Frivilligprisen til Nordland for første gong

1 day ago 1



For første gong har den nasjonale frivilligprisen frå Norges Bedriftsidrettsforbund gått til Nordland.

Prisvinnaren i år er Eilif Benjaminsen (37) frå Bodø.

– Eilif gjer ein fantastisk jobb kvar einaste veke når vi arrangerer Gampen-løpa. Han stiller alltid opp, enten det er som løypevakt, i sekretariatet, under rigging eller opprydding, seier Mona Lisa Skipnes, dagleg leiar i Bedriftsidretten i Nordland i ei pressemelding frå bedrifta.

Benjaminsen har sidan 2015 vore ein sentral del av arrangementsteamet og bidreg på alt frå Gampen-løpa til Bodø-stafetten og Adventsløpet.

– Han er gull verdt for oss, seier Skipnes.

Prisvinnaren sjølv seier han trivst best ute blant deltakarane, uansett vêr:

– Det beste er å sjå idrettsgleda hos folk. Eg er vasstett, ler han.

Read Entire Article