«Førebels vil strik­karane følgjer same mønster som i tidle­gare oppgjer»

1 week ago 8



Leserinnlegg
Leserskribenten bidrar med et humoristisk skråblikk på lønnsforhandlinger og håndarbeid i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Leserskribenten bidrar med et humoristisk skråblikk på lønnsforhandlinger og håndarbeid i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det er brudd i forhandlingane til strikkarane, så nå går saka til hekling. Drøftingane følgjer same mønster som ved førre brot.

– Forhandlingane er ikkje just i perlestrikk, seier Strikkelise Wrangbårdsen, leiar for kampklare pinnefolk.

Fare for fleire omgangar må til utover natta. Begge motpartar hevdar alt har rakna etter fleire riller. Korleis avfellinga blir etter siste omgang er uvisst. Eit av hovudkrava frå strikkarane er at det kjem strikkepinnar for keivhendte. Dei krev også auke i masketalet. Strikkarane er førebudde på streik, og har planar om å leggja ut fleire snubletrådar. Fra folk på utsida av forhandlingane er det mykje hakking.

Bjørn-Harald Mydland/ Myddis

Leserskribent, forfattar og strikkar

Strikkarane krev leveleg økonomi og vil ikkje berre blir avspist med nokre buntar med restegarn, – eller berre eit par bambuspinnar. Leiaren for motparten ser inga løysning, og hevdar han vil leggja opp etter årets konflikt. Han meiner strikkarane er vrange, og viser ei sterk venstrevridd maske. Dessutan ser han stor fare for at alt vil rakna.

Riksheklemannen har prøvd å nøsta opp alle lause trådar. Hans rokk spinnar stadig opp meir tråd, men ingen går i nettet. Fleire framlegg til nye inspirerande fletter er lagt, men strikkarane finn stadig nye strikkehol i alle mønstre. Snart ser han vel ikkje det spøtt, og ser inga løsning som kan binda partane.

Førebels vil strikkarane følgjer same mønster som i tidlegare oppgjer.

Leiaren for strikkarane hevdar motparten er som ein heklekrok og har missa kvar ei maske. Publikum tykkjer strikkarane sine krav er både rette og vrange.

Ut på våren er det venta eit utkast vil gå til rundpinneavrøysting.

Beste helsing

Myddis, Bjørn-Harald Mydland

Skribent / forfattar / strikkar

3. mai 2026

Read Entire Article