Fryktar for levebrødet: – Stadig færre kundar

1 month ago 19



– Det har auka noko veldig. Vi ser jo plantar nærast over alt no. Planteutstillingar i alle matvarebutikkar.

Anne Berit Damsgård er i full gang med å dandere ein bukett med kvite blomstrar til ein kunde.

Tidlegare var det tre blomsterbutikkar berre her i sentrum av Tvedestrand.

Butikken ho driv, Møllebakken Blomster, er den einaste som har overlevd den aukande konkurransen.

Blomster i dagligvarebransjen.
Anne Berit Damsgård, butikkarbeider hos Møllebakken blomster, Tvedestrand

Anne Berit Damsgård driv den siste blomsterbutikken i Tvedestrands sentrum. Ho fryktar dei store matvarekjedene skal ta over plantesalet.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Færre butikkar

Ein rapport frå NHO viser at om lag ein firedel av blomsterbutikkane her i landet la ned mellom 2009 og 2020. Tendensen held fram.

Blomsterorganisasjonen Interflora har gått fra 426 medlemmer i 2016, til 345 fagblomsterhandlarar i Noreg i dag.

Dagleg leiar Kjetil Løken fortel at situasjonen i Tvedestrand ikkje er unik, og beskriv bransjen som trua av daglegvarekjedene.

– Under pandemien fekk blomsterfaghandelen ein oppsving, men nå er vi tilbake til trenden før 2019, seier han.

Tal frå Interflora viser at i 2022 hadde 45 prosent av blomsterbutikkane negativ driftsmargin.

– Blomsterhandlarane sit igjen med bryllaups- og sorgbinderi. Dei daglege bukettane som gir volum i salet er nå nesten borte frå faghandelen, seier Løken.

Kjetil Hans Løken i Interflora

Kjetil Løken i Interflora beskriv tøffe tider for blomsterbutikkane.

Foto: Privat

Tilbake hos Møllebakken Blomster er Anne Berit Damsgård takksam for dei kundane ho får.

– Heldigvis er det framleis kundar som ser verdien av fagkunnskap og handverk på området, smiler Damsgård.

Ei av desse er Tonje Jakobsen. Ho gjekk først på daglegvarebutikken denne dagen. Men enda med kjøp hos Anne Berit i staden.

– Det er ei heilt anna oppleving å komme inn i ein blomsterbutikk. Her er det fagfolk som brenn for yrket sitt, seier Jakobsen.

Anne Berit Damsgård lager blomsterbukett til kunde Tonje Jakobsen.

Anne Berit Damsgård (t.h) lagar blomsterbukett til kunde Tonje Jakobsen. Begge er opptekne av at blomsterbutikkane må overleve.

Foto: Espen Bierud / NRK

Mangedobla salet

Det bognar med sommarblomstrar, staudar og vintergrøne plantar på utsida av Rema 1000 på Krøgenes i Arendal.

Butikkdrivar Sissel Svarva tek ein kjapp runde for å sjekke at det står bra til i dei mange pottene.

Ho fortel at blomstersalet har blitt stadig viktigare for butikken.

– Det har eksplodert. Omsetninga har mangedobla seg sidan vi starta opp med plantar for eit drygt tiår sidan, seier Svarva.

Butikkdriver Sissel Svarva ved Rema 1000 på Krøgenes i Arendal har mangedoblet salget av blomster.

Ho trur forklaringa er enkel:

– Folk vil ha alt på ein stad. Og det er samstundes låge prisar og god kvalitet på det vi sel.

Kunde Eline Monstad som NRK treff på utsida av butikken, seier ho har kjøpt enkelte planter her.

– Det har ikkje vore noko gale med kvaliteten på det eg har kjøpt, seier ho.

Eline Monstad, kunde

Kunde Eline Monstad trur ikkje det er noko gale med kvaliteten på blomstrane ho har handla på daglegvarebutikken.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Betre kvalitet og prisar

NRK har vore i kontakt med dei største daglegvarekjedene om saka.

Norgesgruppen har i underkant av halve daglegvaremarknaden i Noreg.

Denne kjeda aleine vil truleg vil omsetje plantar for rundt 550 millionar dette året.

Det stadfestar kommunikasjonssjef i Norgesgruppen ASA, Kine Søyland.

Vi ser ein tendens til at stadig fleire vel å kjøpe blomstrar i daglegvarebutikken. Salet har auka sakte, men sikkert. Betre kvalitet og gode prisar er nok viktige årsaker til utviklinga, seier ho.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef hos Norgesgruppen

Kommunikasjonssjef hos Norgesgruppen, Kine Søyland, trur betre kvalitet og gode prisar er viktige årsaker til at fleire handlar blomstrar i matbutikken sin.

Foto: Privat

– Noko kundane vil ha

Utrekningar NHO har gjort for NRK viser at omsetninga på plantar i denne bransjen kan vere opp mot 1,5 milliardar kroner årleg no.

Også Coop-kjeda stadfestar auken. Dei kan fortelje om ein vekst i blomstersalet kvart år på 10 prosent mellom 2019–2022.

Hvor handler du blomstene dine?

Coop satsar hardt på blomstrar fordi vi ser at det er noko kundane og medlemmene våre vil ha. Blomstrar er ofte ei impulsvare for dei som ynskjer å glede nokon eller pynte opp heime.

Det seier kommuniksrådgjevar Simen Kjønnås Thorsen i Coop Noreg.

Bama som leverer plantar til ei rekke av kjedene vil ikkje oppgi salstala sine. Rema 1000 sentralt har ikkje svart på førespurnaden vår.

– Varierande kvalitet

Etter det NRK kjenner til er blomster som seljast i daglegvarebransjen delvis importert frå utlandet.

Men det er også mykje av dette som er produsert av norske gartneri.

Kunde Bjørg Sørensen liker ikkje at dei store kjedene tek over salet. Ho held seg difor unna.

Bjørg Sørensen, kunde, Arendal

Kunde Bjørg Sørensen meiner kvaliteten på plantane i daglegvarebutikkar ikkje er god nok.

Foto: Espen Bierud

– Blomster skal seljast hos faghandelen. Kvaliteten er klart dårlegare på daglegvarehandelen, meiner ho.

Kommunikasjonsansvarleg i Norsk Gartnerforbund, Siv Iren Sørensen-Moe, seier at kvaliteten på planter i matbutikkane kan variere.

– Plantene vert ofte levert i god stand, men dette er jo ferskvare. Så det er varierande korleis dei vert teke hand om vidare.

Ho stadfestar at stadig meir at det som vert levert frå hennar medlemmer flyttast frå blomsterbutikkar over til daglegvarebransjen.

– Det er i utgangspunktet positivt at de store kjedene sel meir plantar. Men dei kunne nok i større grad bruke fagfolk i butikkane for å ta hand om plantene, seier ho.

Publisert 05.06.2024, kl. 17.11

Read Entire Article