Irans øvste leiar: – Israel har gjort ei stor tabbe

6 hours ago 3



– Folk vil ikkje gløyme blodet frå martyrane og angrepa på vårt territorium.

Talen er dei første orda som har kome frå Khamenei sidan sist fredag, då krigen starta med ei rekke israelske angrep mot Iran.

Denne gongen blei det sendt eit opptak der han heldt den personleg - ofte er det ein programleiar som les opp ein tekst.

Khamenei seier at dersom USA også går til angrep, vil det ha «alvorlege, uopprettelege konsekvensar».

– Vise menneske som kjenner Iran, folket og nasjonen si historie, vil aldri snakke til den med truande språk, for iranarar er ikkje slike som overgir seg.

En stor reklametavle på en bygning i Tel Aviv, der det står "her president, fullfør jobben" med eit bilete av Donald Trump

«Herr president, fullfør jobben!» står det på ein reklameplakat i Tel Aviv onsdag.

Foto: GIL COHEN-MAGEN / AFP / NTB

USAs president Donald Trump skreiv tysdag i eit innlegg på Truth Social der han kalla for at Iran «OVERGIR SEG UTAN VILKÅR».

Trump hevda då at amerikanarane visste kvar Khamenei heldt til, men at dei ikkje kom til å drepe han «foreløpig».

Tysdag kveld heldt presidenten eit møte med sitt nasjonale tryggingsteam om situasjonen, som varte i 90 minutt.

Etterpå hadde han ein telefonsamtale med Benjamin Netanyahu, melder Axios.

Amerikansk avis: Dyrt å bruke luftvernet lenge

Det har også vore angrep mot Israel gjennom natta. Men ingen personar er meldt skadde eller drepne.

Det har tidlegare blitt meldt luftvernssystemet Iron Dome er dyrt å bruke i lang tid. Den israelske avisa The Marker skriv at det kostar så mykje som 285 millionar dollar per natt.

Washington Post skreiv tysdag at Israel truleg berre ville kunne halde det gåande i 10 til 12 dagar samanhengande, dersom Iran held fram med jamlege angrep.

en bygning i nattemørket med små lys på himmelen i bakgrunnen

Frå Damaskus i Syria kunne ein sjå iranske missil på veg mot Israel natt til onsdag.

Foto: LOUAI BESHARA / AFP / NTB

Det at Iran eig våpenlager som er skjulte under bakken, betyr at det er vanskeleg å rekne kor mange missil dei har å bruke.

Men dei har allereie senka tempoet i angrepa sine mot israel, melder avisa vidare.

Onsdag morgon sa iransk statleg TV at lufvernet i landet hadde klart å skyte ned ei avansert israelsk Hermes-drone. Dette har det israelske militæret (IDF) bekrefta.

Cruise-skip med evakuerte framme på Kypros

Om lag 1500 unge vaksne som deltok på ei reise med Birthright Israel, som organiserar turar for folk med jødisk slekt, har blitt evakuerte med cruiseskip til Kypros.

Det seier operatøren av det israelsk-eigde skipet MS Crown Iris, som desse skal ha reist med. Reuters har intervjua nokre av dei som no har gått i hamn.

– Vi var i Tel Aviv. Klokka var tre om natta då vi byrja å høyre flysirener, så vi gjekk til bomberommet, seier amerikanske Sasha, som kjem frå Los Angeles.

– Kvar dag sidan då har vi høyrt sirenene og sett missil over oss.

en gruppe unge mennesker som står i kø med koffertene sine

Desse skal alle vere deltakarar på ei Birthright Israel-reise, ifølge operatøren av skipet som evakuerte dei.

Foto: Yiannis Kourtoglou / Reuters / NTB

Dorian har reist hit frå New York.

– I Israel var det veldig skummelt. Vi sov ikkje på mange netter, så vi var alle veldig slitne. Men no kan vi puste letta ut.

Luftrommet i Israel har vore stengt sidan sist fredag. Dette førte til at fleire titusen menneske har vore faste i landet medan krigen gjekk føre seg.

MS Crown Iris skal også frakte israelske borgarar som vil inn i landet, frå Kypros til Israel.

Om lag 50.000 israelske borgarar prøvar no å kome seg heim, melde Reuters tysdag.

Publisert 18.06.2025, kl. 14.18 Oppdatert 18.06.2025, kl. 14.46

Read Entire Article