Forsvann i lause lufta

3 days ago 8



Fyrverkeri-tyveri:

Fleire batteri med fyrverkeri er forsvunne frå ein butikk i Bergen. Ingen veit kvar det har teke vegen.

 Pål S. Schaathun / TV 2
BORTE VEKK: Fleire batteri med fyrverkeri har på mystisk vis forsvunne frå ein container tilhøyrande Europris Midtun. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Publisert 30.12.2024 19:44

– Det har vore ein spesiell morgon. 

Det seier ein tilsett ved Europris Midtun til TV 2.

For det vart ein annleis start på arbeidsdagen. Då dei skulle opne butikken oppdaga ein tilsett at ein av containerane som inneheld fyrverkeri var opna.

På innsida var det betrakteleg mindre innhald enn det eigentleg skulle vere.

Delar av fyrverkeriet som var meint å seljast til nyttårsfeirande bergensarar var plutseleg forsvunne.

Uvedkomande på ferde

– Vi har lagt opp til to gode salsdagar, so dette er kjedeleg. Vi likar ikkje at det er fyrverkeri på avvege. 

Det seier regionsjef i Europris Bergen, Jon Bjørndal-Ruud. 

Han vart kontakta når butikktilsette oppdaga at det mangla ein god del fyrverkeri i containeren.

For i løpet av natta hadde nokre uvedkomande brote seg inn i containeren og forsynt seg grovt. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
EIN ANNLEIS ARBEIDSDAG: Det var noko som ikkje stemte når dei tilsette skulle opne butikken på Midtun. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

– Vi veit at cirka halvparten av kruttmengda som var i containeren er vekk. Men av det totale fysiske volumet so er det gjerne snakk om rundt ein 35 til 40 prosent. For oss ser det ut som dei visste nøyaktig kva dei gjekk etter.

Det var heller ikkje snakk om å gå for dei små, lette fyrverkeribatteria. Tjuvane hadde gått rett på dei store, tunge batteria med mykje krut.

Men førebels er det ikkje klart kor mykje dei har klart å få med seg av verdi.

– Må ha vore proff

Containeren er spesiallaga av leverandøren for å brukast til oppbevaring og lagring av fyrverkeri ettersom det er eit relativt strengt regelverk knytt til dette. 

Det gjere at regionsjefen ikkje trur det har vore noko amatøraften under brekket. 

– Eg veit nesten ikkje sjølv korleis ein opnar desse containerane. Hengelåsen er ikkje lett synleg og det er ikkje berre-berre å finne ut korleis ein skal gjere det. Du må nok ha vore proff for å få opp låsen, seier Bjørndal-Ruud. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
SPESIALLAGA: Det er ikkje ein vanleg container fyrverkeriet er blitt oppbevart i. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Gjennom dagen har Europris jobba med å få oversikt over nøyaktig kva av fyrverkeri som vart levert i containeren.

Lenge var det derfor usikkert om dei kunne starte å selje i det heile eller om det som var att måtte flyttast til andre butikkar. 

Etter ei stund vart det likevel klart at det var mogleg å selje det som var att og at det var nok til at salet kunne starte. 

– Vi hadde heldigvis ein del att, so vi kunne byrje salet. Men det har vore ein strevsam dag.

 Pål S. Schaathun / TV 2
FEKK IKKJE MED SEG ALT: Tjuvane lot ein del av dei mindre batteria bli liggande att og butikken kunne difor starte fyrverkerisalet ein del timar forseinka. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Manglar spor

Politiet vart varsla om det sakna fyrverkeriet like før klokka 08 måndag morgon. 

Patruljen som kom til staden byrja med å gjere undersøkingar og ønskja å kome i kontakt med lokale som kanskje kunne ha sett noko. 

Enn so lenge so har det vore vanskeleg. 

– Vi skal sjekke overvaking i området. Men førebels er det ingen som har meldt noko til oss av tips. 

Det seier operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit.

No håper dei at det kan snu og at det kanskje er nokon som har sett noko.

– Det vart oppretta sak på forholdet. Vi har også hatt nokre bilar i området som har prøvd å kome i kontakt med folk. Men vi er veldig interessert i tips om folk har observert noko.

Read Entire Article