KOMMENTAR: For ein jobb dei har gjort, Frp, med Sylvi Listhaug som leiar.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Frp gjorde sitt beste val i heile sin 53-årige historie i 2025. Dei meir enn dobla seg. Dei gjekk fram i Nord-Norge, i Sør-Trøndelag, i Oslo. Og i Frp-bastionar som Rogaland og Møre og Romsdal. Uansett kor ein måtte stå politisk, til og med om ein er blant dei som blir redd for at svara er for enkle, gjer samfunnet kaldare, gjer det amerikansk og til kvar mann for seg sjølv, så er jobben dei har gjort til å ta av seg hatten for.
Når dei då samlast, på det svære konferansehotellet på Gardermoen, med vaflar utanfor inngangen og svære securityfolk rett innforbi, så skulle det vel berre mangla om ikkje introen til heile møtet er sugande bass, dunkande trommer, oppmikka fiolin, i stadig stigande puls og styrke. Før Sylvi Listhaug entrar scena. Og får ståande applaus alt før ho har sagt noko som helst.
Kniven i hjarta
«Mens Arbeiderpartiet forvalter og forsvarer staten, kjemper Fremskrittspartiet for folket,» seier Listhaug.
Eg trur ærleg talt det gjer ganske vondt der den kniven treff, i Ap-hjarta. For Ap-regjeringa slit med å forklara kvifor det er kvar enkelt av oss som skal ta rekninga på eigen konto når matprisane stig, drivstoffprisane stig, husprisar og husleige stig, og renta held seg høg. Mens staten samtidig blir søkkrik.
Og viss den kniven ikkje treff i hjarta, så trur eg ikkje Ap har fingeren heilt på pulsen i manges liv.
«Ein gong kjempa Ap for arbeidarane,» seier Listhaug., og slår fast: «Det er ikkje lenger arbeidaranes parti, det er statens parti.»
Og slik fortset ho
- Om kriminalitet? «Staten skal ikkje setja kriminelle før ofra, staten skal setja kriminelle bak lås og slå.»
- Om sjukehusgjelda? «Staten skal ikkje vera bank, staten skal sørga for gode sjukehus i Norge.»
- Om klimatiltak? «Dei tiltaka som flyttar utslepp, ikkje kuttar dei, er sløseri.»
- Om eigne slagord? Dei om tryggleik, fridom og handlekraft? «Det er ikkje ein draum, det er ein plan.»
Jo, eg veit det. Det er ein tale. Til sine eigne. Det er Frp på heimebane, på alle vis. Dei er gode på å seia det enkelt og kraftfullt, det har dei alltid vore. Og dei er i opposisjon. Dei treng ikkje levera. Men dei er gode på å ta pulsen på manges kvardagsliv. Og setja ord på den.
Publisert:
Publisert: 1. mai 2026 17:22

3 days ago
12








English (US)