvalross i 2023 og hos fjellrev i 2025.
Dette er første gong i Noreg og Europa at det er påvist hos isbjørn, melder Veterinærinstituttet.
Dei fekk beskjed av Norsk Polarinstitutt i midten av mai om at dei hadde funne ein død isbjørn og ein død kvalross i Raudfjorden på Svalbard, skriv Veterinærinstituttet i ei pressemelding tysdag.
Sjeldan påvist
Det skal ha vore turistguidar som først såg dyra. I tillegg hadde dei sett to isbjørnar like ved som halta på bakbeina. Ifølgje Veterinærinstituttet kan dette vere eit nevrologisk teikn. Ein har tidlegare sett det hos rovdyr som har vore smitta med fugleinfluensa.
‒ Dette gav oss mistanke om alvorleg smittsam sjukdom, og to av oss frå Veterinærinstituttet reiste til Svalbard for å hjelpe Sysselmesteren med prøvetaking av dei døde dyra i felt, fortel veterinær og fagansvarleg for vilthelse, Knut Madslien.
– Ved hjelp av helikopter blei kadavera funne raskt og vi fekk tatt ut prøver. Vi observerte ingen fleire sjuke isbjørnar frå lufta.
Det blei gjort prøver for fugleinfluensavirus og rabies. Det blei påvist høgpatogent fugleinfluensavirus (HPAI) i prøvene frå både isbjørn og kvalross.
Historisk sett er det sjeldan at fugleinfluensa har vore påvist hos isbjørn. Veterinærinstituttet viser til at det er rapportert om ein ung isbjørnhann i Alaska i 2023. Dermed veit ein lite om korleis viruset påverkar enkeltindivid eller bestanden.
Norske rovdyr som raudrev, oter og gaupe har tidlegare vore smitta av fugleinfluensa, etter å ha smitte frå villfugl.
Forskar: – Veldig interessant
Jon Aars er isbjørnekspert og forskar ved Norsk Polarinstitutt. Han seier dette var ein bjørn dei kjente til, og at det er snakk om ein eitt år gammal bjørn som framleis var saman med mor si.
Jon Aars ved eit tidlegare besøk på Svalbard.
Foto: Jon Aars / Norsk PolarinstituttAars peikar på at det allereie har vore påvist hos kvalross og fjellrev på øygruppa, og at det dermed ikkje er veldig overraskande. Det er likevel interessant.
– Det ligg jo ikkje strødd med døde bjørnar rundt, sjølv om det har vore store utbrot i fuglekoloniar og slikt rundt om kring. Vi trur jo eigentleg at isbjørn er forholdsvis godt rusta å til å tole det her, seier Aars.
Han meiner det viktige blir å sjå korleis dette utviklar seg framover. Hannen som blei funne var eitt år gammal, men kva skjer om eldre dyr også blir smitta og døyr?
– Det er slik at isbjørnen er ei langliva art, så om dei eldre, vaksne dyra blir ramma, vil det ha store konsekvensar for bestanden, meiner forskaren.
Aars fortel at ein del isbjørnar hadde flokka seg rundt den døde kvalrossen. Dermed er også desse høgst truleg eksponert for smitte.
– Så gjenstår det berre å sjå om dei blir sjuke av det eller ikkje.
Publisert 19.05.2026, kl. 17.07 Oppdatert 19.05.2026, kl. 17.48














English (US)