Folk tar til gatene i brødprotest

2 weeks ago 11



Onsdag kulminerte eit nytt «brødopprør» i eit protesttog i Sunnfjord i Vestland.

Meir enn hundre personar tok til gatene for å markere si misnøye med at Coop-samvirket vil auke marginane på brødsal.

– Eg set ikkje mine bein på Coop-ein før dei snur, seier Coop-medlem gjennom 70 år Aud Tefre til avisa Firda.

I august varsla butikkjeda at ho skiftar brødleverandør, og at det lokale bakeriet som har eksistert sidan 1888 skulle få ei mindre rolle.

Det var byrjinga på eit verdipolitisk opprør som sidan har fått gjære og vekse, med kveitebaksten som konkret og symboltungt omdreiingspunkt.

Vidare hentar brødopprøret si næring frå ei forventning om at det felleseigde Coop-samvirket skal tene lokalsamfunnet og ha eit høgare kall enn berre profittmaksimering.

Klassekampen skriv at brødprotestane syner at det har blitt vanskelegare å skilje samvirkelaga frå konsern som styrer etter «vanlege» bedriftsøkonomiske prinsipp:

– Coop er framleis utan kapitalistiske eigarar, men dei demokratiske strukturane i samvirket er så utarma at lokalbefolkninga har lite dei skulle ha sagt, skriv avisa.

Sjå kva Coop svarer lengre ned.

Eit nytt vestlandsopprør reiser seg. Denne gongen handlar det om brødvarer.

– Kan dei ikkje berre ete kake?

Brød har stor symbolkraft og har historisk vore midtpunkt for harde frontar.

I 1789 var det innbyggarane i Paris som tok til gatene i protest mot ein «tonedøv» avgjerdsstakar som ikkje forstod verdien av godt, kortreist brød.

– Kan dei ikkje berre ete kake? skal dronning Marie Antoinette ha kvittert.

I 1413 sa kongen ja til at skomakarane i Oslo fekk sette opp sin eigen brødomn, etter ein lang konflikt med bakarane i byen. Vilkåret var at omnen skulle vere mellombels, og at skomakarane ikkje bakte for vidaresal.

Marie Antoinette

Columbia pictures

Filmen

I filmen til Sofia Coppola er Marie-Antoinette lettsindig og frivol, gomlande på makronkaker døgnet rundt.

A_Versailles,__Versailles_5_octobre_1789_-_Restoration

Public domain

Paris, 1765

Da folket svalt i Paris i 1765, skal 10 år gamle Marie Antoinette ha kvittra: Om folk ikkje har brød, kan dei jo ete kake. Jean-Jacques Rousseau fortalde historia første gong i dagbøkene sine, som blei gitt ut i 1782.

Naustdal dampbakeri

Naustdal dampbakeri

Naustdal dampbakeri

Naustdal dampbakeri blei starta av Ole Berntsen i 1888, og i dag er det oldebarnet hans Martin Berntsen som driv bakeriet.

Trygve Slagsvold Vedum

Javad Parsa / NTB

Trygve Slagsvold Vedum

I 2017 blei brødet påkalla som den store taparen da Ikea fekk bygge eit varehus på Delijorden i Vestby. Ifølge Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum ville bygget ramme produksjonen av 50.000 brød kvart einaste år. Faktisk.no sjekka påstanden og konkluderte med at han var «heilt feil».

Matzah

NRK

Matzah

Frå Bibelen veit vi at gjæra brød var i bruk hos jødane. Men til minne om utgangen av Egypt skulle det etast usyra brød.

Håkon Håkonsson

NRK

Håkon Håkonsson

I sagaen om Håkon Håkonsson fortel forfattaren at «Jarlen gav kongssonen fint kveitebrød, tjukt bakt og så mjukt at ein kunne folde det saman».

Paul III

Public domain

Paul III

I 1540 påla pave Paul III ein upopulær skatt på salt i Italia. Bønder svarte med å bake brødet sitt utan salt, og vips var bruschetta skapt.

– Vi står i ein spagat mellom grunnverdiane

Kampen mellom børs og katedral ligg også under bråket i bøndene sitt samvirke – Nortura.

– Vi står i ein spagat mellom grunnverdiane til samvirket, sa Nortura-direktør Kjell S. Rakkenes til NRK i fjor.

Han viste til presset frå to kantar:

  • Presset frå nye berekraft-strategiar som seier at nordmenn bør ete mindre kjøtt.
  • Presset frå matvaregigantane som skaper eigne verdikjeder heilt uavhengig av Nortura.

Tidlegare generalsekretær i Bonde og Småbrukarlaget, Anders Nordstad, er kritisk til utviklinga av «lukka system» der daglegvarekjedene tar kontroll og eigarskap over heile verdikjeda.

Generelt har utviklinga ført til mindre mangfald. I tillegg går det utover arbeidsplassar, lokal verdiskaping og identitet. Ingen av desse sidene ved utviklinga mot full vertikal integrasjon er til fordel for kundane.

Kva konsekvensar får det at store kjedar satsar meir på eigne merkevarer?

Eigne merkevarer har eigentleg berre eitt formål, og det er å kapre dei meirverdiane som ligg i lokale, regionale eller nasjonale merkevarer.

– Dobbel dose med pocketbøker og truser

Førre veke fekk samvirket enda ein omdømme-knekk da styret i Coop Nordvest vedtok legge ned to filialar.

– Eg er sur og forbanna, sa Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) til avisa Firda.

– Det mangla ikkje på lovord då dei tok over. I staden forsvann ferskvaredisken, og vi fekk dobbel dose med pocketbøker og truser. I mitt hovud høyrer ikkje det heime i ein matvarebutikk.

Attande i Førde held initiativtakar Vidar Sandal appell til dei frammøtte brød-protestantane:

– No er det pinadø nok, seier han.

Dette handlar om forbrukarmakt. Coop må ta signala frå medlemene og folket!

Publisert 31.08.2024, kl. 17.31

Read Entire Article