Forskarar slår alarm: Livets tre står i fare for å døy ut

5 hours ago 3



Eit dramatisk dødsdrama ingen anar konsekvensen av føregår no i norske skogar.

Eit soppangrepet går nemleg no utover eit av våre viktigaste edellauvtre, nemleg ask.

Så viktig er asken at det allereie i norrøn mytologi fekk kallenamnet «Livets tre».

Et asketre kan bli over 200 år gammalt.

Men no kjempar det historisk viktige treet for livet. Diverre ser det ser ut til å tapa.

– 80 prosent døydeligheit

– Det er dramatisk. Eg trur ingen hadde sett for seg at det skulle bli så gale som det faktisk er. Me ser no ein massedød av ask over heile landet, seier forskar Fride Høistad Schei hjå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Ho møter NRK i ein skog i Bjørnafjorden i Vestland, det området i Noreg som er hardast råka.

Over heile Europa møter asketrea den same lagnaden.

– Det er 80 prosent døydeligheit i Europa no, seier ho.

Sammenligning av to bilder

Før

en vassmasse med trær rundt

Etter

grøn skog med gras i framgrunnen og sjø i mellom

Desse to bileta viser korleia askeskuddsjuka har angripe skogen i Storomsvågen i Bjørnafjorden kommune.

Spreier seg raskt

Asketrea har vist teikn på at noko er gale ei stund, og det første tilfellet av askeskuddsjuka i Noreg blei oppdaga på Austlandet i 2008.

Allereie då åtvara forskarar mot at sjukdommen ville få store konsekvensar i Noreg.

For no finst det knapt område utan sjuke og døde tre igjen i Noreg.

– Det siste asketrea gjer før dei døyr er å spreia masse frø. Difor er det ofte ein god del unge asketre rundt dei gamle og sjuke trea. Men så fort dei når ein viss høgde, så vert også angripe og døyr, seier Ari Hietala, seniorforskar ved Nibio.

Tidlegare anslag tyda på at sjukdommen kunne spreia seg om lag 50 kilometer per år.

I dag er det usikkerheit om talet, men:

– Askeskuddsjuka finst no stort sett overalt i Noreg der det er ask, seier Hietala.

et tre med en stor stamme

Her eit døme på ei ask som er sjuk.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Asketre er kjente innslag ved fleire store landemerke i Noreg, mellom anna ved Reins Kloster i Rissa i Trøndelag.

Ved det gamle medelalderklosteret på Halsnøy i Kvinnherad er fleire av trea angripe, og nokre er felt, skriv Kvinnheringen.

Aske-alléen opp til Reins kloster i Rissa i Indre Fosen

Her, ved Reins kloster i Rissa, er asketre sentrale.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Kom med innførsel av planter

Sjukdomen, som er forårsaka av soppen askeskuddbeger, kom til Europa frå Asia på byrjinga av 1990-talet.

Innførsel av planter har ført den til våre breiddegrader.

– I Asia lev denne sopptypen i harmoni med asken og gjer ingen skade der, men i Europa er fleire skogar allereie kraftig endra. No står skogen vår for tur, fortel Schei.

Soppsporane til askeskuddbeger blir spreidd med vinden over store område om gongen.

– Unge tre dør fort, medan eldre tre kan kjempa i mange år. Slik situasjonen er i dag er me på god veg til å mista ein stor del av asken vår, anslår Schei.

Et nærbilde av tynne greiner med hvit sopp

Her er spora som spreier den dødelege soppen. Det har teke knekken på nær sagt all levande ask i Noreg.

Foto: Isabella Børja / NIBIO

Massedød

At askeskuddsjuke har stor dødelegheit er tydeleg i Storomsvågen i Bjørnafjorden.
I 2007 var askeskogen her heilt frisk, men i dag er det eit sørgeleg syn som møter skogforskaren.

Når bladverket til asken fell ned om hausten, påverkar det jordsmonnet som andre artar er avhengige av.

et tre med blader

Her skulle det ha vore ei frisk og grøn trekrone. I staden er det nesten ikkje blad.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Eg er veldig redd for tilleggskonsekvensane dette kan få. Når ein art går så kraftig tilbake får det fylgjer for andre artar, seier Schei.

– Men naturen har endra seg til alle tider, er det så farleg?

– Menneske har gjort så mykje skade på naturen at me er nøydde til å restaurere. Heldigvis er det ein del friske planter innimellom. På Fanafjellet i Bergen har me ein del småtre av aska som me håpar har betre gen og kan overleva angrep frå soppen. Å ha asketre med genar som har motstand mot sjukdommen vil bli heilt avgjerande for framtida til askeskogane i Noreg, svarar Schei.

en dame med briller i gul turjakke

Fride Høistad Schei, forskar på Nibio, er djupt uroa over kva som skjer med asketrea. Men ho fortel om enkelte lyspunkt.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Publisert 18.06.2025, kl. 05.47

Read Entire Article