Nord-Noregs største gardsbruk kan bli lagd ned: – Uforståeleg

5 hours ago 3



Bodin gard er med størrelsen sin på nærare 1000 dekar, ein av Nord-Noregs største gardar.

Den fylkeskommunalt eigde garden har ei historie som strekker seg tilbake til 1897. Og kyrne her var ein av dei første som blei brukte i kuterapi av Nordlandssykehuset.

No står garden i fare for å bli lagd ned.

– Vi har fått fleire førespurnader med spørsmål om kva som skjer med Bodin Gård framover. Dagens drivar ønsker å avvikle drifta av mjølkeproduksjon på garden, og noko av bakgrunnen for avgjerda er eit varsel om brot på dyrevelferdslova.

Det seier Christian Torset, gruppeleiar for SV i Nordland fylkesting, i ei pressemelding.

Bakgrunnen skal vere at Nordland fylkeskommune ikkje har utført vedlikehald på båsskiller og båsmadrassar. Ifølge Torset vil det koste i underkant av 800.000 kroner å fikse dette, som også vil lukke eit avvik frå dyrevelferdslova.

– Dersom fylkesrådet no avviklar framtidig gardsdrift og leiger ut jorda ved Bodin Gård til andre gardsbruk, så er ei æra over for det historiske, nordnorske gardsbruket. Det ville vere ein trist dag, meiner han.

– Uforståeleg

SV meiner dette er ei fallitterklæring frå eit fylkesråd styrt av Senterpartiet.

Han er klar på at investeringar på rundt 6 millionar kroner er ein liten pris å betale for å fortsette drifta ved gardsbruket.

Christian Torset, Nordland SV

Gruppeleiar for SV, Christian Torset, meiner at 6 millionar er ein liten pris å betale for å fortsette drifta av garden.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell

Torset meiner ei større renovering og modernisering av driftsbygningen er noko fylkesrådet burde prioritere.

– Det ser ut som det har vore ei rein trenering for å sleppe å halde oppe drifta. Det er så små summar det er snakk om, og ein såg viktig går, at det er uforståeleg at Senterpartiet, av alle, ikkje klarer å finne pengane, seier Torset.

– Har ansvar for å finne ei god løysing

Etter ti år har han som driv Bodin gard sagt opp leigeavtalen, og går av med pensjon.

Fylkesråd for utbygging og eigedom, Lise Henriette Rånes (H), har ansvaret for Bodin gard, og seier i ei pressemelding at dei no skal bruke tid på å finne ut av kva som skal skje vidare.

– Vi skal bruke våre eigne fagfolk på landbruk, og vi skal sjølvsagt gå i dialog med landbruksnæringa og organisasjonane, seier ho og legg til:

– Med garden følger det også forvaltning av store område i Bodømarka. Fylkesrådet har ansvar for å finne ei god løysing for Bodin gard si framtid. Og så held eg heilt ope kva det skal vere.

Bilete av Flatvold Studentboliger i Bodø

Fylkesråd for utbygging og eigedom, Lise Henriette Rånes (H) seier garden har hatt mange ulike funksjonar opp igjennom tidene.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Det er fleire faktorar fylkeskommunen må ta stilling til. Som om garden framleis skal drive med mjølkeproduksjon, eller om det er større behov for grønsaker og anna husdyrhald.

Dei må også bestemme seg for om garden framleis skal drivast i regien deira, eller om den skal forpaktast bort. For det er driveplikt på garden.

Uansett krevst det store oppgraderingar, og fylkeskommunen har ikkje så mykje pengar å rutte med.

– Stramme økonomiske utsikter

– Vi har stramme økonomiske utsikter framfor oss. Å drive gard er ikkje ei kjerneoppgåve for ein fylkeskommune.

Det seier fylkesråd for finans og organisasjon, Aina Nilsen frå Senterpartiet i pressemeldinga. Ho legg til:

– Samtidig ligg denne garden slik til at han uansett utgjer ei viktig brikke både i utviklinga av fylkeshovudstaden, men også reint landbruksfagleg.

Kuterapi vd Bodin gård

Foto: Kåre Riibe Ramskjell

Nilsen seier det er mange forhold som må avklarast, men lovar i pressemeldinga at alle korta skal leggast på bordet når framtida til Bodin gard skal avgjerast.

– Vi veit at det alltid har vore sterke meiningar knytte til Bodin gard, blant anna fordi han ligg såpass tett inntil sentrum av fylkeshovudstaden, seier Nilsen.

Publisert 18.06.2025, kl. 10.27

Read Entire Article