For eit år sidan kom skipet inn i hagen til Johan: – Vi var berre nokre meter frå å bli drepne

11 hours ago 6



– Vi fekk ikkje tid til å tenke så mykje, men i ettertid har det sige inn at vi var berre nokre meter frå å bli drepne.

Det seier Johan Helberg. Natt til 22. mai i fjor trefte konteinarskipet «NCL Salten» land på Byneset i Trondheim, berre meter frå huset der Helberg og sambuaren låg og sov.

– Det var reine tilfeldigheiter som gjorde at skipet trefte på ein optimal stad og blei bremsa av leire. Så ein generell refleksjon er at vi hadde flaks.

– Dette var eit veldig godt og generelt eksempel på kor frykteleg kort det er mellom liv og død, legg han til.

Johan Helberg et år etter konteinerskipet trefte land meter fra huset hans på Byneset i Trondheim

Det har gått eit år sidan Johan Helberg og sambuaren vakna til eit 135 meter langt konteinarskip i hagen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Medan gleda over livet var stor for Helberg, begynte dramatikken å utspele seg på andre sida av skipet, hos nabo Jostein Jørgensen.

– På styrbord side var det positive ting, men på babord side, mot oss, var det ein tragedie. Vi frykta for at vi skulle miste heimen vår. Det var veldig tøft.

For då skipet trefte land utløyste det fleire skred på tomta til Jørgensen.

Skredkanten kraup stadig nærmare huset og familien Jørgensen var evakuerte i åtte månader før dei fekk flytte heim att.

  • Bildet viser ein stor båt, «NCL Salten», som ligg til kai i ein anløpshamn. Utsikten er tatt gjennom et vindauge med opne gardiner, der sollyset skin gjennom og skaper ein gyllen glød. Stein og grus er synleg på bakken utanfor, og det er ein roleg atmosfære. Båten har et tydeleg fargemønster, med ein grøn og raud skrogfarge. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    – Eigentleg er det meir absurd enn skremmande, fortalde Helberg nokre timar etter at skipet nesten trefte huset hans.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Skip gikk på land Byneset

    Skipet trefte land berre meter unna Helberg sitt hus.

    Foto: Jøte Toftaker / NRK
  • Lasteskip hamna på land

    Navigatøren har forklart at han sovna på brua då skipet trefte land. Både han og kapteinen har status som sikta i saka

    Foto: Ukjent
  • Ras og skip på land på Byneset i Trondheim

    Samanstøyten førte til at det gjekk fleire skred på nabotomta.

    Foto: Tariq Alisubh / NRK
  • Lossing av konteinere frå skip på Byneset

    Skipet stod bom fast på land og fleire konteinarar måtte fjernast for å klare å trekke «NCL Salten» av land.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK
  • NCL Salten og ein taubåt på fjorden

    Etter seks dagar blei skipet trekt ut frå fjøra på Byneset i Trondheim.

    Foto: Jøte Toftaker / NRK
  • Joanne Fielder og Johan Helberg står i stuen og kikkar kontainerskipet som er ute i fjorden

    Johan Helberg og sambuaren Joanne Fielder fekk omsider tilbake utsikta over Trondheimsfjorden.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Ras, Byneset, dronefoto

    Samstundes kraum skredkanten stadig nærmare huset til Jostein Jørgensen.

    Foto: Roger Myren / NRK
  • Luftfoto av raset som gikk på Byneset etter at et skip køyrte på land.

    Nabofamilien var evakuerte i åtte månader og det var lenge usikkert kven som skulle betale for sikring av huset.

    Foto: Helge Bull-Engelstad / NRK
  • Ein lekter på sjøen med ein gravemaskin.

    Staten og kommunen tok til slutt halve rekninga kvar for å sikre huset til Jostein Jørgensen.

    Foto: Jørgen Berntsen Leangen / NRK
  • Byneset, Jørgensen, containerskip

    Arbeidet med å sikre skredområdet kom omsider i gang.

    Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

– Vår klare hensikt er å forfølge dette rettsleg

For å sikre skredstaden på tomta til Jørgensen har staten og kommunen førebels delt rekninga.

Staten stilte med 4 millionar til sikringsarbeidet, og kommunen med 10 millionar.

Men Trondheim kommune meiner det er andre som sit med ansvaret og må betale for seg.

– Vår klare hensikt er å forfølge dette rettsleg.

Trond Åm framfor Stiftsgården

Trond Åm, Byråd for byutvikling i Trondheim kommune.

Foto: Henning Levold / NRK

Det seier byråd for byutvikling, Trond Åm, før han held fram:

– Men vi ønsker å ha alle kostnadane på bordet før vi går vidare med rettslege skritt.

Den nøyaktige prislappen for sikringa er enno ikkje klar, fordi det føregår overvakingsarbeid på staden og det vere behov for etterarbeid, forklarar Åm.

– Kven meiner de skal ta rekninga?

No er det sendt ut eit varsel frå kommuneadvokaten til tre aktørar: Reiarlag, operatør og driftsselskap. Men kven som til sjuande og sist skal ta ansvaret må vi kome tilbake til, svarar byråden.

Advokat Herman Steen representerer både skipseigaren og driftsselskapet. Dei ønsker ikkje å kommentere saka.

NRK har ikkje fått svar frå reiarlaget, North Sea Container Line.

Jostein Jørgensen seier han og familien er takksame for at politikarane har jobba på og gjort det mogeleg for dei å flytte heim att.

– Og så håpar vi at kommunen skal få tilbake pengane sine, for dei har brukt mykje pengar på oss, seier Jørgensen.

Byråden seier det er sterkt å høyre Jørgensen takke politikarane.

– Det er jo demokrati på sitt beste når fellesskapet kan stille opp for mannen i gata som blei sett i ein heilt umogeleg situasjon, fordi det er andre som ikkje tar ansvar for handlingane sine, seier Åm.

Jostein Jørgensen og sønnen hjemme på Byneset

Etter åtte månader kunne Jostein Jørgensen og familien endeleg flytte heim igjen.

Foto: Qader Faraji / NRK

Stoppa på gata for selfie

Helberg på Byneset fortel om ei travel tid etter at konteinarskipet gjekk på land i hagen hans.

– Det var masse media, masse intervju og masse merksemd frå folk. Den første tida kunne eg ikkje gå på butikken utan at folk kasta lange blikk, seier han.

– Helga etter var eg i Stavanger og der blei eg stoppa av to damer på gata som ville ta selfie.

– Korleis var det å bli berømt av ein sånn tilfeldigheit?

– Eg rakk å tenke litt på at det er morosamare å bli berømt for å ha utretta noko. Det å bli kjend fordi ein er kjend, det er eigentleg ikkje den heilt store livsoppgåva, svarar han.

Sammenligning av to bilder

Før

Byneset før NCL Salten

Etter

Bilde fra 2025, Jørgensen, Byneset,
2026 Norkart AS/Geovekst og kommunene/OpenStreetMap/NASA, Meti

Sovna aleine på vakt

Då skipet gjekk på land, skal styrmannen på skipet ha sovna aleine på vakt.

Eigentleg skulle ein bruvaktalarm ha varsla om at skipet var på veg mot land, men alarmen var slått av.

Politiet meiner det er kapteinen som har det overordna ansvaret og dei er begge sikta for ikkje å navigere skipet på ein sikker måte.

Her trekkes skipet av land.

Helge Bull-Engelstad

– Saka mot dei er no ferdig etterforska, og blei sendt til statsadvokaten onsdag.

Det seier politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen til NRK.

Dei to er sikta for brot på skipssikkerheitslova paragraf 14.

– Dei er begge sikta for usikker navigering, men for forskjellige forhold, forklarer Sørensen.

Kystverket

Skipet var på veg til Orkanger då det gjekk på land på Byneset.

Foto: Kystverket / NRK

Styrmannen er ein ukrainsk mann i 30-åra og kapteinen er ein nederlandsk mann i 60-åra.

– Han har tidlegare nekta straffskuld etter siktinga og han fastheld det, seier styrmannen sin forsvarar, Torfinn Kjørsvik Svanem.

Kapteinen ser fram til at etterforskinga blir ferdigstilt, skriv forsvarar Torbjørn Sognefest i ei tekstmelding til NRK.

– Slik at dei kan leggje ulukka bak seg. Han har sidan ulukkedagen primært vore opptatt av dei grunnstøytinga fekk konsekvensar for, heller enn si eiga rolle.

et lasteskip som frakter last

Skipet stod her frå 22. til 27. mai i fjor.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Publisert 22.05.2026, kl. 05.33

Read Entire Article