Denne dalen på Svalbard skulle vore dekt med snø. I staden blei forskarane møtt av ein sandstorm.
Publisert 10.05.2026 16:26
Åshild Ønvik Pedersen og Eva Fuglei har begge lang fartstid som forskarar på Svalbard. Dei siste åra har dei merka tydeleg at klimaet endrar seg og at vår og vinter stadig blir mildare.
Men då dei reiste nordover i april i år, blei dei sjokkert.
– Vi veit at klimaendringane skjer raskt, men i år fekk vi mildvêret midt i fleisen, seier Ønvik Pedersen.
Ho seier dei blei overraska over kor kraftfullt mildvêret var og dei høge plussgradane, og i kva grad dette no skulle påverke jobben deira.
– Det er første gong eg ikkje har fått gjort så mykje av jobben på grunn av vêrforholda, seier Fuglei.
Sand i staden for snø
Kvar april reiser forskarane frå Polarinstituttet til Svalbard for å gjere feltarbeid der dei overvaka dei stadeigne artane, svalbardrein og svalbardrype.
Begge er biologar og forskar på kvar sine artar. Ønvik Pedersen overvakar bestanden av svalbardreinen og Fuglei overvakar svalbardrypa.
Dei er begge avhengig av snøscooter for å kome seg rundt for å mekre rein og telle ryper. Men då dei reiste opp i år, var moglegheitene for dette svært redusert.
Det unormalt milde vêret, med regnvêr midt i april, førte til kraftig snøsmelting. Snøen blei vassgjennomtrukken til botn og bekkar blei til elver.
– Dette gjorde det nesten umogleg å bevege seg, sjølv her på 79 grader nord. Vi kunne ikkje gjennomføre alt det vi skulle, fortel Ønvik Pedersen.
I Adventdalen møtte forskarane til og med på ein sandstorm.
– På grunn av det tynne snødekket var sanden i elvebotnen, som pleier vere dekka av snø, eksponert for kraftig vind. Den kraftige vinden skapte nærmast eit inferno av sand. Det såg nesten ut som vi var i Sahara, skildrar Fuglei.
Ho blei så overraska at ho tok bilde av sandstormen og delte det med nokre kollegaer. Då fekk ho svar at ein tilsvarande sandstorm hadde blitt observert ein annan stad på Svalbard same dag.
– Eg har sett sandstorm på Svalbard før, men det var utpå seinhausten. Eg har aldri sett det så tidleg på året, seier Pedersen.
Fleire varmerekordar
Sandstormar på Svalbard er uhyre sjeldan på denne tida av året, stadfestar Ketil Isaksen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.
– Ein ser gjerne slike sandstormar på seinsommaren eller hausten, men ikkje i april. Då pleier bakken vere frosen og full i snø. Men i år har det vore veldig spesielle forhold, seier han.
I mars og april skal det nemleg normalt sett vere full vinter på Svalbard, men i år blei det sett varmerekord begge månadane. I tillegg har det vore ein snøfattig vinter og rekordtidlig tining av bakken.
– Det er ekstremt uvanleg med varmerekord to månadar på rad. Men ein ser oftare og oftare at det kjem nye rekordar på Svalbard. Også somrane har vore unormalt varme dei siste åra, seier han.
Må booke om
Også turistnæringa er blitt råka av mildvêret i år. Ronny Brunvoll i Visit Svalbard seier aktivitetsbedriftene raskt måtte omstille seg frå vinter til sommar.
– Særleg skuter og hund har blitt booka om til båt og anna. Litt krevjande, men gjestane har uansett fått gode opplevingar, vil eg tru, seier Brunvoll.
– Ikkje sånn det skal vere, men sånn er det altså i 2026, lite føreseieleg.
Eitt lyspunkt
Trass den skremmande utviklinga, ser forskarane eitt lyspunkt: Det ser ikkje ut til at verken svalbardreinen eller rypene tar umiddelbar skade av temperaturauken.
Ifølgje forskarane er rypebestanden på eit høgare nivå enn sidan starten av 2000-talet, og bestanden av svalbardrein har dobla seg samanlikna med tida før klimaendringane.
Men uroa er likevel større enn gleda.
– Vi veit ikkje korleis dyra tilpassar seg på lang sikt til dei store endringane i deira levemiljø. Med klimaendringane kan det kome sjukdommar og parasittar som kan få store konsekvensar for isolerte bestandar på øygruppa.
Fryktar for arktis
– Dette er veldig bekymringsfullt. Det er ein trend at klimaet endrar seg, temperaturen aukar og det arktiske klimaet vil forsvinne. Det er berre eit spørsmål om tid, seier Fuglei.
Forskarane ønskjer no å fortelje om opplevinga deira for å sette ytterlegare fokus på problema klimaendringane fører med seg.
– Kvart år møter vi nye utfordringar relatert til vêr og klima. Det er viktig å fortelje om dette til folk og politikarar, til alle som har makt og myndigheit, slik at vi faktisk gjennomfører dei tiltaka som er nødvendige for å stoppe klimaendringane, seier Ønvik Pedersen.







English (US)