Frp varslar titals milliardar i skatte- og avgiftskutt

1 month ago 22



Skrote formuesskatten, kraftige kutt i inntektsskatten og bil- og drivstoffavgiftene, og fjerning av momsen på vatn, avløp og renovasjon.

Det er blant punkta på ønskjelista i Framstegspartiet (Frp) sitt programutkast.

– Det er spesielt viktig å redusere inntektsskatten, for å motivere fleire til å gå over i arbeid og få eiga inntekt, seier Hans Andreas Limi, finanspolitisk talsperson i partiet.

Hans Andreas Limi

LØNSAMT: – Vi har veldig mange på utsida i dag, og då må vi sørge for at det alltid er økonomisk lønsamt å vere i arbeid, ha eiga inntekt kontra ei yting frå det offentlege, seier Limi.

Foto: William Jobling / NRK

– Meir å rutte med

Ifølgje han hadde Frp levert skattekutt på 5200 kroner til folk med inntekter mellom 600–800.000 kroner i år, dersom dei sat med makta aleine.

– I tillegg ville vi redusert mykje på avgiftene. Så ein vanleg familie ville få rundt 2000 kroner meir i månaden å rutte med. Betydeleg meir enn det Vedum har levert, som neste år gir ei krone per dag, seier Limi, som skulda finansministeren for å skattebløffe, då han la fram forslag til statsbudsjett.

I fjor fekk staten inn like i overkant av 30 milliardar kroner i formuesskatt. Frp vil skrote heile.

– Det er viktig at vi har eit skattenivå som gjer at norske bedrifter overlever og blir i Noreg. Vi er nøydde til å ta debatten og skape gode utviklingsmoglegheiter for norske bedrifter og norske gründerar. Altfor mange flyttar no ut, seier Limi.

Kutt i bistand og klima

Prislappen på å skrote formuesskatten og momsen på vatn, avløp og renovasjon aleine er på kring 37 milliardar kroner.

– De snakkar om kutt for mange titals milliardar kroner. Kor skal dokke hente alle desse pengane frå?

– Vi vil redusere norsk bistand, vi vil kutte i symbolske klimatiltak som har liten eller ingen effekt på klimaet. Vi vil fjerne fylkeskommunen og legge ned dei regionale helseføretaka. Vi må rett og slett organisere oss på ein mykje meir effektiv og billegare måte, seier Limi.

– Kor skal du gå i Stortinget for å få fleirtal for dette?

– Det blir spennande å sjå etter valet neste år. Det er nok ei rørsle i enkelte parti, fordi skatt har blitt eit viktig tema på grunn av dei store skatteauken som den sittande regjeringa har gjennomført, seier Limi.

Regjeringsforhandlinger

SMIL: Det var store smil den gongen då Jan Tore Sanner (H), Erna Solberg (H), Hans Andreas Limi (Frp), Sylvi Listhaug (Frp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) var samla på Granavolden for regjeringsforhandlingar i januar i 2019.

Foto: Cornelius Poppe / NTB / POOL / NTB

NRK har spurt dei tre partia (Høgre, Venstre og KrF) som har sete i regjering med Frp tidlegare:

  • Ingen vil fjerne heile formuesskatten, berre den som er på arbeidande kapital
  • Alle er svært skeptiske til kutt i bistanden og kutt i klimatiltak
  • Tina Bru

    Yann Valerievich Belov / NRK

    Tina Bru, 2. nestleiar i Høgre

    – Då vi styrte sist, halverte vi formuesskatten på arbeidande kapital. Vi klarte dessverre ikkje å fjerne den heilt, blant anna fordi Frp ønskja å prioritere andre lettingar. No står ei samla borgerleg side saman om å fjerne den.

    – Det er vanskeleg å vite kva slags klimatiltak dei ønskjer å kutte i, men vi er opptekne av å føre ein klimapolitikk som kuttar utsleppa, ikkje utviklinga.

  • Portrettbilde Rotevatn, Sveinung

    William Jobling / NRK

    Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre

    – Reduksjonar i inntektsskatten kan absolutt ha noko for seg, men å kome med kraftige avgiftslettar på fossilt drivstoff og fossile bilar er heilt uaktuelt.

    – Å finansiere skattekutt med kutt i bistand og støtte til verdas fattigaste er både usolidarisk og lite klokt.

  • Portrett av mann med briller i dress

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Kjell Ingolf Ropstad, stortingsrepresentant for KrF

    – Dette er kjente takter frå Frp. Vi deler kampen om å fjerne den skadelege formueskatten på arbeidande kapital (og lette skatten for dei med dei lågaste inntektene).

    – Men det er ikkje aktuelt for KrF å svikte verdas fattigaste, ei heller kutte skattane så mykje at det går ut over skule, barnehage og eldreomsorg.

– Kva vil de gjere med lakseskatten?

– Vi meiner den bør endrast, fordi utforminga er veldig uheldig. Vi meiner skatten skal baserast på reelle inntekter og utgifter.

– Kvifor går ikkje Frp til val på å skrote den?

– Vi røysta mot den i Stortinget. Men no er den innført. Då meiner vi at det er fornuftig å lytte til næringa, og gjere dei tilpassingane som er naudsynte for å få det til å fungere, seier Limi.

– Regjeringa har innført ein exitskatt. Kva gjer de med den?

– Dei har endra innretninga på den, så det står att å sjå korleis den kjem ut i Stortinget. I utgangspunktet er vi i mot den.

Publisert 18.10.2024, kl. 07.59

Read Entire Article