Frigjer namn etter flystyrten i Oppdal

3 days ago 8



Politiet frigjer namna på dei omkomne i samråd med dei pårørande.

Begge dei omkomne var heimehøyrande i Oppdal.

– Ei slik hending pregar eit lite samfunn veldig sterkt. No har me hatt ei stygg ulukke med det verst tenkelege utfallet.

Det sa varaordførar Tor Snøve måndag kveld.

 Åsmund Mellemsæter og Joachim Frich

Åsmund Mellemsæter og Joachim Frich omkom i flyulukka.

Foto: PRIVAT (MONTASJE NRK)

– To kjernekarar som vil bli djupt sakna

Begge dei omkomne var medlemmar i Oppdal flyklubb.

– Det er med djup sorg at me i Oppdal Flyklubb må melde at me har mista to kjære medlemmar og gode kameratar i ei tragisk flyulukke.

Skriv Oppdal flyklubb i lokalavisa Opp.

– Hendinga har skaka oss alle, og me står no samla i sorga og sakna etter våre tapte venner, skriv klubben.

Vidare skriv flyklubben at dei to omkomne var seriøse og sikkerheitsorienterte pilotar.

– Dei sette alltid tryggleiken først.

Flyet skal ha vore i god stand og godt halde ved like.

– Tankane og vår djupaste medkjensle går no til dei pårørande. Me står saman med dei i denne vanskelege tida og vil gjere vårt ytste for å støtte dei på alle måtar me kan, legg Oppdal flyklubb til.

Krasjlanda på E6

Mikroflyet med dei to mennene om bord krasjlanda måndag morgon på E6, like ved flyplassen i Oppdal.

Like etter begynte flyet å brenne.

Både krimteknikarar frå politiet og Statens havarikommisjon for luftfart har gjort undersøkingar på staden der flyet krasja.

Bildet viser ulykke etter flykrasj i Oppdal

Mikroflyet krasja i ein fjøsvegg like ved flyplassen på E6 i Oppdal.

Foto: Lars Hevle

Men det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka.

– Etterforskinga vil søke å avklare om ulykka skuldast tekniske feil, vêr- og flyforhold, eller andre omstende. Dette er tidkrevjande og omfattande arbeid, og det er for tidleg å si noko om årsaka til ulykka.

Det sa fungerande politistasjonssjef Per Christian Stokke ved Heimdal politistasjon til NRK.

Mikroflyet har ingen svart boks og det er dermed få spor eller data å hente om mikroflyet og sjølve turen.

Politiet vektlegg vitneobservasjonar og har gjort fleire vitneavhøyr av personar som observerte flyet rett før eller medan det styrta. Det er avgjort obduksjon av dei to omkomne.

Havariinspektør Gjermund Holm Kjerkreit i Statens havarikommisjon for luftfart undersøker ulykkestedet i Oppdal der et mikrofly krasjlandet.

Havariinspektør Gjermund Holm Kjerkreit undersøker flyvraket.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Havariinspektør Gjermund Holm Kjerkreit beskriv skadane på mikroflyet som omfattande.

– Det er hovudsakleg på grunn av brannen som braut ut kort tid etter havariet, seier Holm Kjerkreit til NRK måndag kveld.

Følger opp

Kommunen har sett kriseteam, følger opp vitne og dei pårørande.

– Me kjem til å følge opp dei som har behov for det. Me kjem til å hjelpe til så godt me kan, og vurderer det fortløpande etter kva behovet er, sa varaordføraren.

Han beskriv det som tungt for alle i det vesle lokalsamfunnet.

– Tankane våre går til dei pårørande og råka. No må me gjere det beste me kan for å ta vare på dei i denne situasjonen.

Publisert 05.07.2024, kl. 14.59 Oppdatert 05.07.2024, kl. 15.30

Read Entire Article