Forbunds­leiar om tvungen lønsnemnd: – Vanskeleg å stemma Ap etter dette

1 month ago 14



– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å koma oss i møte. Heile prosessen frå me byrja lønsforhandlingane, gjennom streiken og til no, har vore prega av at regjeringa ikkje har ønskt noko anna enn å pressa oss på plass, seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat.

I ei pressemelding skriv Unio at dei tek avgjerda til regjeringa til etterretning og at medlemmene deira vil vera tilbake på jobb så snart som mogleg.

Streik blant 10 operatørar i politiet si helikopterteneste og manglande grensekontroll er den direkte årsaka til at streiken no blir avbroten, forklarte Brenna under ein pressekonferanse.

Forbundsleiar kraftig ut mot regjeringa

Streiken blei trappa opp onsdag, og 3500 medlemmar var i streik.

Arbeidskonflikten har vart sidan 24. mai, og har blant anna råka flyplassar, meteorologar, politiet og andre arbeidsplassar med såkalla nøkkelpersonell.

Kjerna i konflikten er usemje om tariffavtalar. I dag har YS og LO Stat like tariffavtalar, og Unio og Akademikerne har eigne avtalar. Staten ønskjer på si side éin felles hovudtariffavtale for alle statstilsette. Dette har LO og YS vore samde i.

Leiar Lill Sverredatter Larsen i Norsk sjukepleiarforbund, som ligg under Unio, kallar grepet med tvungen lønsnemnd «ei utidig innblanding av regjeringa».

– Dette er ei regjering som blir opplevd som kunnskapsfiendtleg og til dels gjer høgare utdanna yrkesgrupper til sine fiendar.

– Me er 400.000 medlemmer i Unio, og 130.000 medlemmer i Sjukepleiarforbundet. Dei tilbakemeldingane me får frå medlemmene, er at det blir vanskeleg å stemma Arbeidarpartiet etter dette. Det er ei samrøre mellom Arbeidarpartiet i regjering og LO, som me ser resultatet av her, seier Larsen til NRK.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har uttalt at Unio-streiken er ein streik for større skilnader mellom folk.

Lill Sverresdatter Larsen

Lill Sverresdatter Larsen meiner dagens avgjerda om tvungen lønsnemnd viser at Unio ikkje har reell streikerett, og ho etterlyser ein debatt rundt det.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Meiner streikeuttaket var forsvarleg

Leiar i Politiets Fellesforbund, Unn Alma Skatvold, er også kritisk til inngripen frå regjeringa.

– Eg konstaterer at dei ikkje har hatt nokon vilje til å finna ei løysing saman med oss, verken i forhandling eller i mekling. Så det må me berre ta til etterretning.

– Brenna viser til at beredskapen blir for svekt av streiken. Meiner du at de kunne ha løyst oppgåvene på ein forsvarleg måte også etter dagens streikeuttak?

– Me meiner det, sjølv om det no var heilt på grensa. Me har hatt fokus på at me skal ha ein forsvarleg streik, som ikkje går utover liv og helse, seier Skatvold.

Politi streik Oslo

Unio-organiserte polititilsette i Oslo samla seg då streiken starta 24. mai.

Foto: Nadir Alam / NRK

Meiner lønsnemnd kan vera ein fordel

Høgskolen i Østfold var blant dei institusjonane som var hardest ramma av streiken.

187 Unio-organiserte, som utgjer nærare ein tredel av alle tilsette, blei tekne ut då streiken blei trappa opp måndag.

Hovudtillitsvald for Unio ved høgskulen, Ragnar Knudsen, er ikkje overraska over at streiken enda slik.

– Det har vore ymta om at dette har vore styrt frå fagforeiningane, i og med at staten ikkje ville forhandla, seier Knudsen, som trur det lønsnemnd vil vera ein fordel.

– Rikslønsnemnda er konservativt. Og eg trur det er større sjanse for at me fortset med tariffavtalen.

Ragnar Knudsen.

Ragnar Knudsen har vore i streik saman med ein tredel av kollegaene sine på Høgskolen i Østfold. Han trur tvungen lønsnemnd kan vera ein fordel.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Publisert 05.06.2024, kl. 09.26 Oppdatert 05.06.2024, kl. 10.56

Read Entire Article