Foreslår «Putin-Trump-tunnel» mellom Russland og USA

3 hours ago 2



Det er ikkje kven som helst som står bak forslaget. Kirill Dmitrijev er altså ein nær medarbeidar av presidenten og dessutan leiar for det statlege investeringsfondet i Russland.

Og han har hatt ei sentral rolle i arbeidet for å styrkje kontakten med USA. Denne helga er han i USA for blant anna å diskutere økonomisk samarbeid.

Dmitrijev presenterte forslaget om den 11 mil lange tunnelen etter at Donald Trump og Vladimir Putin hadde snakka saman på telefon. I samtalen blei dei samde om å møtast i Budapest i nær framtid for å diskutere ei løysing på krigen i Ukraina.

Ambisjonen er å binde saman Asia og Nord-Amerika.

Frå Tsjukotka i Russland til Alaska i USA, via Beringstretet.

Elon Musk-selskap

Ein tunnel mellom dei to landa vil bidra til auka handel, opne for felles utforsking av naturressursar og «symbolisere einskap», ifølgje Dmitrijev.

Kirill Dmitriev med bart

Den russiske spesialutsendingen Kirill Dmitrijev.

Foto: Sergei Savostyanov / AP / NTB

«Med moderne teknologi frå The boring company kan dette bli ein Putin-Trump-tunnel som knyter saman Asia og Nord-Amerika for 8 milliardar dollar», skreiv han på X.

The Boring Company er eit amerikanske tunnelselskap som Elon Musk eig.

Dmitrijev meiner prosjektet bør kunne la seg realisere på åtte år. Han har arbeidd med ei utgreiing om det i seks månader.

Musk har ikkje kommentert forslaget, men i april la han ut ein video som viser kor liten avstand det er mellom USA og Russland.

Eit par dagar etter at Dmitrijev hadde presentert forslaget, blei Donald Trump spurd om ein kommentar.

Interessant, var svaret.

diagram

Det er rundt 85 kilometer i luftlinje mellom fastlandet i USA og Russland. Tunnelen, som det foreslått å byggje under Beringstretet, vil bli ca. 112 kilometer lang. I midten ser vi dei to Diomedesøyane, som ligg på kvar si side av grensa. Den internasjonale datolinja går også mellom øyane. Når det er søndag på den vesle øya (til høgre) er det måndag på den store (til venstre).

Foto: Kirill Dmitriev/@kadmitriev via X / @kadmitriev via X / Reuters / NTB

Ein «fredstunnel»

Ideen er på ingen måte ny. Det har vore mange planar opp gjennom åra, både om bru og tunnel. Prosjekta er blitt omtalte som «internasjonal fredsbru» og «interkontinental fredstunnel».

Allereie i 1890 såg dei første planane dagens lys. Guvernøren i Colorado foreslo ein jernbanetunnel under Beringstretet som ein del av eit globalt transportnettverk.

På 1960-talet var prosjektet blitt tema på presidentnivå.

Skjermbildet viser et innlegg på X av Kirill Dmitiriev som viser gamle planer for en undersjøisk tunnel mellom USA og Russland.

Spesialutsending Kirill Dmitrijev sitt innlegg på X, der han foreslår å ta opp igjen planane om ein tunnel under Beringstretet.

Faksimile: Kirill Dmitriev / X

I innlegget på X tok Dmitrijev med ei teikning frå den kalde krigen. Teikninga viser ei «Kennedy-Khrushchev World Peace Bridge» over havstykket mellom USA og Russland.

John F. Kennedy var amerikansk president i perioden 1961 til 1963, mens Nikita Khrusjtsjov var øvste leiar for Sovjetunionen frå 1953 til 1964.

Seinare har prosjektet dukka opp fleire gonger, i fleire variantar, utan at det er blitt noko meir enn planar på eit teiknebrett. I 2007 var det tema for ein stor konferanse i Moskva.

Selskapet InterBering, LLC i Anchorage har laga ei nettside om prosjektet, som blant anna viser korleis ein eventuell tunnel under Beringstretet kan bli eit viktig bindeledd i det internasjonale jernbanenettet.

en person som holder et kamera opp til ansiktet

Midnattssol i Beringstretet. Til høgre ser vi den vesle Diomedesøya, som er ein del av Alaska. Til venstre, berre 3,8 kilometer unna, ligg den store Diomedesøya, som er russisk. Biletet er tatt ved datolinja, frå den finske isbrytaren MSV Nordica.

Foto: David Goldman / AP / NTB

Russland – USA: 3,8 kilometer

Beringstretet knyter saman Tsjuktsjarhavet, sør i Polhavet, og Beringhavet i Stillehavet. På austsida ligg den amerikanske staten Alaska, og i vest ligg Tsjukotka-distriktet i Russland. I luftlinje er det rundt 85 kilometer frå fastlandet på den eine sida til den andre.

Midt i sundet ligg Diomedesøyane. Den eine er russisk, den andre amerikansk. På den amerikanske øya bur det i underkant av 100 menneske.

Det er berre 3,8 kilometer mellom øyane. I tillegg til riksgrensa, går også den internasjonale datolinja her.

Det er 21 timar i tidsskilnad mellom dei. Når det er søndag på den vesle øya (amerikansk) er det måndag på den store (russisk).

Når isen er trygg, kan ein gå til fots mellom Russland og USA. På nyttårsaftan i USA kan ein lett «spasere inn i det nye året» ved å ta turen over til den andre sida av grensa.

Putin og Trump håndhilser.

Vladimir Putin og Donald Trump helste på kvarandre før toppmøtet i Alaska tidlegare i år.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

– Luftslott

Mange meiner ei jernbanelinje mellom USA og Russland vil ha stor nytteverdi som transportrute, i tillegg til å vere eit symbol på fredsbygging og forsterka internasjonalt samarbeid.

Kritikarane meiner dette er eit urealistisk luftslott. I tillegg til sjølve tunnelen, vil det vere nødvendig å byggje fleire tusen kilometer med tilstøytande jernbanespor og vegar. Det må også etablerast straumforsyning.

Alt dette er både dyrt og vanskeleg i avsidesliggjande område med tundra, temperaturar ned i 50 minusgrader og lang mørketid.

Dei næraste områda med busetnad ligg meir enn 5000 kilometer unna – på begge sider. I dag er det heller ikkje samanhengande jernbanelinje mellom Alaska og resten av USA eller Canada.

Dei potensielle godsmengdene er ikkje store nok til at prosjektet vi lønne seg, samanlikna med transport til havs, meiner kritikarane.

Tidlegare har jernbaneprosjektet vore kostnadsrekna til mellom 50 og 100 milliardar dollar. No meiner altså Kirill Dmitrijev at det kan gjennomførast langt billegare.

Publisert 26.10.2025, kl. 11.15 Oppdatert 26.10.2025, kl. 11.19

Read Entire Article