Fryktar elg kan gå til angrep på små barn i byggefelt

3 days ago 7



Ei elgku og kalven hennar har skapt reine folkevandringa til byggefeltet på Nordmøre dei siste dagane. Mange vil ha eit glimt av dei to elgane som har slått seg ned i ein privat hage sidan før helga.

Der har dei forsynt seg med blad og bær frå hekken til Wenche Weiset Kolstrøm.

Måndag ettermiddag sprada elgkua rundt i fleire oppkjørslar, og raga godt i terrenget mellom garasjar og bilar.

No er Kolstrøm uroleg for at elgkua skal gå til angrep på ein av dei skuelystne.

Elg på Frei

Elgen på full fart mellom hus og bilar på Frei.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Han er råskummel eigentleg, for han har kalv. Ungane prøvar å klappe han, og det er ikkje heilt heldig. Det er skummelt å gå mellom, seier ho.

– Forstår ikkje folk at det er farleg?

– Nei, eg trur ungane må få streng beskjed heimafrå, rett og slett, om kor farleg det eigentleg er, seier ho.

For like ved hekken går skulevegen til ungane i området. Det kan bli dramatisk om nokon kjem for nært dei store dyra.

Ber folk halde seg unna elgen

Ein av naboane i byggefeltet har måndag ettermiddag patruljert området, for å halde vakt og jage vekk nysgjerrige folk.

Svein Øyvind Kolstrøm meiner folk må halde seg på god avstand.

Svein Øyvind Kolstrøm

Svein Øyvind Kolstrøm prøvar å passe på at det ikkje skjer noko samanstøyt mellom folk og dyr.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det var nesten sirkus her tidlegare i dag. Eg skjønnar at dette ikkje er noko folk får sjå ofte, men det kan skape ekle situasjonar. Vi er redd for at folk utset seg for unødvendig fare, seier han.

Elgku og kalv i hage i Frei

Elgkua og kalven i Frei.

Foto: Wenche Weiset Kolstrøm

– Har livets rett

Kolstad ringde politiet og fortalde om situasjonen måndag ettermiddag. Då blei han vist vidare til viltnemnda i kommunen.

Lars Erling Koksvik er viltforvaltar i Frei. Han seier dei følgjer med situasjonen, men førebels ikkje har sett inn noko tiltak.

Lars Erling Koksvik, skogbrukssjef og viltforvalter, Tingvoll kommune.

Lars Erling Koksvik er viltforvaltar i Frei. Han seier dei ikkje kan skyte alle dyr som folk synest er skremmande.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi kan ikkje skyte alle dyr som folk synest er skremmande eller store. Elgane har livets rett så lenge det ikkje er fare for folk, seier han.

– Men burde viltnemnda gjere noko når naboar rapporterer om at folk er nærgåande og vil klappe elgane?

– Nei, det syns eg ikkje. Det er forferdeleg sjeldan at det skjer noko. Men folk må sjølvsagt ikkje klappe dei. Dette er ville dyr, seier han.

Han strekar under at dei vil aksjonere dersom politiet ber om det.

– Eg er livredd

Wenche Weiset Kolstrøm er redd, men synest også det har vore stas med to elgar i hagen. Ho har aldri før sett slike firbeiningar på Frei. Mange har vore innom for å ta bilde av elgane i hagen.

Wenche Weiset Kolstrøm

Wenche Weiset Kolstrøm seier elgen har likt godt hekken hennar med blad og bær.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Men no håper ho den stikk til skogs før det skjer noko meir dramatisk.

– Eg er livredd, vi prøvar å skremme den bort, seier ho.

Publisert 14.10.2024, kl. 20.45 Oppdatert 14.10.2024, kl. 21.26

Read Entire Article