Fryktar enorm kaffimangel

4 hours ago 7



– Det er ein dramatisk situasjon. Dette er ein ny era. Vi har ikkje vore ute for dette før, seier Maja Wallengren.

Den danske kaffispesialisten og skribenten er nett kommen heim frå nok ein rundtur på kaffiplantasjar i Afrika, Asia og Mellom-Amerika.

Det ho såg på reisa, skaka henne. 

– Eg har aldri sett så massive øydeleggingar som bøndene no opplever, seier Wallengren. 

Ho trur situasjonen kan få store konsekvensar for alle som er glade i kaffi.

 Privat
PÅ TUR: Dei siste 31 åra har Maja Wallengren besøkt kaffibønder verda over. Denne sesongen reagerer ho på det ho har sett. Foto: Privat

Tørke, flaum og dårleg produksjon

I åtte månader har Wallengren reist rundt og besøkt kaffiplantasjar over heile verda, slik ho har gjort fleire gongar dei siste tretti åra. 

Men denne sesongen var noko fundamentalt annleis: Berre eit fåtal av bøndene har klart å oppretthalde normal produksjon. 

 Maja Wallengren
SKADAR: Kaffibønder i Uganda inspiserer skadane på avlingane som er oppstått som følge av tørke. Foto: Maja Wallengren

Ekstrem tørke, etterfølgd av flaum og overfløymingar, har øydelagd fleire gardar, og har gått hardt utover avlingane til kaffibøndene. 

– I fleire regionar var mellom 70 og 90 prosent av gardane øydelagde. Mange var heilt uttørka og visna, seier Wallengren.

Ho fryktar det vil bli ein enorm kaffimangel verda over når kaffilagera no er i ferd med å gå tomme.

– Om dette held fram, vil ein snart måtte leve frå innhausting til innhausting. Men med dårlegare avlingar vil ein ikkje klare å møte den stadig aukande etterspurnaden, seier ho.

 Magnus Nøkland/ TV 2
MANGEL: Ekspertar fryktar kaffimangel i framtida. Foto: Magnus Nøkland/ TV 2

Kan bli ei luksusvare

Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld kaffidrikking. For mange er det ein svært viktig del av kvardagen. 

Samstundes har kaffiprisane skote til vêrs. Skal vi tru ekspertane, er prisane berre venta å auke i framtida. 

– Mange vil nok føle at kaffi blir noko ein ikkje har like god råd til viss situasjonen held fram som no, seier Siri Elise Dybdal.

 Pier Lenci / Acorda Spesialkaffe
KAFFIBONDE: Siri Elise Dybdal i Acorda Spesialkaffe besøkte kaffibonden Leandro Rodrigues Dos Raies i Brasil. Dei har hatt nokre tøffe sesongar. Foto: Pier Lenci / Acorda Spesialkaffe

Ho jobbar for Acorda spesialkaffi, eit lite importfirma som samarbeider direkte med kaffibønder i Brasil. 

Her melder alle samarbeidsbøndene at dei har fått dårlegare avlingar i 2024 på grunn av tørke. 

– Bøndene i Brasil har fått store problem fordi det ikkje kom regn i blomstringa. Det går hardt utover både avlingane og bøndene, seier Dybdal. 

 Leandro Rodriguez Dos Raies
TØRKE: Kaffibonden Leandro Rodriguez Dos Raies opplevde at avlingane blei redusert på grunn av frost og tørke i fjor. I år har og forholda vore utfordrande. Foto: Leandro Rodriguez Dos Raies

Klimaendringane får skulda

Forskar Karl Thunes i NIBIO seier at kaffimangelen er eit varsla problem. 

Sjølv om det blir fleire og fleire kaffiprodusentar verda over, opplever dei fleste at avlingane blir dårlegare. 

– Det er samansette årsaker til dette, men fellesnemnaren er nok klimaendringar, seier Thunes. 

Han forklarar at kaffiplanten trivst best i eit temperert klima som ikkje er for varmt eller for kaldt. 

Når temperaturen stig, går det direkte utover avlingane. 

 Siri Elise Dybdal/Acorda Spesialkaffe
TENER LITE: Berre ti prosent av inntektene frå kaffiproduksjonen går til kaffibøndene, seier Siri Elise Dybdal. Resten går til mellomledd og til landa der kaffien blir brent. Foto: Siri Elise Dybdal/Acorda Spesialkaffe

– I tillegg gir høge temperaturar gode forhold for ein del organismar som ein ikkje vil ha, som soppar, insekt og andre organismar som trivst i eit varmare klima, seier Thunes. 

Han seier at i enkelte regionar, som i Mexico, kan mellom 80 og 90 prosent av arealet som no blir brukt til å produsere kaffi, bli utilgjengeleg i framtida. 

Bøndene kan difor bli tvungne til å flytte til andre område eller utvide produksjonsområdet. 

– Då må ein gjerne hogge ned meir skog eller erstatte eksisterande produksjon av mat med kaffi, seier Thunes. 

Frykt i marknaden

Ifølge Thunes blir det no jobba med å finne andre kaffivariantar som er meir robuste i møte med klimaendringane. 

Det er ingen enkel jobb. Frykta i marknaden er at ein ikkje vil få tak i nok kaffi, om ikkje situasjonen betrar seg. 

– Kan vi gå tom for kaffi? 

– Nei, det trur eg ikkje. Vi kan ikkje vere så pessimistiske, seier Thunes. 

Men både han og Dybdal trur vi må betale meir for ein kopp kaffi i framtida.

– Det blir spennande å sjå kor avhengige vi er av kaffi og kor mykje vi er villige til å betale for kaffien. På ein eller annan måte vil dette slå inn på oss som forbrukarar også, seier Dybdal.

Read Entire Article