Formuesskatten er ei stor byrde for norske bedriftseigarar

3 hours ago 7



Foto: Tornes, Erik

Publisert: 19.09.2024 23:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Andreas Slettholm i Aftenposten skreiv i sin kommentar 9. september at kampen mot formuesskatten handlar om milliardærar og nullskattytarar. Dette er ei grov forenkling av ei problemstilling som rammar breitt i norsk næringsliv, også små og mellomstore bedrifter, som utgjer 98 prosent av bedriftene våre.

Det er misvisande å påstå at formuesskatten berre rammar dei aller rikaste. Ein stor del av formuesskatten blir betalt av små og mellomstore bedrifter. Utlendingar som eig bedrifter i Noreg, slepp denne skatten. Dette er konkurransevridande og plasserer norskeigde bedrifter i ein negativ spiral og i ein konkurranse ein er dømt til å tape. Det strir mot all fornuft at like bedrifter skal skattleggast ulikt. Og spesielt at det er den utanlandske kapitalen som skal favoriserast.

Dette er ein urett mot norskeigd næringsliv som er uråd å forsvare for nokon.

Advokatane mine har aldri påstått at formuesskatten er «tyveri». Det vi har peika på, er at formuesskatten i praksis kan verke som ei konfiskering av privat eigedom når skatten må betalast sjølv om bedrifta går med underskot. Dette kan få alvorlege konsekvensar: Bedrifter kan bli tvungne til å selje eigedelar, ta opp gjeld eller i verste fall stenge dørene for godt. Slik problematikk finst ikkje med selskapsskatten, som berre blir berekna på overskot.

Finansieringa av denne saka er eit spleiselag av nesten 300 innbetalingar frå småbedriftseigarar, mange med avgrensa ressursar. Dette viser kor breitt engasjementet er for denne saka og korleis den opprører eit mangfald av aktørar i norsk næringsliv.

Slettholm kritiserer òg mi uttale om at formuesskatten har tatt liv. Dette handlar om at formuesskatten er ei stor psykisk belastning for bedriftseigarar som slit.

Når ein har bygd opp livsverket gjennom mange år og så opplever periodar utan overskot, er det ei stor påkjenning å måtte betale formuesskatt år etter år utan å vite kvar pengane skal kome frå. Denne belastinga er unik for formuesskatten.

Lars Oscar Øvstegård, småbedriftseier

Read Entire Article